Verdidebatt

Om sorteringssamfunnet

Tankar etter ein nettdebatt

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For nokre dagar sidan hadde forfattaren og Brageprisvinnaren Lars Amund Vaage, eit særs leseverdig blogginnlegg han kalla «Menneskesyn». Dette vart lagt ut på nettsidene til ei av våre større aviser.   I bloggen sin uttrykkjer han ei redsle for at biovitskapen er komen langt i å oppdaga såkalla avvik på eit tidleg stadium, slik at foreldre vert stilt overfor val dei aldri har måtta gjera tidlegare.  Konsekvensane av denne kunnskapen, er at foster – der ein kan påvisa Downs syndrom, systematisk vil verta luka ut.  Forfattaren stiller seg med rette spørsmålet om vi vil ha eit samfunn utan Downs syndrom og andre funksjonsnedsetjingar.

Han stiller spørsmål ved kva for menneskesyn som ligg bak ein politisk agenda som vil gje foreldre eit tidleg tilbod om slik kunnskap – her gjennom ein duotest i form av ultralyd og blodprøve.  Både bioteknologinemnda og annan legeekspertise seier at det ein avdekkar på eit tidleg stadium (veke 9 -12), er indikasjonar på downs syndrom og nokre andre tilstandar. Og kunnskapen om kartlegging av andre typar avvik er i rask vekst.  Ein kan ikkje i denne fasen av svangerskapet stilla diagnosar som kan behandlast.  Den såkalla tidlege ultralyden vert dermed eit tilbod som avdekkar avvik og berre det.

Reaksjonane lot ikkje venta på seg.  Kommentarfeltet gjekk varmt og meiningane vart mildt sagt delte.

For min eigen del vart eg både oppgitt og opprørt over ein del av dei haldningane som kom til uttrykk på nettsida.  Nokon nettdebattantar skyt frå hofta og manglar tydelegvis både sperrer og sosiale antenner for kva som er sakleg argumentasjon og god tone.  Sjølv om eg tek høgde for alt dette, så var likevel omfanget og innhaldet i mange av kommentarane opplevd som skremmande.   Her kjem nokre få døme på dette:

·        «SELVSAGT ønsker vi et samfunn uten mennesker med Down! Ingen ønsker seg barn med Down eller noen annen sykdom, kromosomfeil eller andre defekter. Hverken for egen del, barnets eller samfunnets…..»

·        «Men å bevisst lukke øynene for alvorlige foster-feil, og bevisst bringe slike barn til verden, vel vitende om at det er noe ALVORLIG galt med dem? Dette er ikke annet en ren egoisme og ansvarsfraskrivelse fra foreldrenes sin side….»

·        «Spørsmålet er om funksjonshemming er et fenomen som i seg selv bør “tas vare på” slik at det ikke blir borte. Og alle vet at det ikke er slik….»

Døma eg viser til talar sitt eige språk og treng eigentleg ingen ytterlegare kommentarar.  Eg kunne tatt med fleire kommentarar og for den del verre enn desse, men dette bør halda.  Uansett synleggjer dette eit stort behov for å kjempa menneskeverdet si sak.  Vi har tydelegvis ein lang veg å gå – ja, kanskje lengre enn nokon gong?

Kva er det som gjer at slike haldningar festar seg hos mange? Kan det ha samanheng med ein politikk som legg til rette for lett tilgang til kunnskap og problemstillingar ein slapp å ta stilling til tidlegare?  Ein kikkar i fasiten men har samstundes mista evna til å løysa oppgåva.

Mange unge og vaksne med Downs syndrom får med seg denne debatten.  Kva dette gjer med deira sjølvbilete og sjølvforståing, treng ein ikkje så mykje fantasi til for å skjøna.

I den same nettdebatten hevdar fleire at dei personleg ikkje ville vera i stand til å oppdra eit barn med funksjonsnedsetjingar.   Difor ville abort vera einaste løysinga for dei.  Å ta stilling til slik kunnskap i ein sjokkarta fase, er etter mitt syn ei umenneskeleg øving.  Dei som likevel har fått barn med funksjonsnedsetjingar har heilt andre forteljingar. Det vart ikkje verdas undergang likevel. Det vart annleis og for nokon svært strevsamt, men samstundes erfaringar ein ikkje ville vore forutan. Og dei var glade for at dei slapp å ta stilling, fordi dei er nesten sikre på kva som då ville blitt utfallet (abort). Sjølv om det er mykje som må forbetrast i Norge i forhold til hjelpetiltak, så har ein likevel eit godt utbygd støtteapparat. Det er hjelp å få!

Det mest skremmande med denne debatten er jakta på det optimale og det såkalla friske – para med kyniske kostnadsargument.  Det har likskapstrekk med ideologiar vi absolutt ikkje vil samanlikna oss med.

Denne forakten for det såkalla sjuke og svake, rammar oss alle til sjuande og sist.  Vi vil alle vera avhengige av nokon.  Difor vil slike haldningar som vi har sett døme på ovanfor, slå tilbake med full kraft og ramma oss sjølve. Til slutt vil eg sitera frå Lars Amund Vaage sin blogg: «Eg fryktar eit samfunn med færre lyte, færre som er annleis, færre som får oss til å tenkja nytt om mennesket. Me treng dei som treng oss.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt