Hallvard Jørgensen

78

Problemet med norsk skule

Publisert: 14. sep 2010

"Lærerens verden", ei svært viktig bok i norsk lærarundervisning

For tida driv eg og les Gunn Imsens "Lærerens verden". Det er hovudlæreboka på PPU, og så vidt eg veit ei av dei bøkene som i dei siste tiåra har hatt størst påverking på norske lærarar og dermed norsk skule. La meg fyrst seie: Det er i det store og det heile ei verkeleg god bok. Eg har lært mykje av ho. Men i dag las eg kapittelet "Hvilken kunnskap skal skolen formidle?" Og det var ein aldri så liten epistemologisk katastrofe. Samstundes er det eit kapittel som lærer oss mykje viktig om kva som skjer i norsk skule.

Er det mogleg å oppnå objektiv kunnskap?

Imsen drøftar altså kva kunnskap norsk skule bør formidle. Ho drøftar teoretikarar som til dømes meiner at skulen bør ha fylgjande fag: Matematikk, naturvitskap, samfunnsfag, historie, religion, litteratur og kunst, filosofi. Dette framstår som eit fornuftig forslag, og teoretikaren som står bak (Paul Hirst) seier då også at han søkjer ei "utdanning som er bygd på kunnskapens natur i seg sjølv". Men Imsen markerer eit motargument mot dette positive synet på grunnleggjande og "fast" kunnskap. Og det er her argumentasjonen går av skinnene. Les nøye:

"Som argument mot både Hirst og Phenix kan en hevde at kunnskap ikke er noe fast og eviggyldig. Det gjelder også selve kunnskapsformene. Vitenskapens begreper og forskningsmetoder skifter, av og til så omfattende at vi snakker om 'paradigmeskifter'. Vitenskapen så vel som kunnskapen er blitt til av mennesker innenfor sosiale rammer og forskningsinstitusjoner som til enhver tid har makt og mulighet til å definere hva som er gyldig kunnskap. Kunnskap hviler til syvende og sist på en sosial konvensjon, en slags enighet mellom eksperter om hva som er sannhet.

Kunnskap er forankret i vitenskapens sosiale forhold, i forhåpentlig demokratisk baserte overenskomster om sannhet og gyldighet. Kunnskap er det som 'vitenskapssamfunnet', de faglige diskursene og det store meningsfellesskapet til enhver tid oppfatter som gyldig. På denne måten får ikke kunnskapen noen fast forankring, den blir noe flytende som forandrer seg gjennom faglige og kulturelle diskurser. Det er derfor ikke mulig å etablere faste kategorier om kunnskapsformer slik som Hirst og Phenix gjør."

Imsens sanningsyn er ikkje logisk konsistent

Kort sagt presenterer pedagogikkprofessoren Imsen her eit ideologisk syn på kunnskap og rasjonalitet som opphevar både objektiv sanning, objektiv rasjonalitet og objektiv moral. Slik sett framstår ho som ein typisk postmoderne relativist. Men Imsen ser ikkje ut til å rekne med den manglande logiske konsistensen eit slikt medfører på brei front. For det fyrste: Ved at ingen av oss reint moralsk kan leve ut frå eit slikt paradigme (Det er gale å torturere born, til og med dersom fleirtalet skulle påstå at det er ok). For det andre: Ved at moderne vitskap gjev oss nyvinningar, til dømes teknologiske, som faktisk fungerer. Vitskapen er påviseleg i kontakt med, og basert på, den empiriske røyndomen og må difor vere noko meir enn eit vilkårleg "språkspel". For det tredje: Ved at hennar standpunkt til sjuande og siste ikkje består sjølvreferanse-testen; det opphevar seg sjølv. For dersom all kunnskap er relativ og kun basert på sosial konvensjon, er også sjølve påstanden om dette, relativ. Vi treng ikkje høyre på det ho fortel oss. Attende står berre makta til å halde oppe denne påstanden, ironisk nok den faktoren hennar grunnleggjande sosialdemokratiske ideologi er mest oppteken av å problematisere.

Med det kunnskapssynet som Imsen her legg fram, så er det faktisk prinsipielt sett ikkje nokon vits i å drive skule i det heile teke. For kva garanti har vi for at skulen underviser sann kunnskap når sann kunnskap er fullstendig flytande og basert på gjensidig semje? Ein kunne godt vore samd med Imsen i at kunnskap til ein viss grad er gjenstand for stadig revisjon, slik Thomas Kuhn til dømes har lært oss. Men om vi ikkje konkluderer med at nye teoriar som står seg mot falsifisering faktisk fører oss eit stykke nærare sanninga, så kan vi like gjerne pakke saman. Då er all vitskapleg verksemd vilkårleg, og vi står utan verktøy til å vite i kva grad det vi kjem fram til, verkeleg er sann kunnskap. Nei: Vitskapsteoretikaren Poppers velkjente diktum er å foretrekke: "Det kan hende at eg tek feil, og det kan hende at du har rett, og dersom vi legg ned ein innsats, så kan vi kome nærare sanninga."

Marxistisk ideologi: Eit totalitært perspektiv

Den relativistiske sanningsforståinga som Imsen gjer seg til talskvinne for, heng nært og intimt saman med marxistisk ideologi. Marx forstod samfunnet i ljos av den kapitalistiske økonomiske undertrykking av arbeidarklassa. Alt i sivilisasjonen vart underkasta denne typen kritikk, også vitskap, moral og religion. Som filosofen Joseph Cropsey skriv i ei meisterleg framstilling: "Skiftet av filosofi med historie var vilkåret for skiftet av religion og politikk med samfunn og økonomi. Dette er kjernen i marxismen. Marxismen er ikkje berre eit nytt politisk system, eller ein vanleg ideologi. Marxismen foreslår intet mindre enn slutten på Vesten - på det politiske liv, filosofi og religion." Kort sagt: Innanfor marxistisk tenkesettet får ikkje filosofi, moral og religion ein eigenverdi som potensielle berarar av objektiv sanning. Nei; desse disiplinane vert i staden tolka som borgarskapets reiskapar for å undertrykke proletariatet. Difor blir løysinga å utjamne den sosiale skilnaden, då vil den harmoniske samfunnstilstanden oppstå, og religiøse/politiske/moralske problem vil framstå som irrelevante.

Dette tankesettet pregar norsk samfunn og norsk skule i langt større grad enn dei fleste av oss er klar over. Når venstresida i norsk politikk ofte har ivra for å tone ned tradisjonell, autoritetsbasert kunnskapformidling i skulen, så er bakgrunnen å finne nettopp her: Kunnskap vert i mindre grad sett som objektiv, og i større grad sett som ein relativ/subjektiv reiskap for å fremje sosial undertrykking. Difor må vi unngå at læraren står i eit autoritetsforhold til eleven, og i staden arbeide for meir dialogorientert likestilling mellom elevar og lærarar. Denne type kunnskapsforståing har også gjeve vind i segla for typar av pedagogikk som er basert på "aktivitet, erfaring, sosial utjamning, toleranse, leik, dialog" etc., til fordel for tradisjonell kunnskapsformidlande undervisning. Vidare har kunnskapskvalitet og kunnskapsformidling vorte ofra til fordel for ein "enhetsskole" der alle elevar innanfor eit geografisk område skal plasserast i same gruppe/klasse uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, evner, interesser osb.

Poenget her er ikkje å totalt avvise at desse endringane kan ha visse positive konsekvensar for den norske skulen. Problemet er imidlertid at i botnen for alle endringane ligg ein ideologi som i regelen sjølv ikkje blir underkasta kritiske blikk, ein ideologi som ofte står i eit fiendtleg forhold til sanning. Og noko av det denne typen "revolusjonering" av skulen faktisk har ført med seg, har vi fått vite i PISA-undersøkingane, der norske elevars kunnskapar har vorte systematisk kartlagte. Desse undersøkingane kan godt klagast for ikkje å gjennomføre ei heilskapleg kartleggjing av elevars evner. Men dei kunnskapane som har blitt målt, har vist at norske elevar ikkje ligg godt an i europeisk målestokk. "Kunnskapsløftet" er ein reform som freistar å rette opp dette. På mange måtar er det plausibelt å sjå PISA-undersøkingane som ei ideologi-avkleding av same art som den Eia gjennomførte med kjønnsforskarane. 

Marxistisk kunnskapskritikk

Imsen gjer seg, i trass for modererande og balanserande drøftingar, altså til talsmann for eit anti-rasjonelt, anti-vitskapleg, postmoderne syn på kunnskap. Seinare i kapittelet gjev ho relativt mykje rom for marxistisk farga kritikk av skulesystemet (Michael Young, Basil Bernstein m. fl.) Felles for desse er at dei ser inndelinga av skulefag, formidlinga av autoritativ kunnskap etc. som uttrykk for dei priviligertes marginalisering av dei undertrykte. Dei freistar såleis å analysere skulesystemet i eit "makt"-perspektiv; kven utøver makt over kven? Til ein viss grad, og i visse situasjonar, kan dette perspektivet ha noko for seg. Men uheldigvis går deira kritikk hand i hand med ei relativisering av kunnskap, moral og danning. Også Imsen er prega av denne tenkemåten. Høyr til dømes på det fylgjande avsnittet: 

"I de første skolene som ble bygd etter den amerikanske revolusjonen, ble undervisning i kunst først og fremst ansett som viktig for å utvikle den kultiverte smak. Barna ble trenet i spesielle formingsaktiviteter, som å sy bilder på fløyel, arbeide med voks og male bilder på glass. Det å mestre bestemte former former for kunstneriske uttrykk ble ansett som kjennetegn på raffinement og gode manerer. Med dagens øyne ville vi si at formålet med den estetiske oppdragelsen var å oppdra til borgerskapets dannelsesideal". Altså blir dette danningsidealet frårøva objektiv verdi som "kultivert", det er i staden eit relativt danningsideal som kun er gyldig innanfor ei klasse - og som då, skal vi fylgje den kritikken som Imsen seinare legg så stor vekt på, framstår som eit maktmiddel for å oppretthalde sosiale skiljer mellom borgarskap og lågare sosiale klasser.

Kort sagt: Den postmoderne, marxistisk inspirerte, sanningsrelativistiske ideologien klarer veldig godt å rive ned idealet om objektiv kunnskap, moral og danning. Det vi omtalar som godt/vondt, rett/gale, sant/usant vakkert/stygt, danna/udanna har ikkje nokon objektiv realitet. Ironisk nok framstår det likevel i læreplanar som eit ideal i den norske skulen at elevane skal bli sett i stand til å tenke kritisk, vurdere kva som er rett og gale etc. Men korleis skal dei kunne det når all sanning er basert på sosiale konvensjonar og står i teneste for maktutøving? Korleis skal elevane finne eit referansepunkt som dei kan bruke for å vurdere kva som er godt/vondt, vakkert/stygt etc.? Denne problemstillinga er også Imsen så vidt innom, og hennar refleksjonar er på same tid interessante og avslørande.

Kan norsk skule tilby eit fast, kulturelt haldepunkt?

"Mye tyder på at Berger og Luckmanns om identitet og sammenheng i tilværelsen er i ferd med å slå sprekker. Ett botemiddel mot mediesamfunnets skiftende og kommersialiserte kultur er at skolen skal gi elevene en motkultur som setter dem i stand til å skille mellom godt og dårlig, og gi dem et fast, kulturelt holdepunkt i den stadig mer skiftende tilværelsen...Faren er at en dermed gjør det som kunnskapssosiologene advarer mot, nemlig å skape en elitekultur som få er interessert i. En tredje løsning er, som Henry Giroux skisserer, å stimulere elevene til å krysse kulturelle grenser, konstruere ny og annerledes kultur og forme sin egen identitet. Vil et slikt prosjekt være mulig, og vil skolen våge det?

Dette er ein djupt interessant passasje. Imsen held fram moglegheita av å skape eit "fast, kulturelt haldepunkt". I vår norske kultur er det tradisjonelt sett kristendomen og humanistiske verdiar som har representert dette haldepunktet. Men hennar sanningsskeptiske ideologiske grunnsyn hindrar henne i å feste lit til dette prosjektet. Nei, og i tillegg står faren der for at vi utviklar ein "elitekultur": Dermed får vi nok eit vitnesbyrd om korleis den sosialdemokratiske utjamningspolitikken som rår i norsk intelligentsia står i motsetning til ei robust tru på objektiv kunnskap. Kort sagt: Dersom nokon skulle påstå å ha funne eit fast kulturelt haldepunkt (til dømes kristne verdiar), så ville dette innebere at ein også seier at nokon tek feil, og har eit mindreverdig kulturelt standpunkt. Men då er ein elitistisk, undertrykkande, fordømande og maktutøvande. 

Det multikulturelle prosjektet Imsen skisserer opp til slutt er det for øvrig ikkje særleg stor grunn til å setje lit til. Utan nokon form for objektiv moralsk og rasjonell målestokk, er det ikkje nokon særskilt grunn til at det å "shoppe" frå ulike kulturar vil hjelpe norske elevar til å oppnå ein integrert, stabil, moden og sunn identitet. Den marxistiske relativiseringa av kunnskap, vitskap og moral har blitt fremja til den einaste målestokken, og då må denne analysen ikkje berre gjelde vestleg kultur, men også orientalsk kultur.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Magnus Husøy

19 innlegg  4123 kommentarer

Bra

Publisert rundt 10 år siden

Som lærerutdanna må jeg si at du skriver et bra innlegg. Jeg må nok ta en nærmere kikk på boka, men jeg kjenner igjen det du skriver om på generell basis. Norsk skole og utdannelse er sterkt prega av denne mentaliteten, og jeg tror at det er uheldig. Mvh Magnus

Kommentar #2

H@llv@rd S@egr0v

7 innlegg  64 kommentarer

En enkel sjel

Publisert rundt 10 år siden

Hei!

Jeg er også lærer og arbeider i norsk skole. Jeg har lest Imsens bok og synes det er en riktig interessant og godt skrevet bok. 

Min navnebror skriver også et langt og interessant innlegg som likevel må innrømme at jeg har litt problemer med å følge. Jeg tenker pedagogikk på en langt mer praktisk og fagrelatert (jeg har hovedaklig matematikk på vgs) måte. Jeg må innrømme at jeg aldri tenker på ideologi når jeg går inn i et klasserom. Jeg er dessuten en enkel sjel.... :-). 

Kan du presisere litt mer akkurat hva du mener er problemet med norsk skole og gjerne i noen eksempler på dette? Jeg spør om dette fordi jeg er nysgjerrig. Jeg har også tanker om hva som burde bedres i norsk skole, men da i et langt mer fagspesifikt perspektiv. 

Kommentar #3

Hallvard Jørgensen

78 innlegg  1479 kommentarer

Takk for kommentarar

Publisert rundt 10 år siden

Eg kan gjerne skrive nokre fleire ord om det, skal prøve å finne tid til det i morgon. Kom elles gjerne med dine tankar om problemstillinga ut frå dine erfaringar.

Kommentar #4

Tor Øyvind Westbye

19 innlegg  102 kommentarer

lærerens rolle

Publisert rundt 10 år siden

Jeg synes innlegget ditt er veldig bra Hallvard. Du setter fingeren på noe som åpenbart bør være en problemstilling som diskuteres oftere. Jeg tror skolen er helt nødt til å formidle kulturelle holdepunkt, og at skolen også i stor grad gjør det. Det er den individuelle læreren som i sitt møte med elevene viser sine holdninger og sitt kulturelle holdepunkt til elevene bevisst og ubevisst ved både undervisning og ikke minst, hvordan læreren lever livet sitt. Hvis de objektive kulturelle holdepunktene ikke finnes, og den kristne fundamenteringen blir forsøkt fjernet, er elevene prisgitt den enkelte lærers utgangspunkt. Det gir mye makt til den enkelte lærer, og grunnlaget for elevene tilfeldig. 

Kommentar #5

Hallvard Jørgensen

78 innlegg  1479 kommentarer

Til Hallvard

Publisert rundt 10 år siden

Fyrst: Takk for kommentar, Tor Øyvind. Du har heilt rett i at dette burde vore diskutert oftare. 

Hallvard, du etterspør nokre meir konkrete døme på korleis pedagogikk og skuleplanleggjing har samanheng med ideologi og påverkar kvardagen i skulen. Eg har lyst til å gje eit svar ved å vise til eit utsnitt frå boka "Norsk skole i kulturkonservativt perspektiv", skrive av førsteamanuensis i ped., Alfred Telhaug. 

Telhaug om tilstanden i norsk skule

Han refererer til OECD-undersøking av norsk skule, samt PISA-undersøkingane, som eg har nemnt i mitt innlegg. Les om dei til dømes her. Han peikar på at trivselen er god i norsk skule, og elevane har høg sjølvtillit. Dette kan ein seie tener "reformpedagogikken" til ros, som har vektlagt nettopp trivsel, samhald, leik, utforsking og vore lite interessert i tradisjonell fagformidling. Denne typen pedagogikk var særleg sterk i Hernes-reformen i 1997, som for øvrig hadde mykje positivt ved seg. Så til Telhaug:

"De aktuelle [OECD-]resultatene kan summeres opp slik når det gjelder prestasjonene i 4., 8. og 9. klasse:

1. Norske elever plasserer seg stort sett på et gjennomsnittlig nivå sammen med elevene fra de andre nordiske landene, men med et klart unntak for Finland, som befinner seg i den desiderte teten. [Som kjent har den finske skulen i høgare grad enn den norske vektlagt tradisjonell fagformidling, meir "alvor", ei viss inndeling av elevar på grunnlag evner etc.] I naturfag i 4. klasse på TIMMS i 2003 skåret norske elever dårligst i Europa, og det er særlig i realfag at norske elever ikke klarer å hevde seg.

2. Er det liten grunn til å være fornøyd med denne plasseringen, så er det langt alvorligere at norske elever ser ut til å tape terreng over tid.

3. Spredningen i prestasjoner er meget stor i norske klasser og skoler når sammenlikninger gjøres med andre land, til tross for vår sterke egalitetsideologi. Spredningen samsvarer tydelig med den sosialle og kulturelle kapital i hjemmene.

4. I PISA 2000 kommer norske 15-åringer dårligere ut enn alle andre lands 15-åringer med hensyn til gode læringstrategier. 

5. Med unntak av Hellas kommer Norge også dårligst ut når det gjelder ro, orden og god arbeidsinnsats hos ungdomsskoleelevene. 

6. Slik er det til tross for at selvtilliten er stor hos norske ungdomsskoleelever, og til tross for at vi med hensyn til alle nivåer i utdanningssystemet holder oss med utgifter som overstiger gjennomsnittet i OECD med 50 prosent."

Kvifor er det slik?

Altså: Elendig arbeidsmoral, liten respekt for lærarar, liten kunnskap i sentrale fag - og dette i trass av at det blir pøsa mengder med pengar inn i skuleverket. Ein kan ha forståing for journalisten Jon Hustad som gav tittelen "Skolen som forsvann" til boka si i 2002. Kva er årsaka til denne tilstanden? Fyrst Telhaug. Han peikar på det same som eg gjer i mitt innlegg, berre med ein litt annan tematikk. Han seier: Etterkrigstida var prega av ein puritansk skuld- og samvits-moral som vektla ansvar og plikt: "Denne mentaliteten eller kulturen bestod av en puritansk arv som sier at vi er her på jorden for å arbeide." 

Nett so. Denne mentaliteten spring for ein stor del nettopp ut av den kristne kulturarven, som vektlegg at vi står til ansvar for Gud med våre gjerningar og at vi er skapt av Gud for å forvalte jorda og legge henne under oss. Men no, seier Telhaug, kan vi ikkje rekne med denne mentaliteten lenger. Folk som veks opp no veit i langt mindre grad kva dei lever for, og dette pregar også livsretninga deira. 

Det er for øvrig interessant å tenke på: Den niårige "enhetsskolen" vart innført på 70-talet. Då vart "minstekrava" i faga teke bort, og i staden innførte ein "rammekrav". Det betyr kort sagt: Elevane treng ikkje lære like mykje som før. Dynamikken her var: Det er ikkje mogleg å ha for store minstekrav dersom ein skal både skulesvake og skulesterke elevar i same klasse. Kort sagt: Kunnskap vart nedtona til fordel for ein ideologi som sette skulen i teneste som "samfunnslimande" institusjon. Einskap og likskap skulle prege elevane (og eg vil seie:) på bekostning av det verkelege liv: Folk er jo forskjellige. 

Denne ideen om å utjamne forskjellar spring historisk sett ut frå kristne verdiar, sjølv om dei har gjennomgått "transformasjonar". (Jesus var ikkje marxist sjølv om han var oppteken av at Gud vendte seg særskilt til dei fattige og audmjuke.) Slik tilstanden er no, har ein imidlertid prestert å nedtone desse "rot-verdiane" i norsk tenkesett, og attende står ofte ein meir "vulgær" tanke om at "likeverd=lik behandling/anti-diskriminering". Problemet er naturlegvis igjen at menneske er forskjellige, og det skal bli interessant å sjå korleis samfunnet utviklar seg vidare på dette punktet. Det er ikkje lett å halde fast på verdiar når dei manglar ei logisk grunngjeving og "svevar i lause lufta". 

Norske elevar har altså heilt konkret fått læreplanar med mindre kunnskap enn før, sjølv om det har blitt gjort reformforsøk på å endre denne tilstanden, mest tydeleg no i "Kunnskapsløftet" frå 2006. Men meir problematisk er det at elevar ofte blir innpoda med ein ideologi som fortel dei at fortida ikkje kan lære oss stort (framsteget ligg i framtida, må vite. Vi lever jo i 2010, og i fortida var folk uopplyste) og at alle kulturar er like gode - eller like dårlege. Slik kan ein tone ned motivasjonen og kunnskapstørsten. 

Telhaug siterer også Dag Solstad: "Solstad påstår at en epoke er avsluttet. Eliten vil ikke lenger være elite. Eliten, inkludert den norske lærerstanden på alle nivåer, har mistet stilen, forfengeligheten, troen på at de representerer en kulturarv som fortjener alles beundring. Eliten har abdisert og omformet seg selv til reklamedirektører og mediekonsulenter. Det er ikke lenger stuerent å tale om et uopplyst menneske og om det hierarkiske åket som gjorde noen av oss lavmælte og beskjedne."

Solstad tek det på kornet. Kven må bere hovudansvaret for denne endringa? Igjen: Den politiske og ideologiske venstresida sin ideologi, som har relativisert skjelninga mellom sant og usant, godt og vondt, bra og dårleg, vakkert og stygt til fordel for analysar av "undertrykking" og "maktutøving". Og det er nettopp denne ideologien som direkte og indirekte har ein stor del av ansvaret for at norske elevar kan lite og er meir uoppdragne enn før. Og ein kan godt forstå det. Når visse pedagogiske teoriar i skulevesenet fortel elevane at læraren si røyst ikkje er "betre" eller har større verdi enn elevens, og at elevane ikkje treng lærarens kunnskap, men kan greie seg sjølv, så stimulerast verken hunger etter kunnskap eller respekt for læraren.  

(For øvrig meiner eg det er tydeleg at denne ideologien også må bere ein stor del av ansvaret for den sterke auken av kriminalitet og sosiale problem i det norske samfunnet. Venstresida kan nok snakke høgt om sosial rettferd og utjamning, men dersom denne politikken ikkje går hand i hand med ein sterk og "dannande" moral, vil samfunnskonsekvensene likevel ikkje bli positive. Det vert det likevel ikkje tala særleg høgt om (jfr. til dømes rusproblem og samlivsproblem.)

Ein kommentar til slutt: Etter "kunnskapsløftet" har ein gjort forsøk på å endre norsk skule i ein annan retning enn tidlegare. Det er for ein stor del europeisk påverknad og økonomiske incentiv som ligg under. Denne reforma har også sine sterke og svake sider, som ein også kunne teke opp til drøfting. Det at ein venstreorientert ideologi har gjort skade på åndsliv og samfunnsliv (slik eg ser det), medfører ikkje nødvendigvis at høgrepolitikk vil redde tilstanden. 

Kommentar #6

Magnus Husøy

19 innlegg  4123 kommentarer

Takk til

Publisert rundt 10 år siden

Tor Øyvind og Hallvard for gode kommentarer her på slutten. Jeg ligger nok ganske nærme dette, og synes at det er interessant å se Hallvard legge ut om det. Ser forøvrig at det ligger en interessant tråd om skole hos Tor Øyvind også. Mvh Magnus

Kommentar #7

H@llv@rd S@egr0v

7 innlegg  64 kommentarer

Til Hallvard fra Hallvard

Publisert rundt 10 år siden

Dette var interesant lesing. Tusen takk for en god presisering.

Spesielt interessant fordi du er inne på noe jeg er spesielt opptatt av differensiering vs. enhetskole. Nå er jo dette litt skummelt å skrive ettersom det slett ikke trenger å være noen motsetning mellom dette. Man kan godt ha differensiert undervisning i en enhetskole. Men jeg har lurt på om ikke norsk skole i for stor grad er preget av tanken om at alle skal ha like muligheter og i størst mulig grad få den samme undervisningen. Det er klart at denne tankegangen i og for seg er edel, men den møter noen problemer i møte med virkeligheten. 

Det er store forskjeller i elevers faglige anlegg. Slik vil det alltid være. Noen har fotballtalent, andre ikke. Noen har talent for realfag i lang større grad enn andre. Det er heller ikke tvil om at mange sterke elever ikke får oppfølgingen de burde hatt og at deres utvikling stopper opp grunnet at de må vente på medelever. De t settes inn ressurser på svake elever - det er også veldi bra - men glemmes ikke de flinke elevene?

Selv har jeg gode erfaringer med å dele opp i grupper etter ferdighetsnivå i matematikk (fungerer nok i andre fag også, f.eks. engelsk). På denne måten sikrer man mye bedre innfri idealet om tilpasset opplæring ved at elever kan få undervisning på sitt nivå.  Spørsmålet er om skolen er for redd for slik tankegang. Kan det hende at det klinger dårlig sammen med tanken om enhetskolen? Kritiske røster vil kanskje si at da graderer man elever. Men gjør man egentlig det? Bør man ikke i større grad verdsette at elever er forskjellige og har ulike talent? 

Høres dette høyrepolitisk ut? Jeg er i hvert fall veldig i sentrum politisk. 

Min erfaring er jo også at arbeidsmoralen kunne vært bedre, men jeg må presisere at dette ikke gjelder allle. Langt ifra! Heldigvis synes jeg også at de fleste av dagens vgs-elever har lært god folkeskikk :-). 

Interessant å lese om noe av denne tankegangen over i et mye større perspektiv. Jeg har aldri tenkt på det du nevner. Telhaug kan godt mulig ha et poeng. Uansett, mitt bidrag får (i kortversjon) bli: Mer differsiering i norsk skole. 

Kommentar #8

Ole Jørgen Anfindsen

172 innlegg  2072 kommentarer

Takk!

Publisert rundt 10 år siden

Takk for et flott innlegg fullt av gode poenger! Det er ikke minst et relativistisk syn på kunnskap som gjør at det er så vanskelig å få en saklig og god drøftelse av problemstillinger knyttet til det multikulturelle prosjektet. Påstander om at det forholder seg sånn eller slik med en eller annen aktuell problemstilling, blir ofte avfeid med argumenter som i bunn og grunn handler om at 'noen' mener de har grunnlag for å vite hvordan ting 'bør' henge sammen, i stedet for at man anstrenger seg for å finne frem til kunnskap som er så tett på virkeligheten som mulig.

Kommentar #9

Per Steinar Runde

228 innlegg  2476 kommentarer

Svært godt innlegg!

Publisert rundt 10 år siden

Hei Hallvard!

Du fortente verkeleg all ros du fekk for denne artikkelen, inkludert dine oppfølgjande kommentarar. Alfred Oftedal Telhaug er også ein av mine favorittpedagogar. Eg har lese nokre kronikkar av han i "Utdanning" og dessutan dei som Ole Jørgen har publisert på HonestThinking. Trur eg også må kjøpe boka du siterer frå. Eg fekk kona mi, med 25 års erfaring som språklærar i vidaregåande skule, til å lese det du her skriv, og ho vart så begeistra at ho laga lenke til artikkelen din frå heimesida si på Facebook! Så du skjønar at vi er hjarteleg samde med deg.

Kommentar #10

Hallvard Jørgensen

78 innlegg  1479 kommentarer

...

Publisert rundt 10 år siden

Berre hyggeleg!

Kommentar #11

Sigtrygg Skanke

0 innlegg  25 kommentarer

Simplistisk

Publisert rundt 10 år siden

Her var det dessverre mange unøyaktigheter i form av forenklinger og udokumenterte påstander.

"Kort sagt presenterer pedagogikkprofessoren Imsen her eit ideologisk syn på kunnskap og rasjonalitet som opphevar både objektiv sanning, objektiv rasjonalitet og objektiv moral. Slik sett framstår ho som ein typisk postmoderne relativist. Men Imsen ser ikkje ut til å rekne med den manglande logiske konsistensen eit slikt medfører på brei front. For det fyrste: Ved at ingen av oss reint moralsk kan leve ut frå eit slikt paradigme (Det er gale å torturere born, til og med dersom fleirtalet skulle påstå at det er ok). For det andre: Ved at moderne vitskap gjev oss nyvinningar, til dømes teknologiske, som faktisk fungerer. Vitskapen er påviseleg i kontakt med, og basert på, den empiriske røyndomen og må difor vere noko meir enn eit vilkårleg "språkspel". For det tredje: Ved at hennar standpunkt til sjuande og siste ikkje består sjølvreferanse-testen; det opphevar seg sjølv. For dersom all kunnskap er relativ og kun basert på sosial konvensjon, er også sjølve påstanden om dette, relativ."

Jeg vet veldig lite om hvor Imsen står vitenskapsteoretisk, men jeg vil tro at hun i sin bok reflekterer den rådende diskurs innenfor humaniora og samfunnsvitenskapene. Det ville vel vært noe underlig dersom pedagogikken skulle løsrive seg totalt fra de vitenskaper den tradisjonelt har vært en del av eller basert på.  Når ble det opplest og vedtatt at logisk konsistens er et absolutt "sannhetskriterium" (inkl. din referanse til "selvreferanse-testen")? Vitenskapene (inkl. realvitenskapene) er fulle av paradokser og inkonsistens. Imsens (påståtte) epistemologiske relativisme står ikke noe motsetningsforhold til din (pragmatiske?) tro på at teknologi fungerer, men jeg vil tro at hun kan reagere på din påstand om at det som fungerer dermed er "sant". 

 

 

"Innanfor marxistisk tenkesettet får ikkje filosofi, moral og religion ein eigenverdi som potensielle berarar av objektiv sanning."

Det kommer an på hva du mener med "marxistisk tenkesett". Marxisme og postmodernisme er omfattende, alt-annet-enn-entydige fenomener, og de mest ihuga "anti-postmodernistene" er ofte overbeviste marxister.

 

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere