Verdidebatt

VL, HEF, djevelen og Belsebub

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

VL har i dag ein god leiarartikkel om Hans Nielsen Hauge og Human-Etisk Forbund. Den viser at argumenta til pressesjef Jens Brun Pedersen ikkje held mål. Likevel har HEF langt på veg lukkast i kampen for redusert kristen innverknad på norsk kultur og samfunnsliv. Dei fleste opinionsdannarane i landet er i dag enten medlemmer eller sympatisørar.

Medan HEF ønskjer eit religionsfritt offentleg rom, må ein tru at VL vil ha eit samfunn prega av kristen kultur. Det paradoksale er at både HEF og VL vil alliere seg med muslimar for å nå sine respektive mål. Er ikkje det eit forsøk på å drive ut djevelen, forstått enten som ateisme eller kristendom, ved hjelp av Belsebub; her symbol på islam, ein konkurrerande religion eller avgudsdyrking for kristne VL og ei endå verre overtru enn kristendommen for HEF?

Siste generasjonen har "human-etikarane" iallfall brukt omsynet til muslimar for alt det er verdt i argumentasjonen for eit religionsfritt offentleg rom og livssynsnøytrale arenaer. Samtidig burde det vere klart for alle opplyste personar at knapt nokon ideologi står så fjernt frå islamsk tankegang som den HEF representerer. I eit Noreg dominert av muslimar vil neppe HEF bli tolerert.

Også Vårt Land har hatt ei eintydig positiv haldning til innvandring, jamvel frå muslimske land, trass i at dei der enten forfølgjer eller trakasserer kristne borgarar. Journalistar og redaktørar i avisa synest å tru på den multikulturelle ideologien, der det som i bibelsk forstand heiter babelsk forvirring i staden blir omtalt som positivt og rikt mangfald. Sjølv om all menneskeleg erfaring til no tilseier at menneska helst omgåast og likar dei som dei liknar, og at forskjellar i kultur, språk og religion er kjelder til konflikt, blir mantraet om mangfald som styrke og rikdom stadig gjentatt.

Siste dagar har eg hatt eit håp om at avisa var på veg til realitetsorientering då vår tids folkevandring vart tatt opp som tema. For denne er faktisk langt større enn utvandringa til Amerika, og vil, i motsetning til den, forandre landet vårt totalt og for alltid. Så "om fedrane såg att på jorda", vil dei neppe kjenne att sitt folk og sitt land. Denne utviklinga har gått sin gong i over ein generasjon utan at folk fritt har fått seie si meining eller fått ta stilling til den ved ei folkerøysting. Signaturen Fjordmann skriv slik i "Sviket", eit appendiks til boka "Selvmordsparadigmet" av Ole Jørgen Anfindsen:

"At vestlige eliter fortsatt støtter masseinnvandring på tross av skadevirkningene kan forklares med tre ulke forklaringsmodeller eller en kombinasjon av disse:
a) vestlige eliter mangler fullstendig kontakt med virkelighetens verden
b) vestlige eliter vet at det som skjer vil lede til katastrofe, men gir stort sett blaffen dersom de kan beholde sine privilegier så lenge som mulig
c) vestlige eliter ønsker at masseinnvandring og multikulturalisme skal bryte ned samtlige land med hvit flertallsbefolkning, for å skape en ny, global verdensorden
Alle tre forklaringene kan være riktige samtidig, noe jeg personlig tror de er."

Men når folk ikkje på annan måte får seie i frå, gjer dei det med føtene; dei flyttar eller flyktar. I Oslo frå Groruddalen, i Malmø frå Rosengård og elles i Vest-Europa frå stadig nye område av landet sitt, der det blir for ubehageleg eller for farleg for dei å bu eller opphalde seg. Så når Vårt Land byrja å skrive om at folk rømer frå Rommen, vona eg avisa var på veg ut av draumeland. Men i dag er dei tilbake i tralten med overskrifta "Vestkanten ble for blendahvitt" på forsida og "Feigt å rømme fra Groruddalen" inne i avisa. Byråd for Høgre, Stian Berger Røsland, får dessutan framføre mantraet om "mangfald". Men folk er ikkje lenger så einfaldige at dei tek det for god fisk.

I Tyskland har det av historiske årsaker vore endå meir vanskeleg å opponere mot multikulturalismen enn i Noreg, sjølv om den respekterte eks-kanslaren Helmut Schmidt i mange år har åtvara mot den store innvandringa. No har han fått selskap av ein partifelle, tidlegare finansminister Thilo Sarrazin, som her skrive boka "Tyskland avskaffar seg sjølv. Korleis vi set landet vårt på spel" ("Deutschland schafft sich ab: Wie wir unser Land aufs Spiel setzen"). Den kjende Enzensberger-biografen Jörg Lau kallar han "den modige tabu-brytaren" i ein artikkel i "Die Zeit", i følgje Nina Hjerpset-Østlie på document.no.

Spørsmålet er når Vårt Land og andre norske media også forstår at nok er nok. Til no har dei vore så livredde for å bli frosne ut av det gode selskap at dei heller har valt å lyge. Einaste alternative forklaring er at Fjordmann faktisk har rett; at dei er uvitande, likeglade og/eller vil øydeleggje landa våre; "dekonstruere majoriteten", som forskingsleiar Thomas Hylland Eriksen i Culcom så akademisk og kjølig kallar det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt