Verdidebatt

Verne om dei kristne i Midtausten

Dei er ikkje mange att: Dei kristne i Midtausen blir forfølgde i Syria, Egypt, også - i mindre grad - i land som Libanon og Gaza/Vestbreidda (Israel). Som kristne må vi vere med forfølgde brør og systrer. Sat-7 er ubunden av grenser og sensur.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi har tidlegare lese at dei siste områda der Jesu eige språk blir tala er i ferd med å tømast for kristne. Det arameiske språket blir borte - den kristne kulturen likeeins. Arabisk tek over og dei kristne frå dei områda som er "heimen til alle kristne" i Midt-Austen blir gradvis reinska for dei som trur på Jesus. Vi har lita tid att om vi vil halde i live den kristne folkesetnaden i Maloula (http://www.bibel.no/Bibelgaven/Nyheter-BG/Nyheter2013/Nyhet23-13)

Sat-7 er ein tv-kanal som bringer den kristne bodskapen til dei som er att i desse områda, men som samstundes har ein misjonerande verknad mellom majoritetsfolket - muslimane. Vi kan ikkje skrive alt, men dette er misjonsverksemd som verkeleg VERKAR i Midtausen. Det er det tal på!

http://www.youtube.com/watch?v=59uIYE6skt8 (sjå særleg siste del av videoen)

Men først og fremst bed vi i Bibelselskapet om merksemd mot dei som er forfølgde, dei som har mista kyrkja si, dei som har mista søner og døtrer i ymse krigsliknande hendingar. Vi leggjer først ved ein video om Sat-7:

De er alle med på å forme framtida vår.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt