Verdidebatt

Utruleg invitasjon

Bergen skal arrangera minnemarkering 70 år etter deportasjonen av norske jødar under den andre verdskrigen. Inviterte talarar er to av dei sterkaste kritikarar av jødar og Israel. Forstå det den som kan. Eg gjer det ikkje!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Minnemarkeringa i Bergen etter deportasjonen av norske jødar i 1942 er viktig. Etter mi vurdering har ei slik markering minst eit trefaldig sikte: Æra deira minne som leid og bøtte med livet. Visa dagens jødar at dei har vårt vern og at vi ikkje har gløymt uretten. Gje eit tydeleg signal til unge og eldre at slikt aldri skal skje igjen! Når så jødar idag opplever talarvalet som smerteleg burde det vera god nok grunn til å avstå frå invitasjonen i år. Audun Lysbakken leier eit parti som oppmodar til norsk boikott av israelske varer. Forresten ei sak som forgjengaren har rekna med i sin tabbekvote! Kåre Willoch har lenge vore ein av dei som jødar opplever mellom sine sterkaste kritikarar. Ein kunnskapsrik jøde som Jan Benjamin Rødner uttalte nyleg at han opplever Willoch i grensa for antisemittisme. Liknande vurderingar har fleire andre uttalt før. Eg legg også til Willochs mange usaklege skuldingar om at Israel bryt folkeretten. Han gjentok det nyleg då han kommenterte Rødners respons på talarvalet, at Israel måtte trekka seg tilbake til grensa før 1967 og at landet braut folkeretten. Sanninga er at FN avviste dette arabiske kravet etter seksdagarskrigen. Det skulle forhandlast om område, ikkje (alle) områda! Grensa før 1967 - den såkalla "green line" (oppklara etter den grøne tusjpennen dei streka opp med på kartet på forhandlingsbordet.) Denne våpenkvilegrensa er historie og ingen folkerett. La meg presisera: Eg ønskjer sjølvsagt ikkje knebla korkje Willoch eller Lysbakken. Vi har mange fora til meiningsutveksling og dei kan vera aktuelle talarar i mange samanhengar. Men å bruka dei i ein samanheng som jødar opplever vondt og smerteleg. Det høver seg ikkje. Aller minst i eit år då vi fekk OSSE rapporten om jødehatet i Noreg. Karl Johan Hallaråker

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt