Verdidebatt

Preben Aavitsland og fortapinga

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vårt Land intervjuar i dag avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, som har skrive følgjande på Twitter: "Og Jesus skal dømme noen milliarder mennesker til evig pine. Stalin var vel snill i forhold, for pinen i Sibir var tidsbegrenset".

Eg vil først seie at Aavitsland er ein framifrå forfattar og fagmann. Han har m.a. skrive eit hefte om diagnostikk og behandling av seksualoverførte sjukdomar; meir klart og konsist formulert enn noko anna eg har lese om dette emnet. Ei svært nyttig handbok i einkvar legepraksis! Då vi hadde ein større salmonellaepidemi i kommunen vår for nokre år sidan, var det også smitteverneksperten Aavitsland som vart bodsend og som analyserte seg fram til smittekjelda. Med sine mjuke sørlandskonsonantar og stillferdige framferd er han slett ikkje prototypen på ein busemann.

Men kanhende har han fått den sørlandske pietismen i vrangstrupen, sidan han spissformulerer seg slik at Stalin synest snill i forhold til den hjarterå Jesus. Han er likevel ikkje den første som ryggar litt attende for Johannes openberring sine skildringar av eldsjøen og dommedag. I vanleg forkynning på bedehus og i kyrkjene trur eg likevel dette har vorte tona ned siste halvannan generasjon. Det sterkaste ordet eg høyrde brukt på mitt barndoms bedehus var "fortaping", utan at dette vart nærare utdjupa, utanom som ein tilstand utan Gud. Uttrykket "brenne i helvete", som mange trur er så vanleg på bedehusa, har eg sjølvsagt aldri høyrt der, og knapt nok elles, bortsett frå då Silje Stang i P4 hadde slikt ønskje for kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

Biologisk sett er det vanskeleg å tenkje på døden som noko anna enn eit punktum for det aktuelle individet sitt liv. Dei fleste ikkje-truande i vår tid tenkjer kanskje slik, men sidan det meste ved tilværelsen er eit mysterium, går det også an rekne som Elias Blix at "nytt liv av daude gror". Kristen tru på "oppstoda av lekamen" er basert på vitnemåla i Bibelen om at Jesus vann over dødskreftene. Men sjølv for kristne er fortapelsen eit stort tankekors; nesten verre enn problemet med vondskapen og lidinga som råkar så vilkårleg og urettferdig i det livet vi kjenner. For med menneskeleg fornuft er det lett å sjå at både i fortid og samtid er muligheita for tru på Gud, iallfall "vår" Gud, nokså ulikt fordelt mellom menneska. Det beste er kanskje å overlate det heile til nettopp Gud, som er meir rettferdig enn vi kan vere. Iallfall skal vi vere ytterst varsame med å dømme våre medmenneske, både på eine og andre måten.

Per Lønning skreiv om temaet i boka "Fragmenter" (1986), der han i litt tabloide formuleringar gav uttrykk for at djevelen neppe kunne vinne på poeng; dvs det kunne ikkje vere slik at dei fleste gjekk "fortapt". Ei anna intellektuell løysing kan vere å tenkje at folk får etter si tru; dvs at dei som trur at døden er sluttstreken, vil oppleve nettopp dette; eller rettare; ikkje sanse noko meir. Den utrøyttande Ragna Opsvik frå Stranda på Sunnmøre skriv stadig i Vårt Land og Sunnmørsposten at Jesu sonoffer galdt alle menneske og difor vil frelse dei uavhengig av personleg tru. Dette er det mest ytterleggåande standpunktet andre vegen og liknar på det Origenes Admantios (185-254) i si tid stod for; på gresk kalla "apikastasis".

Sjølv likar eg godt opsjonen "gjenopprett" på datamaskinen, og for det eg veit, kan Gud ha ein slik også på sin. Iallfall står det at "dommen høyrer Herren til" Då er den iallfall ikkje vår sak. For mykje grubling på slikt som vi likevel ikkje kan få svar på, gagnar verken oss sjølve eller våre medmenneske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt