Verdidebatt

Guds rike er her

Israel -Jerusalem

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

GUDS RIKE er her på denne bokstavlege jorda.

Himmelriket er eit anna namn på det.

Etter at alle rika er knuste opprettar Guds sitt rike med Jerusalem som hovedstad.

Messias kjem tilbake til denne kloden og føtene hans står på Oljeberget .

Han tek kontrollen og Antikrist som verdsleiar vert knust.

Nasjonane må læra seg å lyda Guds lov. Det står at Messias skal styra folkeslaga med jernstav.

Israel får landområda dei skal ha etter lovnadene. ( slik me finn det i lova og profetene)

Yeshua styrer kloden med utgangspunkt i Torahen, Det er den lovlæra me finn i GT.

Pga Paulus har mange kristne eit forvirra syn på dette med himmelriket.

Ein høyrer ofte dei seia.

"Me skal til himmelen"

Kva tenker dei då på?

Jau, at dei skal forlata kloden her og rykkjast opp i skya og forsvinna ut i universet.

Det er dette Paulus (Apollonius av Tyana ) skriv i breva sine.

Diverre er dette heilt i strid med GT og dei tydelege tekstene me finn i "lova og profetene".

Jødane ventar heilt riktig på Messias og at han skal koma og oppretta Guds rike her på kloden.

I tida mi i SDA var det mange tekstar i GT eg ikke fann plass til hendingene som skulle skje etter deira syn

Td dette som står i Esekiel 37-39 om desse 7 åra som elden skulle brenna .

"Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år.10 Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.
11 Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet.."

"Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter.15 Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal».16 Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet."

Når GOG er slått skal elden brenna i 7 år og aust for Daudehavet skal GOG gravleggjast. Ein by skal heita HAMONA på denne tida.

Desse profetiane  høyrer enno framtida til.

Her har ein me andre ord Esekiels ord om konkrete hendingar som skal skje i Israel når Gud grip inn.

Korleis kan då Paulus senda Guds folk ut i universet , vekk frå denne bokstavlege kloden.
Det må vera feil. Det samsvarar  ikkje  med tekstane i GT .

Når GOG er slegen står det.

"Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei. 22 Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid.23 Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd. 24 På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei.
25 Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn.26 Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg, når dei bur trygt i landet sitt og ingen skræmer dei. 27 Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, då vil eg midt imellom dei, for augo på mange folkeslag, visa kor heilag eg er.28 Og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land og lèt ikkje ein einaste av dei vera att der ute.29 Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei; for eg har rent ut min Ande over Israels-ætta, lyder ordet frå Herren Gud."

Teksten fortel at Israel skal bu trygt når denne tida er over.

Grunnen til at Gud straffar folket Sitt i Israel er og tydeeig nedskrive.

…"bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg.."

Slik var det i gamal tid og slik er det no.

Nokon av grunnane kan vera td:

"Tel Aviv named world's best gay city"

http://www.ynetnews.com/articles/0,7340,L-4174274,00.html

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt