Verdidebatt

JERUSALEM

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
I det siste har stridens store kjerne kome i fokus.
Det er JERUSALEM.
”Israel betrakter Jerusalem som sin evige og udelelige hovedstad, mens palestinerne vil ha den østlige palestinske delen av byen som hovedstad i sin framtidige stat.”
” Selv om innenriksminister Yishay beklager timingen, gjør han det klart at planene ikke blir trukket tilbake og Øst-Jerusalem ikke er inkludert i den midlertidige byggestansen på Vestbredden som Netanyahu innførte etter press fra Obama.”
Det skulle ikkje vera vanskeleg å lesa bibelens tekstar om Jerusalem og endetida . Dei er heilt tydelege.
Sakarja 14  har ingen vanskelege setningar eller ord som må tydast.
”Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

  2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.


   

Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør.  5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal”.

  3 
Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.
4
Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem.
Her er det snakk om Herrens dag då Jesus kjem med himmelens skyer.
Kva skjer forut for denne hendinga?
Jau , hedningane eller folkeslaga samlar seg mot byen og folket for å knebla dei.
Teksten seier at dei vil lykkast. Jødane skal verta plyndra,valdtekne og ført i fagenskap.
Så når dette har skjedd og alt er som mørkast vil Gud gripa inn.
Då kjem Herren sjølv tilbake dit Han reiste frå- Oljeberget.
Teksten seier at Oljeberget skal delast i to .
Teksten knytter Oljeberget til Jerusalem.
Mange kristne er diverre så forvirra at dei ikkje lenger greier å forstå desse enkle tekstane. Når dei les ”Jerusalem” så tenkjer dei kanskje på kyrkja eller menigheten.
Når dei les om jødar så trur dei at det er dei sjølve, osv.
Kvifor har det vorte slik?
Fyrst og fremst så har Paulus skulda. Tekstane hans er ypperlege for å slå tvil om GT sine tekstar.

" For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud." Romarane 2

Ved denne finurlege måten å skriva på vert kristne usikre.
Teksten i Matteus 24 er og veldig enkel og rett fram, men pga desse nye tolkningane til Paulus vert mange i tvil.

 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.

19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare….


   ….Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.
30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.

Kva seier teksten?
Det er snakk om JERUSALEM og kva som skjer der på slutten.
Jødane vert skildra på same måten som i Sakarja 14. Ei grusom trengselstid kjem over dei.
Dersom ikkje Gud hadde gripe inn så hadde ikkje nokon overlevd.
Denne trengselstida skriv Daniel om.

"Det skal koma ei trengselstid
        som det ikkje har vore maken til
        heilt sidan folkeslag vart til.
        Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
        alle som er oppskrivne i boka.

   

  2 Og mange av dei som søv i molda,
        skal vakna opp,
        somme til evig liv,
        andre til skam og evig avsky.

     3 Då skal dei vituge skina
        som himmelkvelven skin;
        og dei som har ført dei mange til rettferd,
        skal skina som stjernene, evig og alltid." Daniel 12

På Daniels tid var det ikkje mange evangelisk kristne. Nei,Daniel skriv om jødane,folket sitt.
Dei var på denne tida i Babylon i fangenskap.
Som teksten viser gjeld denne trengselstida slutten før Gud skal vekkja oss opp til evig liv.
Hatet til jødane veks og biskopane med få unnatak er blinde åndelege leiarar som fører flokken i fortaping.
Dei er med på å stramma grepet om Israel ved å føreslå boikott .
Bibelen seier at det kjem ei tid då folk trur dei gjer Gud ei teneste ved å slå jødane i hel.
Så langt vil det gå.

For sjå, i dei dagar og på den tid,
        når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
   
 7 då vil eg samla alle folkeslag
        og føra dei ned i Josjafat-dalen.


        Der vil eg halda rettargang med dei
        om ISRAEL MITT FOLK OG MIN EIGEDOM,
        som dei spreidde mellom folka.
        Dei DELTE LANDET MITT” Joel 3

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt