Verdidebatt

På tynn is om kyrkjeleg mandat

Det går an å vere kristeleg uenig om kva felt av havet vårt det skal utvinnast olje i, men kyrkjene treng å kome langt meir på bana i kritikken av forbruksspiralen og vekstideologien.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er prisverdig at Ketil Solvik-Olsen deler sine refleksjonar om korleis han tenker som kristen politikar og korleis han vektar ulike sider ved trua ut frå Bibelen. Samtidig må han finne seg i at vi peikar på kor påfallande det er at han set til sides vesentlege sider i teologi og bibelsk etikk når dei blir for utfordrande for hans eige politiske prosjekt. Kristne politikarar i andre parti ville sikkert gå i same fella om dei let seg intervjue. Slik er vel den dynamikken som heiter offentleg profilering, og då blir media meir ein arena for avhengig reaksjon enn for uavhengig refleksjon.

I alle fall kan ikkje kyrkjene la seg binde av slike politisk avgrensa agendaer. Solvik-Olsen har naturlegvis rett i at livsvern og menneskeverd er avgjerande kristne verdiar for politikken. Saman med fleire andre fell hans eige parti totalt gjennom i slike spørsmål. Han har også rett i at ei heterofil ekteskapsforståing og barns rett til far og mor er grunnleggande kristne verdiar, og eg håper han kjempar for dei restane av restriksjon som framleis finns i FrP her. Også i kamp mot antisemittisme og i kamp for Israels rett til fred og trygge grenser er det lett å finne god argumentasjon i kristen etikk, samtidig som den same etikken ikkje kan oversjå at konflikten i området også har ein annan lidande part med rettar, palestinarane.

Når Solvik-Olsen avviser mandatet vi som leiarar for misjon og kyrkje har for å formane til klimaorientert forvalting og langsiktig berekraft og kjempe for sosial og global rettferd, er han likevel på tynn is. Profetane i Bibelen er beintøffe i forkynninga av sosial rettferd i det dei står opp for dei svake og undertrykte. I ei globalisert verd må det kunne adresserast utover nasjonalstaten. Det utfordrar politikarane til å prioritere det livsviktige berekraftspørsmålet og sjølve vekstideologien som er i ferd med å kvele luft, jord og vatn. Bibelens Gud boblar av skaparglede og ber oss forvalte, ikkje øyde skaparverket – som «høyrer Herren til». Politikarar har ikkje som oppdrag å berge Guds-dyrkinga og det første bodet, men ein kristen politikar har ein god basis til å seie at livet er meir enn ein marknad. Politikken må ta høgde for at velstand er noko kvalitativt anna en forbruksvekst. Det ligg til kyrkja sitt profetiske kall i samfunnet å minne om dette. Det går an å vere kristeleg uenig om kva felt av havet vårt det skal utvinnast olje i, men kyrkjene treng å kome langt meir på bana i kritikken av forbruksspiralen og vekstideologien. Alle parti treng kyrkjer som tar dette kallet på alvor.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt