Verdidebatt

Religion trengst i skulen

Torkel Brekkes kritikk av religionsundervisninga i skulen er nyttig, men er ikkje med det nokon fasit i ei omstridd sak

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I eit Civita-notat tek professor Torkel Brekke oppgjer med religionsundervisninga i skulen og med avtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre om KRLE.

Han har rett i at det er innebygde konfliktar i eit fag som dette - at det både skal vere identitetsbyggjande og ivareta minoritetar. Slike prinsipielle gjennomgangar er viktige.

KRL-faget som blei innført i 1997, skulle vere eit verktøy for først å skapa identitet - og så hjelpe elevar til dialog. Mykje er endra sidan den gongen, det er blitt meir vekt på dialogen, og kristendomsandelen i faget er under press i eit fag som dessutan er blitt marginalisert i lærarutdanninga.

Så kom motreaksjonen i den politiske avtalen mellom regjeringspartia og sentrumspartia, etter sterkt ønskje frå KrF. Det pågår no ein sterk debatt om dette er lurt - om vi vil få eit fag som vil leggje så mykje vekt på identitet igjen at dialogen blir borte - fordi fleire vil krevje fullt fritak. Den debatten er det viktig å ta.

Brekke vil overlate identitetsbygginga til kyrkje, organisasjonar og foreldre. Det er viktig at dei tek ansvar. Men ei liberalistisk forståing av religion støyter mot at religion ikkje berre er ei privatsak. Dette er ei samfunnsak. Identitetsbygging skjer ikkje berre på individnivå, men også i samfunnet. Høgres Henrik Asheim argumenterer godt for dette i dagens Vårt Land, han argumenterer også med at samfunnet er meir enn staten.

Kva som er viktigast av matte, rettslære og religion kan vere ein interessant debatt. Brekkes konklusjon er at religion helst bør ut av skulen. Det er vi heilt usamde med han i.

Han hevdar så at «Hvis man skal beholde et religionsfag i skolen, ville det være bedre om læreplanen for religionsfaget, uansett hva det skal hete i framtiden, formuleres med langt mindre fokus på å lære om enkeltreligioner og i stedet rettet fokus mot filosofiske og religiøse spørsmål på tvers av religionene.»

Då har han fjerna alt som heiter identitet frå religionsundervisninga. Det byggjer på eit altfor snevert syn på kva rolle religion har for kultur, identitet, etikk. Difor hed vi fast på at dette bør vere eit eige fag, og så må det kloke vurdeirngar til når KRLE skal utformast slik at vi kan ta vare på ei felles plattform i ein skulekvardag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt