Verdidebatt

Oppsummering før Messias kjem

Gleda dykk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Me er på terskelen til at Yeshua eller Jesus kjem attende til denne kloden .

Dei 6000 åra går ut år 2028.

Me er i dag kome til år 5985 etter Adam og Eva.

Etter 6000 år kjem 1000-årsriket - Guds rike på jorda.

Yeshua skal styra frå Jerusalem - jordas navle.

Menneska skal læra seg å leva i fred med kvarandre og slutta å laga våpen og føra krig.

Yeshua skal ordna opp i stridsspørsmåla mellom nasjonane .

Livet skal halda fram her på kloden og jorda skal gradvis verta betre i desse 1000-åra.

Menneska skal læra seg å leva etter Torahen. Der ligg Guds lover som er viktige for å få eit godt samfunn.

Gud har sett til side eit område som Han kallar for Sitt Land og har ein spesiell By - Jerusalem som tilhøyrer Han.

Desse landområda skal verta delt på Israels 12 stammer ved Yeshuas gjenkomst.

Ved Yeshuas kome vil mange stå opp av gravene og få leva på nytt.

---------------------------------------

I desse siste 15 åra før Messias kjem vil dei siste endetidsprofetiane oppfyllast.

Nasjonen Israel er i fokus.

Verdssamfunnet aksepterer ikkje at Gud har sett av eit spesielt område og gitt det til Sitt Folk.

Difor vil jødane lida på slutten.

Det kallast "Jakobs trengsel ".

Det heile endar med at Gud grip inn og løyser ut folket sitt frå tyranniet.

Yeshua kjem tilbake til Oljeberget der Han reiste frå og går inn austporten til tempelet i Jerusalem.

Tempelet i Jerusalem vil verta gjenoppbygd om nokre år på tempelhøgda.

Jødane vil igjen starta med tempelteneste.

Antikrist er avslørt .Han har mange namn i Skrifta.

GeOrGe eller GOG er eit av dei.

Han vil på underfull måte få kontrollen over dei andre nasjonane i den striden som kjem når Iran og Vesten kjem i krig .

Åp 17 fortel at han er nummer 8 i denne rekkja ,samtidig ein av dei 7.

Menneska vil undra seg når dei ser dyret som har styrt før ,koma tilbake.

-------------------------------

Framtida er utruleg ljos fo menneska.

Gud har full kontroll.

Snart skal all liding og vondskap fjernast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt