Verdidebatt

Ny ekteskapslov og kampen om surrogati

Den nye ekteskapslova har endra synet også på nye måtar å få barn på. Kva Mette-Marits varme hjarte får å seie for synet på surrogati, står att å sjå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Synet på ekteskap og nye måtar å få barn på har endra seg dramatisk. Då Stortinget i 2008 vedtok at ekteskap også skulle omfatte homofile og lesbiske par, fekk lesbiske par rett til å få barn med assistert befruktning.

Argumentet for ekteskapslova var å fjerne diskriminering. Men Ap oppdaga snøgt at dei hadde vedteke ei ny diskriminering: Alt i 2009 tok Gunn Kari Gjul til orde for at også einslege måtte få rett til assistert befruktning. Men den sokalla diskrimineringa av homofile par som må til India eller USA for å få barn med surrogatmødre, er ikkje oppheva. Er det berre eit tidsspørsmål? KrFs Øyvind Håbrekke snakka i Stortinget sist veke om alfabetprinsippet: Har du sagt a, må du seie b, og så kjem c deretter. Tida vil vise om han får rett i surrogatisaka.

Mot surrogati. Regjeringa er framleis mot surrogati. For å seie det med Inga Marte Thorkildsen i stortingsdebatten: «Det er spesielt problematisk når man inngår surrogatiarrangementer i land hvor det er mange fattige kvinner, hvor det er stor risiko for menneskehandel og hvor helsevesenet har en veldig lav standard».
Dette er flott å ha omsut for fattige kvinner i fattige land. Men logikken kunne raskt bli å tillate surrogati i verdas rikaste land der det er få fattige kvinner og der helsevesenet har høg standard. Liberalistane i Venstres programkomité går den vegen. Dei vil oppheve norsk diskriminering ved å tillate norsk surrogati, på vilkår av at det ikkje blir blanda inn pengar. Det siste kan nok fort vise seg å vere eit høgst forbigåande vilkår. At kvinner skal gjennom eit ni månader langt risikofylt prosjekt for andre utan ei krone i godtgjersle, høyrest ut som ein naiv programpost.

Men Venstre tek strengt tatt følgjene av eit paradoks: Kvifor skal norske kvinner vernast med lov mot det indiske kvinner må gjennomgå for at norske, velståande norske homofile par skal få barn?

Utan biologi. Ap har på si side også gått inn for å fjerne det dei meiner er ei anna diskriminering. Når vi først seier ja til sæddonasjon, må vi opne for eggdonasjon, som samfunnet, ifølgje Helga Pedersen, no er modent for. Men når likebehandling blir avgjerande, kjem eit anna prinsipp ut av syne. Ingunn Økland sette i Aftenposten i fjor ord på «Barn uten biologi». Ho konstaterte den markante mentalitetsendringa i kjølvatnet av den nye ekteskapslova: «Ja, i de mest umulige situasjoner føler man nå at barn bør være innen rekkevidde». Og ho la til: «For fremveksten av den nye barneproduksjonen er i grunnen et gigantisk eksperiment, som i sin ideologiske kjerne handler om å nedtone betydningen av biologisk opphav til fordel for betydningen av omsorgspersoner. Hvordan dette argumentet vil prege barnas identitet, skal man helst ikke snakke om, og omsorgspersonene selv søker å skape en urørlighetssone rundt slike eksistensielle spørsmål. Men tausheten vil ikke vare lenge».

Taust er det ikkje akkurat, men støyen handlar no om dei akutte behova til dei barna som  blir fødde av surrogatmødre i India eller i USA. Dei nyfødde små er uskuldige, uvitande og hjelpetrengjande. Vi skal ikkje dra i tvil at kronprinsesse Mette-Marit drog til India av sitt varme hjarte. Men sjølv om ho seier at dette ikkje er eit innlegg i debatten om surrogati, kan det knapt tenkjast at ei kongeleg reise likevel ikkje vil fungere slik. Mette-Marit sa i går at ho stilte opp for venene sine og dei to barna i India. Det kunne vore interessant også å få vite om kva Mette-Marit og Haakon eventuelt sa til veneparet sitt før dette paret skaffa seg indisk surrogatmor, dersom dei kongeege blei involverte i planane: Kva sa dei om å reise til India for å få gjort noko som er forbode i Noreg?

Straffritt. No skal det altså, dersom Jonas Gahr Støre får medhald, bli straffritt å leige surrogatmor i India og kanskje ende opp med tvillingar som ligg mutters åleine på ein surrogatiklinikk på den andre sida av jorda på grunn av visumproblem. Svært få har ei kronprinsesse i veneflokken som kan rykkje ut på kort varsel. Skal samfunnet stille opp for dei som ikkje har Mette-Marit?

Slik sett har kronprinsessa sagt noko også i surrogatidebatten. Kan ho ha gjort nokon meir modne for å godta surrogati? Kor langt ut i det politiske alfabetet til Øyvind Håbrekke dette fører oss, får tida vise.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt