Verdidebatt

Kva vil ein oppnå ved å ta knekken på Evolusjonsteorien?

Charles Darwin var ikkje åleine om å sjå at Bibelen si forteljing om at Jahve skapte heile Universet og alt på som Jorda er på 6 dagar for 6000 år sidan ikkje heldt vatn

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 1859 var Darwin den fyrste som lukkast med å spreie desse tankane i boka On the Origin of the Species. Tankane kom til gjødsla mark. Mange kunnskapsrike menneske såg at det å rekne ut Jordkloden sin alder med utgangspunkt i Jesus si «ættesoge» attende til Adam ikkje er anna enn å leike med dogmar.

Darwin var ikkje ateist, men fritenkjar og agnostikar. Han har aldri freista å forklare korleis livet vart til, men korleis det har utvikla seg opp gjennom tidene. Dette sprengde alle tidelegare anslag om Jordkloden sin alder og har nå kome opp i ufattelege 4,5 milliardar år. Når ein står på kanten av Grand Canyon og ser korleis jorda si historie er rita inn i jordskorpa av sjølve utviklingsprosessen, lag på lag som representerer hundrevis av millionar år, heilt ned til botnen der avsetningane er meir enn 2 milliardar år og inneheld spor etter liv, då skulde ein tru at opplyste folk tok til vettet og innsåg at GT er religiøse eventyr som ikkje superdogma «Bibelen er diktert av Gud» kan gjere «Guds ord» truverdige. Kvifor denne fanatiske motstanden frå kristne/jødiske/muslimske fundamentalistar som nektar å erkjenne at livet på jorda har utvikla seg over milliardar av år? Trur dei verkeleg at der ikkje fins anna alternativ enn Jahve, Adam og Eva dersom Evolusjonsteorien vert forboden?

«La dei små born kome til meg» er ikkje ei kjærleikserklæring til borna, men eit påbod om å indoktrinere ungar i religiøse førestillingar i den alderen dei er mest sårbare. Eit menneske er programmert til å ha nesten ukritisk tillit til sine føresette i alderen frå 1 til 7 år. Ungar som skal leve opp må høyre på sine foreldre om kva farar som trugar. Det er ukloke og/eller egoistiske foreldre som presser på og låser ungane sine til dei same fantasiane som dei sjølv hyser. I den alderen er religiøs indoktrinering som ein virus som skadar ungen mentalt på livstid. Kor stor skade religionvirusen kan gjere er avhengig av kven som er smittekjelda og kor isolert offeret er med omsyn til sunne inntrykk frå omverda.  Ein kan vel med rimeleg rette seie at den smittekjelda som kan påføre ungen dei største skadane er den nære familie, med mora i særklasse som kjelde for dei hissigaste virusstammene. Tradisjonelt har også mødrene hatt dårlegast utdanningsnivå og minst påverka av utviklinga i det samfunnet ungane veks opp.

Om ein deltek i debatten her på VD og i samfunnet elles så kan ein ikkje unngå å møte individ som er påført livsvarig mental skade oppveksten der uforstandige foreldre er årsaka. Foreldra vil ikkje skade ungane, men dei berre overfører den skaden dei sjølve er påført. Ein kan vel trygt seie at religiøse vrangførestellingar gjeng i arv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt