Verdidebatt

Når tvilen råkar

Eskil Skjeldal skriv i Vårt Land: «Eg har sett all mi lit til Gud. Men no er eg trøytt av å vente på teikn frå Gud.»

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I den nynorske vekeavisa Dag og Tid har MF-stipendiat Eskil Skjeldal nyss starta ein serie artiklar under tittelen «Skuldingar mot Gud». I den første artikkelen sist fredag skriv han at «Tvilen har råka meg». Teksten står gjengtt med løyve på debattsidene i dagens Vårt Land, som du kan skaffe deg her. Digitalt er den å finne hos Dag og Tid

Skjeldal skriv at han i fire år var prest og såg menneske som sleit med livet.

Han skriv mellom anna: «Dei siste to åra har det opna seg ein avgrunn i meg. Trua er truga. Eg har mist utsynet. Når myrkret la seg over meg, vart tilhøvet til Gud sett på prøve, endå ein gong. Dette er ikkje uventa: Om du trur at Gud finst og elskar oss fordi han har skapt oss, så trur du òg at han kan hjelpe deg når noko er vondt. Slik er den kristne guden, både i kyrkja og i Bibelen.»

Og han avsluttar: «Som truande har eg bygd opp eit forråd av sterke bøner, klager, bibeltekstar og røynsler av Gud for dagar som desse. Men no er alt skore ned til beinet. Gud har drege seg tilbake. No skulle eg gjerne ha vore ateist. Då kunne eg lite på det rasjonelle og ikkje denne guden som aldri syner seg.»

Dei som vil drøfte Skjeldals tekst, må gjerne lese heile teksten hos Dag og Tid eller i papirutgåva vår og etterpå komme med reaksjonar her.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt