Verdidebatt

Nasjonalstaten – ein garanti for allmenn velferd

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter å ha lese Bjarte Botnen sitt innlegg "Slaraffenland", om den vesteuropeiske velferdsstaten under press, vel eg å leggje ut ei bokmelding eg skreiv i fjor, som kjem litt inn på det same. Synsvinkelen er likevel ein annan, og også difor passar det ikkje heilt som ein kommentar til Botnen sitt innlegg. Sjølv om temaet truleg har vore diskutert på Vd før, blir det stadig meir aktuelt.

Solidaritet avhengig av nasjonal kultur
Vi har nettopp feira nasjonaldagen vår, men få røyster i dagens debatt held fram verdien av ein nasjonalstat. Eit unntak er professor (emeritus) i sosiologi, Sigurd Skirbekk. I boka "Nasjonalstaten: Velferdsstatens grunnlag" (Kolofon forlag 2008) tek han utgangspunkt i  pensjonsreforma, der spørsmålet om framtidig finansiering stod sentralt. Dette har ikkje blitt mindre aktuelt etter at finanskriser har vist at Statens Pensjonsfond ikkje er "sikkert som banken" eller kanskje vi skal seie "like usikkert". Også lønnsoppgjeret i offentleg sektor i fjor handla i stor grad om pensjon.

Skirbekk stiller likevel eit meir grunnleggjande spørsmål: Vil viljen til solidaritet og økonomisk utjamning i samfunnet vare ved viss vi oppmuntrar ein kultur og ei utvikling som splittar i staden for å samle? Han viser til at solidaritet på eit statleg nivå i Norden har sine føresetnader i luthersk sinnelagsetikk, sosialpolitisk likskapsideologi, folkeleg nasjonalkjensle og gjensidig tillit i samfunnet; føresetnader som kan svikte under presset frå dagens dominerande ideologiar. M.a. kan ønsket om mangfald gå utover samhaldet, fordi eit fellesskap bygd berre på formell likskap, individuell fridom og smalspora semje om lover ikkje kan erstatte eit nasjonalt fellesskap. Skirbekk meiner det siste gjev sterkare solidaritet over generasjonane og overfor ukjende medborgarar og dessutan større offervilje i møte med trongare tider og utfordringar.

Antinasjonale påstandar
Kvifor har så nasjonalismen fått eit slikt dårleg rykte? Mykje av forklaringa finn Skirbekk i feilaktige oppfatningar og tolkingar av historia. Han tek difor eit oppgjer med ti vanlege antinasjonale påstandar, m.a. at nasjonalisme fører til krig, høyrer fortida til, hindrar personleg frigjering, fungerer ekskluderande, kjem i konflikt med universelle menneskerettar, hindrar nødvendig globalisering og kan erstattast av politiske prinsipp. Han spør i utgangspunktet om desse synspunkta har fått gjennomslag i kraft av eiga tyngde eller fordi dei passar inn i ideologiar som nokon ønskjer å fremje. Skirbekk set her søkjelyset på forskingsmiljø, pressgrupper og visse media, som ukritisk hyller valfridom for den einskilde, medan behovet for orden og meiningsberande kultur i samfunnet blir halde skjult.
Når det gjeld samanhengen mellom nasjonalisme og krig, viser mange til den tyske nasjonalsosialismen, medan det historisk sett er statar grunna på nasjonalitetsprinsippet, dvs med grenser som følgjer språklege, etniske og religiøse skilje, som har vore dei mest stabile og fredelege.

Argumentasjon og alternativ
Skirbekk skriv det har vore lite forskningsbasert forsvar for familie og fedreland, men demonstrerer i boka si at kjelder til eit slikt forsvar finst i rikt mon. Debattforma hans er lågmælt, men med grundig dokumentasjon og logiske slutningar gjer han effektivt opp både med dei antinasjonale påstandane og med den antinasjonale tendensen i tolkingane av følgjande kulturfenomen frå siste femti åra: Antinazisme og menneskerettar, antitradisjonalisme og positivisme, ungdomsopprør og antiautoritær kultur, feminisme og antifamilisme, innvandring og rasisme og til slutt antiislamisme og antireligion. Det er også spennande å følgje han på leiting etter alternativ til nasjonalstaten: Det representative styresett, det universelle godheitsregime, det overnasjonale byråkrati, trusbaserte parallellsamfunn og det forskarbaserte elitestyre. Blant desse finn Skirbekk ingen som kan erstatte nasjonal identitet og lojalitet, bygt på felles språk, tru, slektsband og identifikasjon med land og historiske røter.

Fagbok og politisk kommentar
"Nasjonalstaten" er både ei fagbok og ein politisk kommentar. Boka høver for alle samfunnsinteresserte, både for dei som meiner nasjonalstaten er utgått på dato, og for dei som treng gode argument til å forsvare den. Boka byrjar med eit lite spark til dei som hevdar nasjonalisme er reaksjonært: "Å være for velferdsstaten, men mot nasjonalstaten, det er ikke progressivt. Det er selvmotsigende."
Les ho sjølv og sjå om du er samd!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt