Verdidebatt

Innvandring og økonomi

Innvandringa kostar fleire titals milliardar kroner i året og vil fjerne det økonomiske fundamentet for ein velferdsstat for barna og barnebarna våre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Udokumenterte påstandar

Både politikarar og presse har gitt uttrykk for at innvandring er bra for norsk økonomi. Generalsekretær i Europarådet, Thorbjørn Jagland, sa i mai 2011 "at politikerne, også i Norge, har forsømt seg når det gjelder å fortelle om hvor avhengig Europa faktisk er av innvandring". I NOU 2004: 20 om Ny utlendingslov kunne ein lese at frå slutten av 1990-tallet gjaldt parolen: "Uten innvandring stopper velferdsstaten". Fem år seinare, 19. august 2009, formulerte dåverande utanriksminister Støre seg slik i ein debatt på NRK-TV: "Dette landet hadde ikke gått rundt om ikke folk med innvandrerbakgrunn hadde jobbet her". Og i ein leiarartikkel i Sunnmørsposten sist haust vart det hevda at innvandring bergar økonomien vår. Felles for desse og liknande påstandar er at dei ikkje er underbygde med fakta. I beste fall kan dei gjelde for somme bransjar, tidsrom eller innvandrarar, men som generelle utsegner om økonomi og innvandring, er dei riv, ruskande galne.

Frischrapporten frå 2003 om dei første arbeidsinnvandrarane

Dei første hintet om at sjølv arbeidsinnvandring berre gjev eit positivt bidrag til økonomien i nokre få år, kom Frischsenteret (oppkalla etter Ragnar Frisch, norsk nobelprisvinnar i økonomi) med alt i 2003. Forskarane Bratsberg, Raaum og Røed såg kor det gjekk med dei 2700 innvandrarane frå Pakistan, India, Tyrkia og Marokko som kom til Noreg i perioden 1971-1975. Data frå skatteetaten viste at etter ti år, då dei fleste var midt i 30-åra, byrja yrkesaktiviteten deira å falle. Ved femtiårsalderen var berre 61 prosent i arbeid, mot 92 prosent av nordmenn med same alder og utdanning, dvs ein forskjell på 31 prosentpoeng. Etter ytterlegare fem år hadde differansen auka til 37 prosentpoeng. Då var halvparten av innvandrarane ute av arbeidslivet og levde av uførepensjon eller annan offentleg stønad, mot berre tretten prosent i kontrollgruppa av nordmenn.

Høg sysselsetjing er avgjerande for økonomien

Kva har så sysselsetjinga å seie for økonomien? Svaret fekk vi i NHO-rapporten "Arbeidsliv i klemme", publisert i tidsskriftet Horisont i 2006 (nr 2) og referert i Aftenposten 12. juni same året. Sjeføkonom Einar Jakobsen vurderte der eit generelt fall i yrkesaktivitet på sju prosentpoeng som like ille som å tape heile oljeformuen. Statsminister Stoltenberg har sagt noko liknande: "Det ikkje er oljen, men arbeidsinnsatsen vår som gjer oss rike." Og i motsetning til mange andre har han heller ikkje påstått at landet tener på innvandring, men så er han då også utdanna sosialøkonom.

Stor innvandrarbefolkning får avgjerande konsekvensar for økonomien

Viss alle her til lands arbeidde like kort tid som dei første ikkje-vestlege arbeidsinnvandrarane gjorde, ville vi ikkje berre vore utan eit statleg pensjonsfond, men heller ikkje hatt råd til nokon velferdsstat. Desse innvandrarane var likevel så få, knapt 3.400, at tidleg overgang til trygd for dei, spelte lita rolle for offentlege budsjett. Men berre dei pakistanske innvandrarane har i åra etter "innvandringsstoppen" i 1975 auka til 17.000, og i tillegg kjem 19.000 norskfødde barn. Og talet på somaliske innvandrarar steig med 16% berre i fjor og tel no 33.000 personar, medrekna barn som er fødde her. Meir avgjerande for økonomien i landet er såleis kva innsats alle desse, og fleire hundre tusen andre med liknande bakgrunn, har vist seg å kunne yte i arbeidslivet.

Frischrapporten frå 2011 om flyktningar og familieinnvandring

Då Brochmannutvalet i 2009 vart utnemnd for å greie ut om "Velferd og migrasjon" (NOU 2011: 7 Velferd og migrasjon. Den norske modellens framtid.), ba dei difor Frischsenteret finne ut korleis arbeidshistorikken hadde vore for innvandrarar som kom etter 1975. I tillegg til også å sjå på familieinnvandrarar frå Tyrkia og Pakistan, granska forskarane korleis det hadde gått i arbeidslivet for flyktningar frå Vietnam, Iran, Sri Lanka, Chile, Bosnia, Irak og Somalia. Resultatet av undersøkinga finn ein  i Frischrapport 1/2011, "Yrkesdeltaking på lang sikt blant ulike innvandrergrupper i Norge", der det står slik i samandraget:

 "Etter 25 års botid er sysselsettingsratene for innvandrermennene 57 prosent. For de norskfødte sammenlikningsgruppene ligger sysselsettingsandelen for 48 år gamle menn på 88 prosent. For kvinner er yrkesdeltakingen etter 25 år i landet 24 prosent for innvandrergruppene, sammenliknet med 82 prosent i de norskfødte sammenlikningsgruppene med tilsvarende alder.

Bruken av trygdeytelser viser en svært kraftig økning med botid allerede etter rundt 10 år i Norge, sammenholdt med den tilsvarende tidsutvikling for de norske sammenlikningsgruppene. Etter 25-30 års botid (alder rundt 50-55 år) er rundt halvparten av innvandrerne i disse gruppene mottakere av en uføre- eller rehabiliteringsytelse. Noe overraskende gjelder dette mønsteret både for kvinner og menn, til tross for de svært forskjellige sysselsettingsmønstrene etter kjønn avdekket i det forrige avsnittet."

Innvandring til sosialhjelp og tidleg uførepensjon

Det meste av ikkje-vestleg innvandring til Noreg har såleis vore ei innvandring til sosialhjelp og tidleg uførepensjon. Ei muleg forklaring er store psykiske påkjenningar tidlegare i livet, slik båtflyktningane frå Vietnam og tamilane, som rømde frå den blodige borgarkrigen på Sri Lanka, har opplevd. Men nettopp desse to gruppene har høgast sysselsetjing, nesten på linje med nordmenn. Minst yrkesaktive er folk frå Somalia.

Innvandring eller velferdsstat?

Brochmann-utvalet peikar på at relativt god løn for ufaglærte gjer at vi i større grad enn andre land trekkjer til oss ufaglærte. Velferdsstaten dekkjer også i stor grad lønnstap ved arbeidsløyse, sjukdom eller uførleik. Dette, og ikkje traume i fortida, er truleg hovudårsaka til storforbruk av trygder og tidleg uførepensjon for innvandrarar frå ikkje-vestlege land. I følgje Frischsenteret fekk mange av dei første arbeidsinnvandrarane uførepensjon med forsørgjartillegg og difor meir utbetalt enn dei tidlegare hadde hatt i løn. Den økonomiske drivkrafta til å halde fram i arbeid vart då borte. Då den første Frischrapporten vart publisert i   "Journal of Labour Economics" i 2007, fekk han då også tittelen "When minority Labour Migrants Meet the Welfare State". I tillegg gjev lågare levekostnader i heimlandet, enten det er eit austeuropeisk eller vestasiatisk, også meir for pengane ved retur dit. Dette blir forsterka av EØS-avtalen, som inneber at alle nasjonale sosiale ytingar kan eksporterast.

Skatteinntekter minus sosialutgifter

Tenkjetanken Human Right Service (HRS) gav i 2009 ut rapporten "Tell ikke meg. Innvandringens kostnader og konsekvenser", som var eit innvandringsrekneskap basert på statlege inntekter minus utgifter knytt til innvandrarar. Dei kom til ein differanse på mellom 16 og 25 milliardar i året. I tillegg til dette tapet kom reduksjon i verdiskapinga på 22 milliardar kroner. Fram mot 2060 vart tapa stipulerte til det mangedobla. I år kom HRS med "Skatte- og trygderegnskap for Norges husholdninger" basert på tal frå SSB. Dei norske gav eit positivt bidrag på 3.752 kroner, dei vestlege eit negativt på 2.600 kroner og dei ikkje-vestlege eit negativt på 24.000 kroner. Heldt ein alderspensjonen utanfor, vart skilnadene dramatiske: Heile 81.000 mellom norske og vestlege, 108.000 mellom norske og ikkje-vestlege og 144.000 mellom norske og flyktningar. Samanlikna med 2009 vil dette kunne gje ein reduksjon i offentlege inntekter på 28 milliardar per år alt i 2030 og 117 milliardar i 2060. 

Kva med framtida?

I mai 2012 kom SSB-rapporten "Makroøkonomi og offentlige finanser i ulike scenarioer for innvandring", også han bestilt av Brochmannutvalet. Som tittelen seier gjeld dette økonomiske konsekvensar for framtida, gitt mellomalternativet til SSB om innvandring og folkevekst og same yrkesaktivitet som registrert i 2006. Innvandrarane blir grovt inndelte i tre grupper: Vestlege (R1), austeuropeiske (R2) og afrikanske/asiatiske (R3). Etter som også innvandrarar får barn og blir gamle, er utgiftene til omsorg for desse rekna med. SSB har så sett på dei økonomiske følgjene av ei tenkt, ekstra innvandring på 5.000 personar per år frå ei av desse gruppene frå 2015 til 2100. R3-gruppa vil då gje eit tap på 7-9 milliardar per år, medan ein initial vinst blir gradvis redusert for dei to andre. Dette er tilfellet trass i at SSB har hatt som føresetnad at både dei to første innvandrargruppene og alle etterkomarar, sjølv i R3-gruppa, vil ha like stor yrkesaktivitet som ikkje-innvandrarar.

Men det blir vedgått at desse vilkåra "ikke har noe solid grunnlag". Difor er det også rekna på resultatet viss R3-etterkomarane får same økonomiske åtferd som foreldra. Då vil offentlege finansar bli svekka med 16 milliardar per 2050 og med 24 milliardar i år 2100. Viss også austeuropearar og deira etterkomarar får ei sysselsetjing på nivået som ikkje-vestlege innvandrarar hadde i 2006, vil resultatet bli 38 milliardar lågare offentleg nettoinntekt per år i 2050 og 61 milliardar i 2100, alt i 2006-kroner. Ferske undersøkingar i regi av Frischsenteret indikerer at dette kan skje. Utrekningane ovanfor er baserte på tenkte grupper på 5.000, medan den faktiske innvandringa frå land i gruppe R3 berre i fjor var på 18.000 personar. Ein av dei som stod bak denne rapporten, forskingsleiar Erling Holmøy i SSB, seier difor at innvandring har visse fellestrekk med pyramidespel, dvs somme kan tene på kort sikt, men samla sett er det i lengda ikkje lønsamt. Sagt på ein folkeleg måte: Det er som å pisse i buksa for å halde varmen.

Innvandringa skaper større arbeidskraftbehov enn ho dekkjer

Sjølv dagens direkte utgifter til Utlendingsdirektoratet og til "Integrering og mangfald" på 11-14 milliardar per år blir små samanlikna med tapa skissert ovanfor.  Men dei aller største utgiftene ved vidare innvandring og folkevekst har verken Frischsenteret eller Statistisk Sentralbyrå teke med. Sjølv om den etnisk norske befolkninga vil minke frå 4.2 millionar til godt under fire i løpet av dette hundreåret, vil folketalet pga innvandring stige bratt: Til sju millionar i 2055 og 9 millionar i 2100 etter middelalternativet til SSB, og til seks millionar i 2027, sju millionar i 2045 og ni millionar i 2086 etter høgalternativet. Kanskje kan det gå endå verre. Så seint som i 2005 spådde SSB at vi først ville nå fem millionar i 2020, og bomma med åtte år! Sjølv i ei tid der BNP veks, har den raske auken i folketalet gitt lågare BNP per innbyggjar i alle år frå 2008-2011. Men framfor alt vil dette i tiåra som kjem krevje enorme utgifter til ny infrastruktur. Aukar folketalet med 2 millionar før 2045, treng vi alt om 30 år ein 40% auke i talet på barnehagar, skular, husvere, transportkapasitet, sjukehus, sjukeheimar og fagfolk av alle slag. Leiar for liberalistane i Civita, Kristin Clemet, har også her på Verdidebatt skrive at det er ikkje innvandringa, men velferdsstaten det er noko gale med. Sjeføkonom i LO, Stein Reegård, har ei meir nøktern og realistisk oppfatning. I Dagbladet, 2. juni i fjor sa han det slik: "De to høyreideologene (Clemet og Hegnar) bygger opp under forestillingen at innvandring løser viktige samfunnsutfordringer. Jeg nøyer meg med å påpeke at "mangel på arbeiskraft" nok er relevant fra en enkeltbedrifts eller -bransjes side, men gir liten mening for et samfunn. Grunnen er at nye arbeidstakere i sin tur mobiliserer arbeidskraftbehov og etterspør boliger, tjenester og offentlige ytelser som oss andre." I møte med Stortingets finanskomite 18. oktober i fjor sa Reegård det så enkelt : "Hver gang det kommer en innvandrer, så trenger vi en ny, for at den første skal få bolig, helsestell, barnehagetilbud, transport, osv."

Konklusjon

Skal ein bevare velferdsstaten, kan ein berre tillate eit minimum av innvandring; til dømes midlertidig asyl for reelle flyktningar og varig opphald berre for spesialistar som landet treng. For å realisere dette må både EØS- og Schengenavtalen seiast opp, og vi må erklære oss ubundne av dagens tolking og praktisering av menneskerettserklæringar skrivne i ei anna tid og for heilt andre tilstander. Slike tiltak er sjølvsagt svært urealistiske i dag, men vil kunne tvinge seg fram på lengre sikt. Fram til då får alle innvandringsliberale seie ope og ærleg at dei prioriterer utlendingar framfor fattige, arbeidslause, sjuke, uføretrygda og eldre blant sine eigne landsmenn. Noko anna vil vere hykleri eller kunnskapsløyse.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt