Verdidebatt

Politisk aggresjon eller vannkunne?

Idag stod vi opp til oppslag i Afenposten:" kyrkjas første biskop" vier ikkje fråskilde. Dei parlamentariske leiarane i Arbeidarpartiet og Senterpartiet var straks på banen med sin aversjon mot biskopen. Utruleg at politiske leiarar kan opptre slik.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein kan ikkje slutta å undra seg over korleis politiske leiarar kan opptre. Eg tenkjer på angrepa mot den nye biskopen i Agder og Telemark frå dei parlamentariske leiarane i Ap, Helga Pedersen, og SP Lars Peder Brekk. Vi har nett fått markert kyrkja sitt sjølvstende, men politikarane finn det framleis for godt å blanda seg inn i teologiske vurderingar. Med det krenker dei indre tilhøve i kyrkja, og prinsipielt krenker dei religionsfridomen. Eg blei oppringt av ein radiostasjon for å debattera saka. Kva meiner du om vigsel av fråskilde? Er du samd med Biskop Reinertsen, var førebuingsspørsmålet. Eg kunne sjølvsagt svara, men måtte seia at spørsmålet om mi vurdering om vigsel av fråskilde er heilt uvedkommande i denne saka. Slik politikarane opptrer, må ein berre svara med klar røyst: Dette er eit saksfelt som de som politikarar må halda fingrane og tunga frå. Elementer regimentslære burde toppolitikarar kunna litt om. Med litt kyrkjekunnskàp veit ein også at dette er saksfelt som kyrkja har løyst med greie kjørereglar gjennom åra. Når eg høyrer korleis politikarar opptrer, kling ekkoet frå Statsministeren i fjor sommar: Meir raushet, meir toleranse. Tenk om vi fekk sjå døme på det? Så langt tyder visst både raushet og toleranse at alle må tenkja som Arbeidarpartiet ( og den raudgrøne regjeringa). Nåde den som tenkjer annleis! Dessverre fekk vi idag eit nytt vitnemål om den intoleranse mot folk som står for noko som vi så ofte har opplevd frå dei kulturradikale og prinsipplause. Skal det aldri ta slutt? - i alle fall takk til biskopen som står oppreist. Så får vi heller i andre samanhengar drøfta korleis ein best skal vurdera og løysa dei spørsmål som vigsel og ekteskap reiser. Det må ikkje blandast saman med korleis politikarar skal opptre. Karl Johan Hallaråker

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt