Verdidebatt

Skrivebordsterror

Internett har gjort det greitt å skriva at ein vil straffeknulla kvinner ein er usamd med. Det er eit trugsmål mot ytringsfridomen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den svenske journalisten og forfattaren Lisa Bjurwald innleier si nye bok Skrivbordskrigarna – hur extreme krafter utnyttjar internet – med sitater om henne sjølv, henta frå den ganske berykta nettstaden Flashback. Eitt av dei: «Skulle knappast tacka nej til att straffknulla den här korkade horan og lägga min ariska säd i munnen på henne». Eit anna: «Nackskott, anser jag».

Bjurwald si bok har vorte endå meir aktuell grunna ein dokumentar i SVT sin Uppdrag granskning-serie, den svenske statskanalen sin variant av Brennpunkt.

Dokumentaren fortalde om hetsen, hatet og trugsmåla kvinner som opptrer i det offentlege møter. Den fokuserer på ei ung kvinne, Julia, som kritiserte kleskjeda Hennes & Mauritz på facebooksidene deira. Kritikken ho leverte handla om at H&M ikkje burde ha utstyrt eit klesplagg med trykk av den avdøde amerikanske rapparen Tupac Shakur, som er dømd for eit seksualbrotsverk. Det kom tusenvis av svar. Blant dei var det mange som vanskeleg kan skildrast som noko anna enn hets. Ho vart oppmoda til å ta sjølvmord. Det var skrive at ho burde voldtas, steinast, verta hengd. Folk skreiv at dei ville slå henne, spytta henne i ansiktet. Ein person skreiv at han syntest det var altfor få som vert skotne i Sverige. Ein annan la ut adressa hennar. Nokre av dei nemnde kommentarane var skrivne under falsk namn, men mange var det ikkje. Det var ikkje anonymiteten som var problemet.

Historia om netthetsen mot Julia er ikkje ei forteljing om høgreekstremisme. Fleire av dei som truga henne var av innvandrarbakgrunn. Men det er ei forteljing om korleis nettdebattar kan spora fullstendig av i hets, og det er ei forteljing om ytringsfridom. Korleis? Det skal eg koma attende til.

Oppfordret til å oppsøke journalister hjemme

Samstundes er det liten tvil om at ekstreme grupper og folk med ekstreme meiningar utnyttar også dette potensialet ved internett. I dokumentaren vart ei rekkje kvinner som i motsetnad til Julia er kjende mediaansikt også spurt om deira opplevingar med netthatet. Dei kunne fortelja at det var særleg to tema som utløyste det. Det eine: innvandring og integrering. Det andre: feminisme.

SVT la også ut ein film på YouTube, der nokre kvinner les opp dei hatefulle meldingane dei har motteke. Ei av dei er Åsa Linderborg, som siterer: «Det har jo vist seg tidlegare at nokon har kjent igjen ein propagandaspreiande kakerlakk eller eit svenskfiendtleg svin på gata eller i ein butikk». Etter ei stund måtte kommentarfeltet under filmen stengast. Årsak: for mange nye hat- og trusselinnlegg.

Men kva er poenget med slike innlegg? Kva er det dei skal tena til? Her er det to ting å seia: Det fyrste er mange av dei som skriv slikt nok ikkje har noko særleg reflektert tilhøve til kva dei driv på med, og nokre kjem med skitsnakk kun for å provosera. Men andre gjer det utvilsamt i eit forsøk på få brysame politiske motstandarar, journalistar og då spesielt profilerte kvinner til å halda kjeft. Her kan det vera verdt å peika på at den innvandringsfiendtlege, høgreradikale nettstaden Avpixlat som svar på Aftonbladet sin kampanje Granska skiten valde å leggja ut ei oppmoding til sine lesere om å oppsøke journalister hjemme:

«Bostadsadresser för de flesta politiker, journalister och andra PK-personligheter finns bara några kostnadsfria musklick bort på tjänster som t.ex. Ratsit.»

Oppfordringa var utstyrt med eit skjermbilete frå eit adressesøk på nettopp Linderborg. Nettsida oppmoda ingenlunde til valdsbruk, men til «lite försiktig uppsökande verksamhet». Dei gjorde det vel vitande om trugselbiletet mot Linderborg. Dei burde også vera klår over kva for kommentarar som tidlegare har kome på deira eigen nettstad. Ein lesar – som til alt overmål er lokalpolitikar i Sverigedemokraterna – hamna til dømes i både media og politiet sitt søkjelys etter å ha skrive kommentarar som denne:

«Jag skulle aldrig vittnat om jag såg [statsminister] Fredrik Reinfeldt eller [finansminister] Anders Borg bli skjutna, tvärtom hissat den svenska flaggan för dom är de värsta i vår historia, obs [sosialdemokraten] Mona Sahlin räknas också dit».

Karikaturen Sverige

Den norske bloggaren og skribenten Bjørn Stærk hadde nyleg ein lang artikkel i Aftenposten der han blant anna fortalde om Sverigedemokraterna og om Avpixlat.

Sjølv om Stærk klarar å sausa saman forfattaren Henrik Arnstad sin tåpelege kommentar om at Framstegspartiet «kanske» er «världens största fascistparti», teaterregissøren Sofia Jupithers åtak på Thorbjørn Egner og den kritikken som råkar Sverigedemokraterna og Avpixlat, har han nokre interessante poeng: Det er riktig at svenske veljarar som ynskjer ein strammare innvandringspolitikk ikkje har hatt særleg mange alternativ til Sverigedemokraterna. Det er utvilsamt ein viktig del av forklaringa på at partiet veks, sjølv om det har vakse ut frå det som var opent rasistiske (og tildels også nazistiske) miljø på 1980-talet, og sjølv om det vert avslørt at riksdagsmenn kjem med rasistisk og kvinneforaktande skitsnakk og væpnar seg med jernrør på byen.

Stærk sitt problem er at han teikner opp eit karikert bilete av Sverige. Han skriv: «I Sverige virker det som du må velge: SD, anti-SD - eller hold kjeft og lat som ingenting». Som eit argument nyttar han Åse Linderborg sin reaksjon mot Expressen-skribenten Karin Olsson, då sistnemnde kritiserte Aftonbladet sin Granska skiten-kampanje. Linderholm meinte at Olsson gjennom å sjå på Aftonbladet sin reportasje som inkvisatorisk plasserte seg «bland järnrör och nynazister».

Men i røyndomen er det faktum at Aftenbladet sin kampanje fekk beinhard kritikk i Expressen eit døme på det rakt motsette av det Stærk seier, nemleg ein høgst levande debatt. Det skulle berre mangla, i eit land der tidlegare integrasjons- og likestillingsminister Nyamko Sabuni – for øvrig fødd i ein kongolesisk, muslimsk flyktningfamilie i Burundi i 1969 – har markert seg med (langt frå urimeleg) islamkritikk, og der Moderatarna sin migrasjonsminister no snakkar om at «dagens asylinvandring inte [er] hållbar».

Utfordringa

Utfordringa er at det ikkje er alle som ynskjer ein levande debatt. Det såg ein – etter det meste å døma – nyleg i Danmark, der ein ukjent gjerningsmann freista å ta livet av Lars Hedegaard. Det er eit heilt konkret og valdeleg angrep på ytringsfridomen, og det er det heilt uavhengig av at Hedegaard er meir enn «islamkritikar», som han no blir kalla i media (Eit Hedegaard-sitat: «Efter den tyske besættelse af Danmark var der en del, som havde samarbejdet med fjenden, som kom i knibe. Det samme kunne ske her … Dette kan ikke blive løst med et kompromis, det er enten vores civilisation eller deres ikke-civilisation og barbari. Vore to livsmåder er som ild og vand. En af dem må sejre»). Det same ser ein når Lisa Bjurwald vert utsett for grov hets og seksuell sjikane frå den ekstreme høgrekanten.

Difor vert det også litt vel enkelt når Stærk kritiserer Aftonbladet for å gå til åtak på ytringsfridomen når dei etterlyser strengare lovverk. Avisa stilte nemleg spørsmål ved to ting: Det eine var om det verkeleg ikkje var hets mot folkegruppe når den høgreekstreme nettsida Nationell omtala somaliarar i sterkt negative vendingar, blant anna med ein påstand om at dei har særs låg IQ.  Så langt har Stærk eit poeng. Sjølv om dette er rasistisk ræl kan ein gjerna meina at det er innanfor ytringsfridomen – som må ha vide grenser. Rasismen som ligg bak ytringane lar seg neppe bekjempa gjennom lovverk. Men det andre spørsmålet Aftonbladet stilte handla om noko heilt anna, nemleg om oppmodingar til vald. I kommentarfeltet til Nationell kom det nemleg kommentarar som «Det ska vara farligt att stå för en generös invandrarpolitik», «Dags att börja skjuta politikerna!» og «Om man bedriver denna politik vi ser så är man emot Sverige och det finns bara ett straff för landsförräderi, arkebusering».

Sidan kommentarane ikkje var retta mot ein konkret person, er dei ikkje ulovlege. Heller ikkje i dette høvet har eg særleg tru på lovverk som løysing. Eg har tru på breie motreaksjonar.

I møtet med konkret valdsfantasiar og sjikane er det imidlertid på sin plass å byrja å snakka om korleis ein også skal styrkja den juridiske innsatsen: i både Noreg og Sverige har det å gå til politiet med slike saker idag avgrensa effekt. Her ligg spørsmålet om ytringsfridom som eg nemnde innleiingsvis. Men det er ikkje eit spørsmål om ytringsfridomen til dei som kjem med skiten. Det er eit spørsmål om ytringsfridomen til dei som vert utsett for han.

Dermed er det på sin plass å sitera Lisa Bjurwald si nye bok igjen, sjølv om eg har innvendingar mot analysar ho gjer andre stader i boka. I forordet skriv ho:

«Internets utveckling har gått presis så snabbt som jag och mina vänner fantiserade om på 1990-talet, när många unga ur min generation flyttade utomlands och sökte sig till den skinande IT-bubblan. Trådlost gratisnät i luften, ständig uppkoppling i mobilen och ögonblicksbilder spridda til omvärlden med ett knapptryck var just det vi hoppades på i framtiden. Den nästan totala integreringen av nat och fysisk verklighet framstår inte längre som science fiction. I Sverige har andelen ständigt uppkoblade ungdomar och unga vuxna, det vill säga de som använder sociale medier som Facebook i mobilen, ökat från 20 till 46 prosent på bara ett år.« «Men samhällets ansvarskänsla har inte hängt med. Inte heller den juridiska utveklingen. För faktum er att påhopp, hot och förtal likt de inledande nätcitaten fortfarande är svåra att komma åt. Ofta, när det gäller sajter som svenska Flashback, ett Mecka för förtal, ar det rent av omöjligt.»

Med andre ord: Internett har gjort det greitt å skriva at ein vil «straffeknulla» Bjurwald. Ho har jo vore frekk nok til å driva journalistisk arbeid på ekstremisme, og syndar i tillegg ved å vera kvinne.

At ho – og mange med henne – vert utsett for slikt er eit åtak på ytringsfridomen. Og det er eit åtak som bør takast på alvor.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt