Verdidebatt

Vi som har venta på regjeringsskifte

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mange av oss har venta på å få skifta ut fleirtalsarrogansen til Ap med ei Høgre-styrt regjering. Men no kjem Høgre med kulturpolitiske innspel som gir oss kalde føter. Det verdikonservative Høgre med sans for norsk kultur ser ut til å forsvinne i fortida. Og då er ikkje valet så sjølvsagt lenger. Her er tre no velkjende døme på Høgres kulturpolitiske fadesar:

1. Pressestøtta: Vi får tru at åtaket på pressestøtta ikkje er motivert av eit ønske om å bli kvitt brysame meiningsberande aviser, men resultatet kan bli at ein oppnår dette. Å grunngi dette med at ein vil hjelpe avisene med overgangen til det nettbaserte, er så lite gjennomtenkt og så gjennomskodeleg at ein mest ikkje kan ta det alvorleg. Det nettbaserte har kome for fullt og er i full bruk, og avisene tar alt dette på alvor, men misser ein papiravisene, misser ein også kronikkar og den seriøse samfunnsdebatten og i stor grad kulturstoff. Bloggane kan ikkje erstatte dette. Høgre går med dette på åtak mot norsk skriftkultur.

2. Sidemålet: Høgre, som er bekymra for matematikken i skolen, vil merkeleg nok fjerne karakterar i skriftleg sidemål. Men nynorsk, som bokmål, er skriftspråk. Kunnskapen i dei to målformene aukar ein berre ved å praktisere dei skriftleg, og, som Høgre elles hevdar, karakterar må ein ha for å ta fag og disiplinar alvorleg. Som tidlegare norsklektor i lærarutdanninga veit eg korleis det stod til med kunnskapane studentane hadde i sidemål frå tolv års skolegang. Og i høgre utdanning er det ikkje noko som heiter sidemål. I lærarutdanninga må studentane kunne dokumentere tilstrekkelege skriftlege ferdigheiter i begge dei offisielle målformene. Det finst nemleg framleis område i landet der nynorsken er skolemålet. Og heile landet skal vere arbeidsmarknad for ferdige lærarar. Men ein kan neppe tilsetje lærarar i nynorskkrinsar dersom dei ikkje har tilstrekkeleg kunnskap i nynorsk. Det same gjeld då altså også i bokmålskrinsar for dei som ikkje kan bokmål godt nok. Byhøgre vil altså bli kvitt nynorsken i vidaregåande, men kan dermed skape ein vond spiral for norskfaget i heile skoleverket. Høgres  åtak på sidemålet er er eit åtak på den nasjonale kulturforståinga, på kunnskapsskolen og på norsk skriftkultur.

3. Søndagsfreden: Høgre vil ha søndagsopne butikkar. Dette har dei truleg fleirtal for i folket. Men blir folk lykkelegare dersom dei får utfalde kjøpelysta helg som kvardag. Er det ikkje ein rotfesta del av norsk kultur at det skal vere forskjell på helg og yrke, for kristne som for ikkje så kristne? Høgre vil byte ut norsk kultur med kjøpekultur.

Tre saker der Høgre legg ut kulturelle sjølvskot. Men endå har eg ikkje nemnt parkameraten Frp! Dei syslar no som vi veit med den grunnlovsstridige tanken om å fjerne tilskotet til religiøse samfunn. Meininga bak dette er nok å hindre muslimane i å utfalde seg, men det vil ramme også kristne trussamfunn, ein kan jo ikkje diskriminere! Frp vil ha "bærekraftig" norsk kultur, men dei er sjølve den største faren for denne kulturen, ja, også for det kristne Noreg!

Men for Høgre er det truleg nok i denne valkampen med eigne kulturelle sjølvskot. Må vi ønskje oss ei Hadia Tajik som kulturminister, må vi ha ein moderne muslim som statsråd for å ta vare på norsk kultur? Må vi kulturfolk verkeleg halde oss for nasen og stemme Jens?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt