Verdidebatt

Vi må hamre det inn - at alle er like mykje verd

Når eg fryktar tidleg ultralyd for alle er det fordi eg er redd at samfunnets haldningar til menneske som er annleis og som treng hjelp, vil endre seg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det blir ikkje innført tidleg ultralydundersøking for alle gravide i den komande regjeringsperioden. Eg reknar med at det er KrF som har bestemt dette.
Eg er ikkje sikker på om eg er einig med KrF i den standhaftige motstanden mot tidleg ultralyd for alle. Men eg likar likevel partiet svært godt når dei snakkar om dette, fordi dei då også snakkar om menneskeverd. Om dei har den beste politikken for å sikre menneskeverdet for alle, er eg heller ikkje så sikker på.

Men det er ingen andre politikarar som er så tydelege som Dagrunn Eriksen og Knut Arild Hareide på at dei ønskjer eit samfunn der alle er velkomne. Dei seier det i denne debatten, og dei seier det også elles.

Hamrast inn. Eg vil at alle skal seie dette, også når dei argumenterer for tidleg ultralydundersøking for alle. For dei meiner det vel? Det bør hamrast inn! Samfunnet ønskjer alle velkomne, samfunnet vil ta vare på alle. Når politikarar ønskjer å innføre tilbod om tidleg ultralydskontroll for alle gravide, er det ikkje for å antyde noko anna, dei vil halde fram med å hjelpe og støtte menneske med funksjonshemming, dei vil halde fram på det same nivået som vi har i dag, dei vil forbetre dei områda som ikkje fungerer optimalt slik det er no. Ikkje sant?
Eg har ingen grunn til å tru at politikarar frå andre parti ikkje har slike ambisjonar. Likevel er det mange, svært mange som trur at innføring av tidleg ultralydundersøking for alle, betyr noko heilt anna. Inst inne fryktar eg også at det er slik.

Tabu. Vi veit at fleire og fleire tek abort etter fostervassprøve dersom det viser seg at fosteret har Downs syndrom. Det er eit stort tabu å snakke om, men nokon gjer det. Både Heidi Nordby Lunde og Sigrid Bonde Tusvik har uttalt offentleg at dei truleg ville tatt abort om dei fekk vite at dei bar på eit foster med Downs syndrom.
Mange har reagert med sterk harme over slike ærlege utsegner. Men at dei ikkje er åleine om å tenkje slik, det veit vi, så vi burde heller rose deira mot til å bruke seg sjølv som eksempel i eit emne som blir opplevd som så sårt og brutalt for mange. Også for meg. Dersom eg skal vere heilt ærleg, så sit det langt inne for meg å rose dette motet.

Omsorg. Eg har hatt lange, imaginære debattar med begge to, der eg tillegg dei motiv dei ikkje har gitt uttrykk for og forklarar dei at omsorgskapasiteten aukar med oppgåvene.
- Det kan godt vere eit annleisbarn hadde endra livet dykkar, ropar eg til intervjuet med Sigrid Bonde Tusvik og kronikkane til Heidi Nordby Lunde, men de hadde klart å ta dykk av dei. Eg klarer det! ropar eg.

Men med fornuften skjønar eg at verken eg eller mitt eller andres funksjonshemma barn er under angrep, så eg rosar dei likevel. Og legg til at eg får god hjelp frå det offentlege. Eg får mykje meir hjelp enn andre småbarnsforeldre får. Og eg forstår at det kostar. Burde eg skamme meg?

Nei. Og eg gjer det heller ikkje. Samfunnet ønskjer å gje denne hjelpa. Det norske samfunnet har lagt svært godt til rette for at også menneske med funksjonshemmingar skal nå sitt fulle potensiale, og det er lagt til rette for at foreldre skal bli ivaretatt slik at også dei kan yte sitt beste for barna sine.

Godt liv. Det er ei brei forståing for at vi skal dele på den strevsame tilrettelegginga og dei krevjande omsorgsoppgåvene. Grunnen til det er sjølvsagt at vi har ei felles oppfatning av at alle menneske fortener kjærleik og respekt, at alle fortener eit godt liv, uansett føresetnader.
Eg gjentar det same som eg skreiv innleiingsvis: Eg har ingen grunn til å tru at nokon av dei norske partia meiner noko anna. Eg har ingen grunn til å tru at Sigrid Bonde Tusvik eller Heidi Nordby Lunde meiner noko anna. Trass i ein del hårreisande kommentarar i nettdebattar om emnet, har eg heller ingen grunn til å tru at folk flest ikkje står for dette - at alle fortener kjærleik og respekt, at alle fortener eit godt liv.

Fryktar. Når eg fryktar innføring av tidleg ultralyd for alle, er det ikkje fordi eg vil at nokon skal måtte bøye hovudet i skam over sine vurderingar av eigne omsorgsevner, eller over andre grunnar til å velje abort. Det er fordi eg er redd for at samfunnets haldningar til menneske som er annleis og som treng hjelp vil endre seg.

Korleis vil vi stille oss til dei som er annleis dersom komande foreldre får velje om dei vil ha dei eller ikkje? Vil vi tole at annleisbarna får raserianfall på butikken eller kafeen eller fotballbana dersom foreldra sjølve har valt å bere dei fram? Toler vi at dei same foreldra klagar over manglande oppfølging, at dei klagar over ein bil barnet ikkje får, at dei klagar over manglande utstyr i det spesielt tilrettelagde husværet?

Korleis vil vi reagere dersom spesialskulen i nabolaget blir pussa opp med dyre sansestimulerande leikeapparat, samstundes som ballbingen og fotballbana til det store fleirtalet av normalt fungerande barn ikkje blir prioritert? Kjem vi til å tenke at det er foreldra som får ta ansvar, det er dei som har bestemt at dei vil ha desse barna?

Fungerer ikkje. Nokon trur at dei som ønskjer å innføre tidleg ultralydundersøking for alle, vil kvitte seg med potensielle utgiftspostar på offentlege budsjett. Eg trur ikkje det.
Men korleis skal politikarane formidle at alle er velkomne samstundes som dei innfører tidleg ultralyd for alle? Kvifor viser dei ikkje oftare fram kva det offentlege tilbyr, er det fordi det er så mange stader det ikkje fungerer som det skal? Kvifor torer dei ikkje å gje tydelege lovnadar om hjelp, er det fordi dei fryktar at det ikkje finst mange nok som vil fylle dei nødvendige stillingane?

Menneskeverd, seier KrF. Og eg blir glad, for eg synest også det er viktig. Eg opplever at den norske velferdsstaten gjer sitt beste for å ta seg av alle. Men dersom alle gravide skal få tilbod om å sortere, må motivasjonen frå helsevesenet vere ærleg og klar. Gravide må få ei truverdig forsikring om at dei vil bli respekterte og hjelpte uansett kva dei vel.

FØRST TRYKT I VÅRT LAND 18.10.2013

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt