Verdidebatt

KRF og kyrkjeleg vigsla

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dagrunn Eriksen -og KRF?- lanserer framlegg om å stengja kyrkjene for ekteskapsvigsla. På meg verkar det som eit sentrumsprovinsielt framlegg! Her vil eg ikkje ta opp dei praktisk-teologiske sidene, men dei praktiske.

I vårt vidsveimde land er kyrkja den næraste offentlege tenestestaden for utkantane. Presten kjem og møter folket der dei bur. For å finna vigselsmann/kvinna må folk ofta reisa langt, og høveleg festlokale er sjeldan å finna. Dessutan kostar det både tid og pengar, for brudepar, folovarar og gjester med slike "dobbeltbrudlaup".

Etter mitt syn er kyrkja elles altfor flink til å sjå bort frå kvardagslivet til folk. Men eit kristeleg folkeparti burde vera meir folkeleg, og dermed meir kristeleg!

Beste helsing

Per Einar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt