Verdidebatt

Er Gud vondskap?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Dersom ein legg GT sitt bilete av Jahve til grunn for ei slik vurdering, må vel svaret vere ja. Jahves val av presteskap beståande av 1000 søne- og brodermordarar, overfallet på Midianittane og Jeriko, samt at Josva stoppa sola og månen for å kjøpe tid til å gjere ende på motstandarane (Israelittane med våpen og Jahve med stein frå himmelen), er nok til å trekkje den slutninga. Som 12 åring las eg desse røvarhistoriene med stor innleving. Eg oppfatta verkeleg israelittane si fælslege framferd som Gud sin vilje og dermed kunne eg fryde meg over blodet som flaut. Og brotsverka ved Jeriko vart av mine lærarar framstilt som guds vilje. Når eg tenkjer attende på denne indoktrineringa, så er eg ikkje undren over at kristen ideologi av typen GT og våpenmakt har ført til vanvittige og omsynslause massakrar og brotsverk i Jesu namn. Til og med Holocaust må sjåast på som resultat av slik kombinasjon.
I desse dagar feirar ein at denne guden hengde sin eigen son til spott og spe på eit kors overlaten til å døy av surstoffmangel. Jahve er framstilt som eit allmektig, allvetande og med alle rådgjerder i universet til si rådigheit. Såg han ikkje anna utveg? Er der anna forklaring for ei slik handling enn at Jahve er vondskap? Kva anna forklaring er det på at han hadde glede av å sjå sin son som soneoffer, bokstavleg talt avrette bakar for smed?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt