Verdidebatt

Grenser er eit nødvendig gode

Slik vi som personar treng psykologiske og moralske grenser, er eit samfunn eller land avhengig av sosiale og politiske for å kunne fungere. Mange problem i samtida er knytt til det grenselause ved kulturen vår.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Grenseløyse skaper uro

Med boka "Uro. En reise i det moderne selvet" stilte psykiater Finn Skårderud i 1998 diagnosen på vår rastlause tid, og fann mange av årsakene til angst, meiningsløyse, uro og sjuke tankar om kropp og mat i det grenselause ved samtida og kulturen vi lever på. Vi manglar faste haldepunkt i livet, skil ikkje nok mellom dag og natt, arbeid og kvile, og opnar oss for tusentals inntrykk heile tida medan vi er vakne. Gamle ritar, reglar og ritual har vi i fridomens namn kvitta oss med utan at vi har blitt lykkelegare og mentalt sunnare av den grunn, snarare tvert om.

Ein samla personlegdom

Også personlegdomen er avhengig av grenser for ikkje å bli for utflytande. Det er ikkje alt som passar å utlevere til kreti og pleti. Sjølv overfor våre næraste treng vi visse grenser, slik Halldis Moren Vesaas så vakkert formulerte det i diktet "Ord over grind":

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Manglande grensesetjing i barneoppdraginga

For to dagar sidan var hovudoppslaget i Vårt Land at dagens foreldre har problem med å oppdra barna. Det er ikkje det minste rart etter at psykologar, pedagogar og barnepsykiatrar i ein mannsalder har gått så hardt ut mot tidlegare tiders autoritære oppdraging at foreldra heilt har mist trua på seg sjølv og sin eigen autoritet. Det er reelle og klare grenser mellom det ein vaksen og eit lite barn kan forstå, og dette må nødvendigvis få konsekvensar for kven som skal bestemme. Ei sunn oppdraging må derfor også innebere å setje grenser for barn, sjølv om det i første omgang fører til sinne, protestar og gråt. Å vise kjærleik og utøve omsorg har sjølvsagt førsteprioritet, men omsorga inneber også eit ansvar for å hindre at barnet utviklar seg til ein liten diktator. Med få barn, mykje pengar og lita tid er dette ein reell fare, både her til lands og i Kina, der skiftet frå fattig keisardøme til eittbarnspolitikk under kommunismen også har ført til at ein i dag ikkje berre har ein, men millionar "keisarar" i Kina.

Læring krev konsentrasjon og ro

Når norske elevar kjem så dårleg ut på PISA-testane, så har det også med mangel på disiplin og grensesetjing å gjere. Utan ro og reformpausar vert det dårlege vilkår for læring. Eg har tidlegare vist til nokre skilnader mellom norsk og finsk skule i så måte. Heller ikkje tidlegare skulestart var til hjelp, for med 6-åringane vart skulen også ein arena for leik, noko som følgjer med lenger opp i klassene, eller "trinna", som dei no unødvendig er omdøypte til.

Livsvern krev grenser

På det moralske området passerte samfunnet vårt ei avgjerande grense då fosteret miste sitt rettsvern, først ved at helse vart definert så vidt at eitkvart svangerskap vart sett på som ein stor helserisiko, dernest ved at ingen vilkår vart stilt for abort. Sosiale og økonomiske problem som svangerskap kan føre med seg, burde og bør i staden møtast med slik hjelp, og ikkje med å ta livet av ein uskuldig tredjepart.

Også den omfattande produksjonen og det store forbruket av stadig grovare pornografi vitnar om mangel på moralske grenser. Dei fleste er samde om at slikt er forkasteleg når barn er involverte, men det er heller ikkje bra at vaksne blir utnytta eller prostituerer seg for eit slikt føremål.

Lover må lagast med fornuft og ikkje byggje på kjensler

I dag er kva moral du har ikkje i same grad som før knytt til personleg oppførsel, men heller vorte eit spørsmål om kva du meiner om politiske spørsmål, særleg slike som går på grensesetjing mellom grupper. Det som er god personleg moral, å ikkje gjere forskjell på folk, blir av mange halde for det einaste rette også på eit statleg nivå, uavhengig av kva personar eller grupper det er snakk om. All snakk om "vi" og "dei" blir fordømt, trass i at evna til å skilje mellom kjende og framande er ein nødvendig eigenskap som både dyr og menneske utviklar tidleg i livet. Til dømes har Margreth Olin sin film om ungdommar med avslått asylsøknad fått tittelen "De andre", medan ho sjølv meiner dei i høgste grad er "våre". Å vere svært inkluderande er ein god eigenskap for ein person, men kan også vere teikn på overmot og føre til at ein forstrekkjer seg. På statleg nivå er konsekvensane av slike ting langt større.

Grensekontroll er nødvendig for ein suveren stat

Mykje av diskusjonen i dag, enten det gjeld EØS-medlemskap, innvandring eller forsøpling der romfolk slår seg til, handlar til sjuande og sist om grenser og grensekontroll. Mange ser såkalla "fri" ferdsel av folk over alle grenser som eit gode og ein uunngåeleg konsekvens av betre kommunikasjonar. Men dei fire fridomane til EU set faktisk folk på linje med varer og kapital, og viser at flyttinga ikkje er tenkt for å tene folket, men kapitalen. Her til lands har vi sett det som eit gode at arbeidsplassar kjem der folk bur, slik at dei slepp å flytte, og ikkje omvendt. Eit land som sluttar med grensekontroll gjev i praksis frå seg styringa både med folk og framtid. Passfridom fungerer berre mellom land som er nokså like sosialt og økonomisk, og dei vilkåra er ikkje eingong innfridde innan Europa. Somme synest det er urettferdig, ja til og med rasistisk, at ikkje passfridom er innført også for alle borgarar i asiatiske og afrikanske land, slik at dei òg fritt kan søkje arbeid og slå seg ned i vår verdsdel. Kritikarane snakkar om Schengen-avtalen som ei "Festung Europa" for slik å knyte han til det nazistiske "Tredje riket" og ved det kompromittere heile traktaten. Dei hundretals tusen som kjem seg til Europa årleg, viser at den ytre kontrollen reelt sett er mest like mykje fjerna om den indre.

Gode gjerde gjev godt forhold til grannar

Personleg trur eg klare grenser er den beste garantien for fred og harmoni både innan og mellom sjølvstendige statar. I mi barndoms bygd vart den slagferdige Pe-Johan, som hadde eit fyndord om det meste, stadig sitert. Etter at han fekk klage over at nokre av krøttera kom over til naboen, lovde han både seg sjølv og grannen dette: Eg skal byggje gjerdet så høgt at det skal ikkje kome over ein vond tanke, nokon av vegane!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt