Rolf Kjøde

40

Gi oss større visjonar – siste veka!

Med utgangspunkt i gode kristne samfunnsverdiar, som vi trur er tenleg for alle menneske og samfunn, trengs det røyster som talar for andre verdiar enn kva vekstpolitikk som skal vere i regjering.

Publisert: 2. sep 2013

 

Dei store partia og dei store media har fått valkampen på sitt spor: Valet står om kva slags vekstpolitikk som skal fylle regjeringskontora. Men der finns større visjonar enn dette i det politiske landskapet, om vi kjem bak blokk-konstruksjonen og nokon grip tak i dei grunnleggande verdiane og skiljelinjene i samfunnsdebatten. Vi må ikkje akseptere at den store kampen handlar om kva modellar for vekst verdas rikaste folk skal unne seg framover.

Politikk handlar ikkje om kristning eller avkristning av land og folk. Altfor lenge har vestlege kristne halde det som naturleg å bruke lov og rett og nedarva privilegier som krykker for evangeliet. I Guds økonomi er evangelieoppdraget utelukkande lagt til Jesus Kristi kyrkje gjennom gudsfolkets bønn, forkynninga av evangeliet, utøving av kjærleikens diakoni, bygging av den kristne heimen og ved at vi kvar for oss og som kristent fellesskap lever ut den heilage etterfølginga av Jesus. Ingen andre har misjonens mandat.

Det er skilnad på å vurdere om ein politikk er i pakt med eller i strid med kristne samfunnsverdiar og å omtale politikkens rolle som eit prosjekt med å kristne eller avkristne landet. Det første er relevant for den politiske samtalen. Det andre er ein arv av blandinga politisk/kyrkjeleg makt som neppe tener si eiga gode hensikt. Derfor bør kristne på valdagen sjå bort frå røysteseddelen til parti som har kristning av landet som mål for politikken sin. Alle som vil fremje gode kristne samfunnverdiar i politikken, har høve til å finne vel etablerte alternativ med reell sjanse til innflytelse på den politiske utviklinga i landet vårt.

Politikken handlar om å styre samfunnet i samsvar med dei best mulige samfunnsverdiane. Fordi vi som kristne trur at Gud har skapt alt og har prega menneska i sitt bilde, trur vi også at der finns allment gode verdiar som samfunnsfellesskapet er tent med å ta omsyn til. På politikkens område gjeld dette ikkje minst kampen for menneskeverdet og for barnets rett til mor og far, og kampen for berekraftig forvalting av natur og miljø og for rettferdig global fordeling. I den grunnleggande kampen for menneskeverdet slik den no står innanfor bioteknologien, er det berre KrF med sitt prinsipielle syn på fosterets rett til vern, som har ein berekraftig politikk, eit stykke på veg følgt av Senterpartiet.

Ved sidan av kampen for menneskeverdet frå foster til naturleg død, er vekstideologien med målsetting om auka offentleg og privat forbruk den verkeleg store verdiutfordringa. Klima er berre symptomet. Dersom norsk politikk skal vere truverdig, må nokon våge å ta samtalen om andre modellar enn fortsatt vekst i materiell velstand og velferd. Dei som lid i dag under den urettferdige globale fordelinga og generasjonane som kjem etter oss i Norge har krav på at vi tar på alvor det reknestykket som sjølv born i grunnskolen skjønar: Det er ikkje mulig å overleve dersom alle skal gjere som Norge i dag. Det krev minst tre klodar og at mine born og barneborn må jobbe livet av seg for å fø meg som velfødd, tidleg pensjonist på pendling mellom Norge og Spania.

Med utgangspunkt i gode kristne samfunnsverdiar, som vi trur er tenleg for alle menneske og samfunn, trengs det røyster som talar for andre verdiar enn kva vekstpolitikk som skal vere i regjering. Vi treng større visjonar enn dei som handlar om bompengar. Vi treng politikarar med mot og ryggrad til å trasse TV2 og andre medias spel på sutring og misnøye i verdas rikaste land. Vi treng politikarar som maktar å prioritere på ein slik måte at vi forstår fornufta i å forvente mindre frå staten og yte meir sjølve til fellesskapet gjennom styrka familiar og eit solid sivilt samfunn. Bruk borgarprivilegiet ditt 9.september til å styrke desse verdiane.

 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
14 dager siden / 2996 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
11 dager siden / 1697 visninger
Hjemlengsel
av
Joanna Bjerga
11 dager siden / 1562 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
rundt 1 måned siden / 1214 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
17 dager siden / 1099 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
22 dager siden / 673 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere