Verdidebatt

Surrogati og retten til å hjelpe kvarandre

Vi bør opne for altruistisk surrogati i Noreg. Dersom vi meiner alvor med at vi ikkje ynskjer at fattige kvinner på den andre sida av jordkloda skal bli utnytta, er løysinga enkel: Å tillate menneske å hjelpe kvarandre med å få born her i Noreg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sidan kronprinsesse Mette-Marit sin mykje omtala flytur til India har surrogati-debatten rulla og gått i norske medier. Det er ein vanskeleg og viktig debatt, men i Bergens Tidende 23. desember går han seg inn i nokre uheldige spor. Først på leiarplass og deretter på debattsidene.

Det siste først: I kronikken «Som om de var hundevalper» går KrF-politikar Kjell Skartveit hardt ut mot surrogati-tilhengjarar generelt, og underteikna spesielt. Skartveit brukar harde og store ord (noko omtalen av surrogatborn som «hundevalper» i tittelen ber bod om), og når eit retorisk lågmål når han omtalar ei surrogatmor som «en slave, en fødselsmaskin». Ein debatt på dette nivået er ingen tent med. Men det er diverre ikkje overraskande at Skartveit kjem med retoriske svingslag godt under beltestaden. Tidlegare har han mellom anna samanlikna norske legar sin abortpraksis med assistansen tyske legar ytte nazi-regimet under Holocaust.

Meir interessant er det å adressere BT sin leiarartikkel same dag, som også støttar forbodet mot surrogati. Argumentet BT støttar seg til er kort oppsummert omsynet til barnets beste. «En ny verdensborger får masser av problemer å stri med i livet uansett. Det er ingen grunn til – av hensyn til voksnes behov – å konstruere en situasjon som kan gi ham eller henne flere», skriv avisa. Det underliggjande premisset er altså at born som kjem til verda ved hjelp av surrogatmor får problem seinare i livet. Men kvar er forskinga og empirien som dokumenterer dette? BT viser jo sjølv til forsking som konkluderer med at dette som regel går veldig bra. Og likevel vel avisa å leggje det motsatte utgangspunktet til grunn, og konkluderer med at omsynet til «barnets beste» tilseier at det aldri burde blitt fødd i utgangspunktet. Det er ein merkverdig konklusjon, basert på sviktande premissar.

Surrogati-debatten er ein vanskeleg, etisk diskusjon. Spørsmål om liv og død rører ved noko av det innerste i oss som menneske, og tilhøyrer den delen av det politiske landskapet der det er vanskeleg å finne fullgode og endelege svar. Men nettopp difor meiner eg at det i stor grad er den enkelte borgar som må velje si retning – ikkje politikarar.I surrogatispørsmålet tek eg utgangspunkt i kvinna sin rett til å bestemme over eigen kropp, og menneske sin rett til å hjelpe kvarandre. Dersom ei søster vil hjelpe ei anna søster med å bere fram eit born, kan eg vanskeleg sjå korleis Bergens Tidende eller Kjell Skartveit kan forby ho å gjere det. Mange, kanskje dei fleste, vil vere ukomfortable med å ta eit slikt val. Det kan det vere gode grunnar for. Andre igjen vil kanskje meine at det er ein riktig og verdifull ting å gjere. Her må den enkelte borgar finne sin veg.Så er det sjølvsagt slik at ein skal ta omsyn til tredjeparten – barnet. Men så lenge det ikkje kan dokumenterast at å kome til verda ved hjelp av surrogati faktisk er skadeleg for barnet, har eg vanskeleg for å sjå at dette argumentet skal vere avgjerande.

Eg har likevel ingen problem med å slutte meg til BT sitt ynskje om at vi bør gje fleire høve til å adoptere. Særleg for homofile kan fjernadopsjon vere svært vanskeleg. Men er det faktum at det er trong for adoptivforeldre eit godt argument for å forby surrogati? I så fall er det vel også eit godt argument for å forby sæddonasjon, prøverøyrsbehandling og alle andre former for assistert befruktning? Det er rett nok ein gradsskilnad mellom desse og surrogati, men knapt nokon prinsipiell skilnad.

Eg meiner at prinsipielle så vel som praktiske argument talar for at vi bør opne for altruistisk surrogati i Noreg. For dersom vi meiner alvor med at vi ikkje ynskjer at fattige kvinner på den andre sida av jordkloda skal bli utnytta, er løysinga enkel: Å tillate menneske å hjelpe kvarandre med å få born her i Noreg. At born ender opp rettslause og hjelpelause på ein klinikk i India er det nemleg ingen som ynskjer. Og det er slett ikkje alle som kjenner ein kongeleg stork med diplomatpass som kan steppe inn på kort varsel.

Lesarinnlegg først på trykk i Bergens Tidende 29.12.2012.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt