Verdidebatt

Unntakstilstand

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når mange menneske pga krig eller naturkatastrofar manglar mat, drikke og husly eller blir råka av epidemiar, kallar vi det ein unntakstilstand, for til vanleg har vi det ikkje slik. Likevel har kamp mot svolt og infeksjonssjukdomar vore menneska sine livskår fram til moderne tid. Det tok difor titusenvis av år før det i 1804 var 1 milliard menneske på jorda. Seks år tidlegare, i 1798, spådde  Thomas Malthus ei framtidig svoltkatastrofe, fordi han meinte matproduksjonen ikkje kunne auke i same takt som folketalet. Vel to hundre år seinare må vi gje han rett i at befolkninga ville bli mangedobla. Det tok 123 år før milliard nr 2 vart nådd i 1927, men berre 47 år før ny dobling til 4 milliardar i 1974 og 50 år seinare, i 2024, er det venta at folketalet på jorda vil passere 8 milliardar.

P.g.a. maskinelt jordbruk, kunstgjødsel, billig fossil energi og meir produktivt korn har likevel matproduksjonen til no halde betre tritt med folketalet enn Malthus spådde. Så lenge vi har nok og billig mat er det lett å tru at dette vil vare ved. Men naturressursane er avgrensa, noko vi ser i form av auka oljepris, vassmangel i mange land og no også stigande matvareprisar internasjonalt. Viss ikkje folkeveksten stoppar på annan måte, vil den difor før eller seinare igjen gjere det av matmangel og epidemiar. I historisk samanheng er det vår tid med nok mat og få dødsfall av infeksjonar som er unntaket.

I vestlege, liberale land med likestilling mellom kjønna har folkeveksten stagnert og dei nyfødde blitt så få at samfunnsstrukturen i mange, særleg søreuropeiske land står i fare for å bryte saman i løpet av neste generasjon. Det blir fleire som treng hjelp og færre i produktivt arbeid. I land med tradisjonell, patriarkalsk familiestruktur, som i Afrika og store deler av Asia, veks folketalet så fort at stadig fleire lever i ekstrem fattigdom. Ser ein for eksempel på dei landa Noreg har fått flest innflyttarar frå, var faktisk og berekna folketal slik for åra 1950, 2008 og 2050, oppgitt i millionar: Pakistan: 40, 168 og 277,  Irak: 5, 28 og 56, Somalia: 2, 9 og 26, Vietnam: 25, 86 og 108, Tyrkia 21, 72 og 86. Det blir knapt med jord, mat, husrom og levebrød når ressursane skal delast på så mange fleire. Korkje eine eller andre kulturen er såleis liv laga.

Somme trur løysinga ligg i masseinnvandring til vestlege land. Skal dette skje i ein målestokk som gjev reell påverknad på folketalet i u-land,  er det ikkje snakk om hundretusenvis av innvandrarar til Europa pr år, men titals millionar. Når store grupper alt i dag er på flyttefot er det i mange tilfelle for å kome bort frå krig og etniske konfliktar, som øydelegg livsgrunnlaget.  Med rask endring av befolkninga kan vi lett få same tilstandar her, ved konflikt internt mellom innvandrargrupper eller mellom dei og resten av folket. Vi har alt sett opprøret i forstadene i franske storbyar, og frå Storbritannia melde NRK tekst-TV 13.04.08 at politiet der overvaker heile 20 000 personar, som er med i terrornettverk.

Min konklusjon er at vestlege land må vende attende til deler av sin gamle kultur og andre land ta over litt av vår. For mykje og for lite er like ille.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt