Vil vere heile seg

Der Mona Høvset kjenner seg heime, er det ikkje lenger plass til henne.

Min tro

Pastor Åge Åleskjær spring rundt på scena på Haugenstua i Oslo. Det er fullt på galleriet og kvar stol på golvet er oppteken.
14 år gamle Mona Høvset sit saman med mor og mormor eit stykke bak i lokalet. Ho høyrer pastoren seie ting som: Viss Jesus skulle kome tilbake i dag, er du då sikker at du blir med? Er ikkje han snart ferdig, tenker ho. Ho forstår lite av det.

Lovsongen byrjar og tenåringen syng med så godt ho kan. Så kjem det frå talarstolen: «Om du vil gjere Jesus til din Herre, så kom fram.»
Mona reiser seg og går sakte framover, saman med mormor. Ei lang rekke menneske formar seg framfor scena. Ho ser bort til høgre og der står broren også. Ho ser opprømt på mormora.

Pastoren legg hendene på hovudet hennar og ber. Det kjennest som det går elektrisitet gjennom kroppen.

Årsak til krise

Mona Høvset sit i ei julepynta stove. Ho har nettopp fortalt om bestemora og bestefaren, som trefte kvarandre på Lauritsen & Sørensens Tricotagefabrik på Tøyen. Ho kan sjå fabrikkpipa frå stovevindauget. Å bu på Tøyen er litt som å kome heim, sjølv om Høvset ikkje vaks opp her sjølv.
Til dagleg jobbar ho som kommunikasjonssjef i Kristeleg Folkeparti (KrF). Det tek ofte mesteparten av døgnets 24 timar, iallfall i hausten som var.
– Det har vore mykje kjensler for mange i denne prosessen i KrF, meg sjølv inkludert. Men i min jobb måtte eg legge alle personlege meiningar til side og jobbe for å halde gjengen samla, fortel ho.
I tillegg hamna privatlivet hennar på førstesidene då det vart kjent at ho gifta seg med kona Louise i august. KrFs Geir Jørgen Bekkevold vigde Høvset og kona, og det reagerte fleire på. Mange melde seg ut av partiet, men mange melde seg også inn medan saka rulla og gjekk i media over fire veker.
– Det var heilt sprøtt å bli jakta på av fotografar under Arendalsveka, fortel Høvset, som gjekk på jobb kvar dag gjennom heile perioden.
– Eg er vant til krisehandtering. Men dette var ei kjensle av å vere årsak til krise og til at kollegaene mine fekk ekstra mykje å gjere. Det var tungt.
– Du skal jobbe for heile KrF. Korleis er det å skulle ha den rolla når medlemmar er kritiske til ditt privatliv?
– Stort sett tykkjer eg at det har gått veldig greitt. Folk kan ha med seg ulike teologiske syn, men eg føler ikkje at det påverkar min kvardag. Eg opplever at dei har respekt for meg. Eg er framleis det same mennesket som eg har vore heile vegen.

---

Mona Høvset

  • 45 år
  • Gift
  • Vakse opp i Oslo og på Ås. Har no budd i Oslo i mange år.
  • Har studert russisk og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
  • Er kommunikasjonssjef i KrF. Har tidlegare arbeidd i forlag, organisasjonen Menneskeverd og mellom anna vore nestleiar i Oslo KrF.

---

Det har aldri vore eit problem for meg å stå for det eg meiner

—   Mona Høvset

Veslevaksen

Høvset budde på Lambertseter dei første barneåra, saman med mor, far og bror. Då ho skulle byrja på skulen, flytta familien til Ås. Ho vaks opp med å synge Kjære Gud, jeg har det godt før ho skulle sove. Mora vaks opp i ein kristen heim og hadde si barnetru, og faren kom frå ein arbeidarpartiheim.
– Mykje av tanken om rettferd og det å bry seg om andre, det fekk eg både frå mamma og pappa, seier ho.
Ho skildrar seg sjølv som kronisk veslevaksen, ei som alltid har hatt sterke meiningar om mykje.
– Eg har diskutert politikk med pappa sidan eg var så stor, seier ho og held handa ein god meter over bakken.
Religiøs tru hadde ho lite forhold til.

Frelst

Men noko skjedde i 1988. Det byrja med mora hennar.
– Ho arbeidde på ein sjukeheim der det var mange kristne. Dette var Ny visjon-tida i Drøbak, så det var ein ganske utagerande gjeng som ba for sjuke. Mamma lo godt og tykte dei var ekstreme, fortel ho.
Mora hadde mykje ryggplager. Ei helg i januar 1988 låg ho på sofaen med prolaps. Då faren skulle ut og handle, insisterte ho på å bli med. På butikken møtte ho Bodil, ei gammal venninne, som fortalde at ho hadde blitt kristen og ba for sjuke. Mora smilte for seg sjølv, men då ho fekk tenkt seg om ringde ho til Bodil og sa: Eg kjem til deg på måndag og så skal eg bli frisk.
– Den måndagen var ho så stiv at ho knapt greidde å bøye seg. Ho sette seg på ein stol og Bodil ba for henne. Og mamma kjenner momentant ein varme nedover ryggen og blir frisk sånn!
Høvset knipsar med fingrane. Den dagen vart mora frelst og sidan byrja ho å gå på møter ved Oslo Kristne Senter. Etter kvart vart dottera med.
– Eg tykte det var så keisamt, fortel ho og legg trykk på dei siste orda.
Slitsame predikantar. Dårleg humor. Ingenting av det appellerte til 14-åringen. Slik var det også under julegudstenestene i kyrkja, som ho av og til måtte vere med på sidan ho song i kor. Det var ei pine å måtte sitte der å høyre på preikene. Men samtidig kjende ho på ei indre lengt.
– Kvar kom den frå?
– Eg tenker at vi er skapt til fellesskap med Gud. Den kvelden i 1988 då eg sa ja, opplevde eg nesten eit fysisk nærvær av Gud. For meg handla det ikkje om å bli ein del av miljøet, men om det individuelle forholdet til Gud.
Livet fekk ei klar retning. Ho heldt fram med å spele fotball, men bønegrupper og andre samlingar tok etter kvart mykje tid. I tillegg vart det ein identitetsmarkør for henne, sidan andre forbatt henne med det kristne miljøet. Ho fortalde meir enn gjerne om det ho hadde opplevd.
– Det har aldri vore eit problem for meg å stå for det eg meiner. Eg tok diskusjonane på skulen. Så kan ein reflektere over det i etterkant, om det var litt vel valdsamt, seier ho og smiler.
Ho hugsar ei Laget-samling på Landbrukshøgskulen på Ås. Ho fortalde ivrig om korleis ho vart frelst, men fekk til svar at ho ikkje kunne vere skikkeleg kristen. Det var ikkje slik det fungerte, sa dei.
– Eg vart veldig opprørt. Dette, det mest dyrebare eg hadde, var liksom ikkje bra nok? Det forundrar meg framleis at folk kan tale på vegne av Gud med så stor autoritet, og bestemme kven som er innanfor og utanfor. Eg skjønar ikkje at dei vågar.

Lite skråsikker

Som 14-åring fekk ho sin første bibel. Ho streka flittig under fleire bibelvers og veit framleis kvar på sida dei forskjellege orda står. Litt nerdefaktor, som ho seier sjølv.
Etter vidaregåande, gjekk ho på bibelskule i Uppsala. Der vart dei fortalt at dei kunne finne svar på alt i Bibelen. Det trur ho ikkje lenger.
– Eg har ikkje svar på alt. Til det er Gud for stor og eg for lita. Det er altfor mykje eg ikkje kan forklare.
Ho er takksam for at det finst teologar.
– Det er mykje fint med lekpredikantar og inspirasjon, men det er så viktig at du har nokon med meir kunnskap. Generelt har trua mi blitt enklare. Den har færre tydelege svar på kvifor det og det skjer. Livet gjer vel noko med oss. Det er ikkje så veldig mange ting eg er skråsikker på lenger.

Hemmeleg forhold

Om ein googlar Mona Høvset, er det ein Nettavisen-artikkel frå 2016 som dukkar opp øvst. Tittelen lyder: KrFs kommunikasjonssjef er homofil samboer. Saka var eit resultat av ein endra Facebook-status, der Høvset offentleggjorde at ho var saman med Louise, som ho no er gift med.
I fleire år levde ho i eit skjult forhold med ei anna kvinne.
– Først etter det vart slutt, kjende eg kor vondt det hadde vore. Eg er veldig dårleg til å lyge, så eg måtte halde folk på avstand for å unngå å hamne i ein situasjon der eg måtte bøye på sanninga. I tillegg var det ein prosess for min eigen del. Eg frykta at det skulle bli kjent. Kva ville kollegaene eller familien min seie?
I det miljøet ho levde i, var det aldri høve for å leve i eit likekjønna forhold.
– Dei kjenslene eg har hatt, har eg bortforklart med andre ting. For det kunne ikkje skje, det måtte vere feil.
– Var det noko du kjende på lenge?
– Heile livet, trur eg.
Etter brotet med sin tidlegare kjærast, bestemte ho seg for å ta grep. Ho tok ein telefonrunde til vener og familie.
– Det var skremmande, men samtidig veldig godt å kunne vere ærleg.

Sorg og smerte

I dag er det mange år sidan Høvset har vore del av eit religiøst miljø. Litt fordi ho ikkje har funne seg til rette. Mest fordi det er vanskeleg for henne å ikkje kunne vere heile seg.
På eit tidspunkt gjekk ho i ei pinseforsamling i Oslo. Då ho vurderte å melde seg inn, hadde ho ein samtale med ein pastor der. Ho dreg fram tre ting.
– Det eine var synet på dåpen. Eg var vaksendøypt, så det hadde ikkje noko å seie for meg, men eg tykkjer ikkje ein bør krevje det for å bli del av ein kyrkjelyd. Det skal ikkje vere strengare å bli del av kyrkjelyden enn av Guds rike.
Det andre punktet handla om kvinnelege leiarar, det tredje om synet på skilsmisse og gjengifte. Høvset var tidlegare gift med ein mann.
– Eg kunne syns at mykje av forkynninga der var bra, men eg fekk beskjed om at det ville vere avgrensingar på kva eg som skild kunne gjere som medlem. Det er krevjande.
Etter at ho gifta seg med kona Louise, lurer ho på i kva religiøst miljø det eigentleg er plass til henne.
– I Den norske kyrkja er det rom, men det er i utgangspunktet ei form som ikkje passar meg. Der eg kunne tenkt meg å vere, er det i utgangspunktet ikkje plass. Fordi dette med legning er eit så vanskeleg tema. Mange vil helst ikkje snakke om det. Dei håper berre på at det går over. Men for meg er det ei sorg og ei smerte å måtte gøyme vekk ein del av meg sjølv.

Gått lang veg

Trua hennar har vore trygg heile tida. Ho skildrar samtalen med Gud som ein kontinuerleg dialog. Reaksjonar frå andre truande derimot, kan vere vanskelegare å ta inn.
– Somme ber meg nærast om å rettferdiggjere mine val og ber meg kome med ei bibelsk grunngjeving for at eg elskar Louise. Mange let vere å seie noko, men det er også merkbart.
– Kan du forstå dei som reagerer?
– Eh... Nei.
Ho tenker nokre sekund.
– Eg kan skjøne det om du blandar teologiske syn inn i politikken. Men politikk handlar om dei statlege rammene. Kyrkjehistoria er lang. Det er mange ting ein har meint, som vi ikkje meiner lenger. Sånn er det på mange felt.
Ho trur mange går rundt med førestellingar og absolutte meiningar om forskjellege tema, heilt til det gjeld nokon dei er glad i.
– Eg har gått ein lang veg sjølv. Då tenker eg at eg må bere over med andre. Eg kan ikkje forvente at andre skal tenke som meg.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
    Eg klarar meg ikkje utan: Å få bety noko for andre
    På min gravstein skal det stå: «Takk», eller «Elsk Gud og elsk mennesker».
    Boka alle må lese: En vakker dag av Ira Levin.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro