Martyren

Eg trur du er kristen fordi du likar å vere i opposisjon, har sonen sagt til henne. Det trur Hanne Cecilie Widnes (49) han kan ha rett i.

Min tro

– Ver så snill, kan du ikkje snu den posen?
Storesystera ser på sju år gamle Hanne Cecilie Widnes med bedande auge. Dei står i ein trappeoppgang, i ei blokk på Haugerud i Oslo. Året er 1975 og det er søndag. Og søndag betyr søndagsskule.
I handa har sjuåringen ein plastpose med bilete av ein gut og ei jente som held hender. Over dei står det «Ja til søndagsskolen».
– Sjå, eg kan ta posen for deg, prøver storesystera, som er fire år eldre.
Men ho når ikkje fram. Stemmene deira gjallar i betongveggane, medan veslebror står stille og ser på.
Sjuåringen, som no snart fyller femti, hugsar godt den søndagen.
– Eg likte det nok den gongen, det å vere sterk og synleg kristen. Og storesystera mi følgde oss, det skal ho ha, sjølv om ho var sint og oppgitt. Men ho tykte nok eg var ein prektig liten jævel, seier Widnes.

Stå i det

49-åringen sit heime på Nordstrand, i rekkehuset ho og familien har budd i dei siste 18 åra. Det krøllete håret dansar når ho ler. Vi kan høyre nokon gå i etasjen over, vatn som susar i røra. Rundt oss er det ryddig.
– Eg må tenne ljosa, det er så kristelig, seier ho, smiler, og fortel om tida i Kirkens bymisjon, der ho arbeidde i fire år.
Sidan bar det til Norsk kristelig studentforbund, før ho gjekk til jobben som ho har no – generalsekretær for IOGT, ein livssynsopen, rusførebyggjande organisasjon.
– Det er fint det også, å vere litt på sida av Kristen-Noreg.
Å vekse opp som kristen på Haugerud, var ikkje alltid enkelt. Ho og syskena kunne få mykje tyn frå naboborna.
– For min del var det forsterkande, det at eg måtte forsvare at eg gjekk med den søndagsskuleposen. Eg kjempa litt for trua mi og sto i det.

Direkte og inderlig

Faren var lærar og arbeidde som rektor i mange år. Mora var sjukepleiar og helsesyster. Då Widnes kom til verda i 1968, som nummer to i ein syskenflokk som skulle bli fire, vart dei ikkje einige om kva ho skulle heite.
Mora likte Cecilie, men faren meinte det var eit snobbete namn.
– Så han har alltid kalla meg Hanne, medan mamma har sagt Cecilie. Dei siste åra har eg brukt Cecilie mest, men eg er tante Hanne for mine brørs barn. Så eg lyder alle namn.
I syskenflokken var ho den ansvarlege som passa småbrørne, hjelpte til heime, laga middag. I tillegg brukte ho mykje tid på bøn. Barnetrua skildrar ho som naturleg, direkte og inderlig.
– Om kvelden skreiv eg dagbok og las litt i Bibelen. I ein periode var eg så pliktoppfyllande at eg streka under somme passasjar. Så ba eg.
I dag skildrar ho Gud som vanskeleg å gripe, men som noko som likevel er veldig til stades i kvardagen.
– Eg merkar på kroppsspråket mitt korleis eg stiller meg til Gud, at eg stadig er i dialog.
Ho kallar det bøn, korte samtalar i løpet av ein dag. Når ho treng styrke til å gjennomføre ein debatt, kan bøna gi styrke og samtidig minne Widnes på at det ikkje handlar om henne, men noko større ho vil setje søkelys på. Av og til ber ho av takksemd.
I vaksen alder har ho byrja å banne, fortel ho. Då ber ho Gud om orsaking etterpå.
– Det er forferdeleg teit og patetisk, men det gjer eg.
Når ho vert bedd om å førestelle seg at ho skal teikne eit bilete av trua si, slik den er i dag, stussar ho. Er stille ei stund, stryk fingrane gjennom krøllane. Ho byrjar på fleire setningar, og stoppar opp utan å fullføre dei. Så kjem det:
– Det som før var ein lukka ring av forståing, har fått fleire opningar og hol.

---

Hanne Cecilie Widnes

  • 49 år, gift, tre søner
  • Utdanna sosiolog
  • Generalsekretær i IOGT – ein frivillig, rusførebyggjande organisasjon – sidan 2007. Var tidlegare generalsekretær i Norges kristelige studentforbund.

---

I botn og grunn handlar det om kva som er godt for mennesket

—   Hanne Cecilie Widnes

I opposisjon

Ho var sjenert og pliktoppfyllande på skulen. Men på vidaregåande tok frivillig arbeid større og større plass – Natur og Ungdom, Unge Venstre og KrFU. I Laget fekk ho mange gode vener.
– Vi var med der, fordi det var ein organisasjon som la til rette for det. Sjølv om mange av oss, teologisk sett, var i opposisjon til mykje av det dei framstilte, fortel ho.
Heime stilte storesystera kritiske spørsmål og utfordra Widnes på mykje av det ho møtte i kristne samanhengar.
– Så då reflekterte eg rundt det. Det var nok fint for min del, å kunne ha med meg den vesle distansen.
Ho kunne vere frekk mot foreldra og vere lite heime, men noko ungdomsopprør vil ho ikkje kalle det.
– Eg var nok over gjennomsnittet oppteken av å skulle leve moralsk og riktig.
I Laget diskuterte ho kvinnelege prestar med dei andre. Etter kvart vart homofilisaka også ei viktig kampsak for henne.
– Så eg var opprørsk på den måten, men det var ikkje noko rus eller anna tull.

Takksemd

Katten Sara Messi (her vart dei heller ikkje einige om namn) klorar på trampolinen, som dekker nesten heile hageflekken utanfor. Widnes har tatt over katten frå foreldra, då dei ikkje orka å ta seg av han lenger. Sjølv er ho allergisk, stryk handa over nasen idet ho opnar døra for pus.
For nokre år sidan fekk mora ein MS-diagnose. Måten ho har takla det på, har lært dottera mykje.
– Mamma er ein gjennomgripande positiv person. Ho har strekt seg så langt ho berre kunne, også etter ho vart sjuk. Om ho ikkje greier noko anna, sit ho på hytta og steiker vaflar.
Widnes kan kjenne på djup takksemd for at kroppen hennar er frisk, at ho sjølv har tre friske barn. Dei tre sønene hennar bur framleis heime.
– Korleis er det å vere einaste kvinna i familien?
– Eg tenkte alltid at eg skulle få jenter, som eg skulle oppdra til å bli tøffe, seier ho og ler.
Av og til kan ho kjenne på saknet etter ei dotter. Men livet med sønene har gitt henne interessante perspektiv.
– Eg har vore oppteken av feminisme, men det er fint å sjå ting frå gutane si side også. Særleg i desse me too-tider. Korleis opplever dei at trakassering blir framstilt, til dømes? Opplever dei at dei har høve til å forsvare seg? Det er spanande for meg å ta stilling til.

Godt for mennesket

Som generalsekretær i Norges kristelige studentforbund frå 2000 til 2006, var homofiles plass i kyrkja ei viktig sak for henne. Det var ein lett kamp å stå i, på somme måtar.
– Eg hadde pressa på mi side. Når eg sto i offentlege debattar, var det eg som fekk sympatien.
Det som kunne vere vanskeleg, var å ikkje bli godteken som god nok kristen i somme miljø.
– Kan du likevel forstå dei som står for det tradisjonelle synet?
– Ja, eg kan forstå den teoretiske refleksjonen dei gjer. Og eg har respekt for at det er vanskeleg å stå for ei anna syn, det kjende eg sjølv på som kristen på Haugerud. Men eg er ueinig med dei.
Dei som kallar seg bokstavtru, har gjort Widnes oppgitt opp gjennom åra.
– Dei tolkar jo også tekstane. Eg les Bibelen kontekstuelt, altså utifrå samanhengen den vart skriven i. Det er til sjuande og sist ein tekst som er nedskriven av menneske, basert på dei erfaringane og openberringane dei har fått.
Jesus er eit førebilete. Ho siterer evangeliet etter Markus: «Og Jesus sa til dei: Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten».
– Der ga Jesus oss eit viktig perspektiv på korleis ein skal tilnærme seg ritual, lover og reglar. I botn og grunn handlar det om kva som er godt for mennesket, seier ho.

---

4 raske

  • Gud er: Vanskeleg å gripe
  • Eg klarar meg ikkje utan: Ungane mine
  • På min gravstein skal det stå: Ho hadde eit godt liv
  • Boka alle må lese: Brødrene Karamazov  av Fjodor Dostojevskij

---

Rolla ein spelar

Då ho fekk jobben som generalsekretær i IOGT, slutta ho å drikke. Som ung og engasjert i Laget, smakte ho ikkje alkohol før ho var 18 år, men det var lite refleksjon rundt kvifor ein hadde eit restriktivt syn på dette, minnast ho.
– Det var berre ei pålagt norm. Vi skulle ikkje drikke, skulle ikkje danse. Det var nokre vaksne menn som sa det, men det var ikkje noko vi fekk eigarskap til.
I studentforbundet var det lausare rammer. I IOGT måtte ho ta til seg fråhaldsideen.
– Vil du kalle deg sjølv liberal eller konservativ?
– Det er interessant. For det er kanskje i dei mest konservative, kristne miljøa at restriksjonane mot alkohol er blitt ståande. Og det er ein av grunnane til at mange liberale ikkje er restriktive. Dei to ser ut til å henge saman.
Widnes meiner det er liberalt å reflektere rundt alkoholbruk og solidaritet.
– Er moderasjon ein kristen verdi?
– Eg fordømmer ikkje dei som drikk, eg har ein mann som gjer det. Men å ha ein refleksjon rundt kva rolle ein spelar overfor andre menneske, om det gjeld alkohol eller andre etiske utfordringar, det tenker eg er ein kristen verdi.

Øver seg på å døy

Mjaaaau, kjem det frå kjøkkenet. Widnes himlar oppgitt med auga og forsikrar om at katten har mat, altså.
Ho fortel om faren, som nyleg fekk ei kreftdiagnose. Sjølv veit ho ikkje om ho trur på eit liv etter døden. Men korleis skal ho snakke med han om det?
– Det er vanskeleg. Eg har ikkje alltid den same tryggleiken og vissa om at det er ein Gud der, som eg kanskje hadde meir som ung. Kan eg gi trøyst og håp til pappa? Eg veit ikkje.
Ho øver seg på å døy heile tida, fortel ho, sjølv om det høyrest forferdeleg ut.
– Korleis gjer du det?
– Eg tenker på kor mange friske leveår eg har igjen. Eg blir 50 i år. Kanskje eg har 10-15 friske somrar att, om eg er heldig.
Ho tykkjer vi burde snakka om døden som noko naturleg. Reflektere rundt kor ufarleg slutten på livet eigentleg er.
– Men det er lett for meg å seie, som er frisk og sunn.

Fronte det kristne

Å jobbe utanfor Kristen-Noreg har gitt henne meir rom til å spørje seg sjølv: Kva trur eg eigentleg, kvar er eg no? Men uansett kor mykje ho tvilar, ligg der ei integrert gudstru i sinnet hennar, i kulturen, i måten ho tenker rundt det meste på.
Også i dag gjer det trua sterkare å måtte forsvare den for andre.
– Min mellomste son sa til meg for nokre år sida: Mamma, eg trur du er kristen fordi du likar å vere i opposisjon. Og eg tenkte, han har kanskje litt rett i det. Trass i mykje tvil, så likar eg å identifisere meg med det å vere kristen, å fronte det. Særleg i ei sekularisert røynd.
Ho tenker tilbake på søndagsskuleposen. Krangelen med systera i oppgangen.
– Eg veit ikkje korleis det vart slik, men eg likar å forsvare det mange i vår samtid ser på som absurd. Her har eg mykje til felles med mine muslimske kollegaer. Retten til å ha andre opplevingar og erfaringar, det er viktig å kjempe for.

Kan eg gi trøyst og håp til pappa?

—   Hanne Cecilie Widnes

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro