Verdidebatt

Anonym donasjon, surrogati og "Tore på sporet".

På den eine sida jaktar folk over heile landet etter sine gentiske røter. På den andre sida går debatten om rett til anonym donasjon av sæd og egg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Me lever i ei tid full av motsetnader. Dette gir seg og tydelege utslag i samfunnsdebatten. I desse dagar samlar ca. 1,2 millionar menneske seg ved fjernsynsskjermen kvar søndagskveld for å fylgja programmet ”Tore på sporet”. Der blir me vitne til menneske som er på intens jakt etter sine røter og sitt opphav. Stor oppslutnad har også serien ”Vet du hvem du er?”

Me får presentert personar og lagnadar som til fulle viser kor utruleg viktig det er å få vita kven ein er, kor ein kjem frå og kven som er dei viktige personane i livet.   Problemstillinga er velkjent alt frå skodespelet ”Vildanden” av Ibsen, og det er ei problemstilling underskrivne kjenner vel til frå arbeidet som psykiater.  For somme er det ein avgjerande føresetnad for å koma vidare i livet at dei får vita kven dei er og kor dei kjem frå.

Parallelt med dette har me gåande ein debatt om sæd-donasjon, egg-donasjon og surrogati.  Ein del av debattantane er openbert av den meining at spørsmålet om barnets rett til å kjenna til sitt opphav, bør kunna vika for vaksne sitt sterke ynskje om å få born.  Borns behov for å få kunnskap om dette feltet blir vurdert som mindre viktig.  Me dette behovet er ivaretatt både i Barnekonvensjonen og Den Europeiske Menneskerettserklæringa.

Underskrivne er og djupt usamd med dei som meiner omsynet til barnet må vika i slike saker, og eg finn det vanskeleg å forstå at omsynet til barnet og barnets framtid på denne måten skal bli sett på sidelinja.

Frå eigen praksis kjenner eg tilfelle der ein person som var adoptert, var så oppteken av å finna sine biologiske foreldre at då ho sjølv fekk bar, melde det seg ein heilt uimotståeleg trong til å finna fram til sitt biologiske opphav.  Heldigvis lukkast ho med det etter mykje strev. I dag er ho lukkeleg mor til fleire born.

Å kjenna sine røter er eit tema som er langt meir djuptgripande for mange menneske enn debattantane og fleire politiske parti synest vera klåre over.  Det dreiar seg om sjølve identiteten.  Rett nok kjenner ikkje alle det slik. Somme ser det med røter og opphav som mindre viktig. Men ein kan ikkje på førehand vita kven av dei som veks opp, som slekt og røter blir viktig for. Så langt det er mogeleg, bør me derfor i norsk lovverk leggja til rette for at alle born skal ha høve til å kunna kjenna sitt opphav.  No veit me at for somme grupper, t.d. ein del utanlands-adopterte born, er det uråd å spora tilbake.  Men det ligg utanfor det norsk lovverk kan påverka.

Det våre lovgjevarar kan og bør sikra, er at anonymitetsprinsippet ikkje får plass i norsk lovverk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt