Verdidebatt

9 september er deadline

Valgdagen står for døra. For KrF peikar pila i positiv retning. Det inspirerer. Men sanneleg treng vi stå på over heile landet, men særleg i Trøndelag:Dykkar beste representant, Øyvind Håbrekke, KrF er i faresona i Nidarosdomen sitt fylke!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

9 september - er deadline Vi les valgmålingar dagleg nå. Vi møter folk på stands. Det har vore oppløftande å samtala med alle som et opptekne av tydelege verdiar og som seier at denne gongen røystar vi i alle fall KrF. Vi vil ha regjeringsskifte, seier mange, men då treng vi KrF på vippen. Vi vil ha eit Storting med sosialt samvit, menneskeverdet i sentrum, ein god miljøpolitikk og ikkje minst ein god familiepolitikk. Slikt varmar eit KrF hjarta. Fleire målingar peikar også i positiv retning for KrF. Men vi kan ikkje sjå forbi nokre men. Vi treng sterk innspurt i heile landet og ikkje minst i Sør-Trøndelag. Det katastrofale kan skje at KrFs familiepolitiske talsperson som er ein av Stortingets dyktigste representant både for sitt parti og sitt fylke, kan falla ut. Eg håpar inderleg at gode trøndarar nå engasjerer seg med gassen i botn for å sikra Håbrekke sitt mandat. Biskop Finn Vagle skreiv med stor rett i ein kommentar tidlegare i vår om "kristendommens sivilisatoriske betydning". Eg håpar inderleg at Nidarosdomen sitt fylke mobiliserer for partiet og representanten som tek det på alvor. Eg kjenner ikkje alle i Trøndelag, men er du oppteken av å styrka Midt-Norge, kristne grunnverdiar, familieverdiar, klima og miljø for å nemna viktige saksfelt, så er eg overtydd om at ingen frå ditt fylke vil representera deg betre i Stortinget enn Øyvind Håbrekke. Eg veit ikkje korleis det er i Trøndelag, men møter ein del rundt om som vurderer det nye partiet De Kristne. Vel, ingen skal dømmast på partipolitiske valg. Men eg seier i alvor: Høyr ikkje på den propaganda og manipulering som lyder mot KrF og om alt dette nye partiet seier dei skal få til. Det er å kasta blår i augo på folk. Det partiet kjem ikkje inn på Stortinget. det veit alle som vurderer seriøst. Det einaste ein kan oppnå er at motsett verdiside får hjelp og KrFs kristne verdityngde blir svekka i det nye Stortinget. Ingen bør bidra til noko slikt. Karl Johan Hallaråker, sentralstyremedlem KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt