Verdidebatt

Kristenfolkets sorteringssamfunn

Takk Gud for at det ikkje er Espen Ottosen og Norsk Luthersk Misjonssamband som skal døma levande og døde.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er visst for ingenting å rekna – identiteten min skal vera så flytande at eg ikkje treng grunnleggande menneskerettar.

«Min holdning er at kristen etikk ikke trenger å akseptere ideen om en særegen homofil orientering» skriv Espen Ottosen (Vårt Land 02.09.) Dette grunngjev han mellom anna med at «Håvard Kleppa var forelsket i mange jenter og hadde flere forhold». Dette har Ottosen henta frå boka Skapsprengere kor eg og fleire andre fortalde korleis det er å koma ut som homofil.

Det skjer på ulikt vis, det tek kortare eller lengre tid,  det er meir eller mindre dramatisk. Felles for dei aller fleste er likevel: Dette er ein prosess som er omfattande og overveldande. Det er ikkje utan grunn – dei fleste opplever direkte og indirekte fordømmande og trakasserande haldningar frå trangsynte menneske. Prosessen tar tid, men endar heldigvis ut i at det er overmåte godt å finna seg sjølv og å endeleg kunna leva som eit heilt menneske. Dette står i skarp kontrast til Ottosens «enkle» oppskrift: «Bibelen gir oss to alternativer: Et heterofilt monogamt samliv i ekteskap eller et liv som enslig».

Utanfor. Det er fascinerande kor opptekne Ottosen og andre konservative kristne er av korleis homofile lever liva sine. Det er imponerande kor stor trongen er til å definera folk innanfor eller utanfor. Trongen til å kategorisera og sortera menneske og oppførsel verkar å vera grenselaus. Som homofil opplever eg å måtta stå til rette for menneske rundt meg om kva som føregår på soverommet mitt og i andre rom eg reknar som private. Kven andre opplever slikt?

Eg skulle ønska at konservative kristne kunne vera meir opptekne av å inkludera folk. Eg ser lite til Jesus sine ord om nestekjærleik, om å ta parti med folk som lever annleis – eller «avvikende», som Ottosen kallar det. Farisearane på Jesu tid skulda Jesus for å vera i lag med tollarar, syndarar og prostituerte. Farisearane av i dag hevar seg over oss som kjempar for aksept og likeverd, som ønskjer å få leva ut og ta imot det vakraste som finst – nemlig kjærleiken.

Mindreverd. Haldningane Ottosen og andre i rørsla hans spreier rundt seg fører til at menneske kjenner seg mindreverdige. Mange lever eit liv i skuggen av sine eigne liv fordi det blir for tøft å innrømma for seg sjølv og andre kven dei faktisk er.

Dette fører i verste fall at mange tar livet sitt, andre lever i skam og avmakt med tyngre eller lettare psykiske lidingar. Desse haldningane gjer også at mange vender seg frå Gud fordi bakkemannskapet hans er så lite inkluderande. Heldigvis er det andre menneske i og utanfor kyrkja som veit å ta vare på folk rundt seg.

Ottosen skriv at det å snakka om homofile er relativt nytt. Ja visst er det det. Her i landet var det forbode til 1972, og heilt til 1978 var homofil rekna som ein psykisk sjukdom. Er det rart at det å snakka om å vera homofil er relativt nytt? Er det rart at det er relativt nytt at fleire står fram som homofile? Er det rart at mange gjennom eit heilt liv har undertrykt kven dei eigentleg er og kven dei er glade i?

Sprøyt. I tillegg prøver Ottosen seg på eit resonnement med at glidande seksuell orientering betyr at det ikkje finst ei homofil orientering som kristen etikk treng å ta stilling til. Maken til sprøyt. Dersom det ikkje finst ei homofil orientering – finst det då ei eintydig heterofil orientering?

Kyrkja skal ikkje kunna velsigna samlivet til to menn eller to kvinner som elskar kvarandre fordi dei sjølv eller andre har vore saman med eit menneske av motsett kjønn tidlegare? I kristen etikk er det vel heller ikkje særleg populært med sex utanfor ekteskapet.

Korleis kan kyrkja velsigna eit samliv mellom ei mann og ei kvinne dersom den eine eller begge av dei har vore saman med ein annan før? Det skulle vel etter dette resonnementet gi svaret – nei, det går ikkje – for ein og berre ein partnar er mogleg for Gud.

Sortering. Eg vil takka Ottosen for at han tek avstand frå kriminalisering av homofile i Uganda og mange muslimske land, og måten kristne har snakka om homofili på, kanskje spesielt  i tidlegare tider. Vel, det er på sin plass å beklaga også korleis du sjølv og andre omtalar homofili nettopp i dag.

I tradisjonelle misjonsland som Etiopia, Kenya og Tanzania er det direkte farleg å vera homofil, og i nabolandet vårt Russland er det innført strenge antihomolover. Kva med å stå opp for desse medmenneska i staden for å bidra til å definera folk utanfor?

«Sorteringssamfunnet» er eit omgrep kristne brukar i debatten om det ufødde livet, om retten til å ta abort, om faren for å sortera bort menneske, om faren for at samfunnet i så måte blir mindre mangfaldig. Sortering av menneske seinare i livet derimot ser ut til å vera greitt. Eg ber om å få sleppa å bli kategorisert og vurdert på dette viset. La meg få leva og elska i fred.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt