Verdidebatt

Til husmødrer og alle oss andre

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mange husmødrer har hatt eit anstrengt tilhøve til den vesle bibelforteljinga om Marta og Maria. Det er ikkje så vanskeleg å forstå. Jesus og læresveinane kom på besøk i heimen til dei to systrene. Den gode husmora Marta såg straks kva som skulle gjerast. Gjestfridomen har sine lovar, og Marta følgde dei. Huset var fullt, og gjestane måtte få mat. Alle kan skjøne det. Og det var ikkje mogeleg å berre ta rundstykke opp av frysaren. Her var det mykje som skulle stellast til, og Marta sette i gang. Men så var det denne systra hennar, Maria. Ho hjelpte ikkje til! Ho sette seg ved føtene til Jesus, saman med læresveinane, og lytta til Jesu ord. Og der vart ho sitjande!

Marta strevde og hang i. Til slutt rann det over: ”Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vere tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpe meg.” Det er då ho sjølv, og mange andre etter henne, får ei overrasking. Jesus held med Maria! Han seier: ”Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.”

Med det same får vi lyst til å forsvare Marta. Alle veit at det er rett og godt å vere gjestfri. Alle veit at vi må ha mat for å leve. Alle veit at husmødre (og husfedre, vil eg vone) gjer eit nødvendig og godt arbeid. Det er nettopp det som gjer Jesu ord så sterke. Orda hans råker oss alle. For kven kan seie anna enn at han tek oss på kornet? Kven er det som ikkje gjer seg strev og uro med mange ting? I vår tid er det jo nettopp dette som er vår store, felles folkesjukdom!

Ved andre høve tok Jesus imot mat og gjestfridom frå Marta og Maria med glede og takk. Men denne gongen såg han tydelegvis at noko hadde bikka over, og at det var noko Marta trengde til å høyre. Og med orda som ho fekk høyre, tek han tak i oss og rister oss alle: Eitt er nødvendig! Ein einaste ting! Ingenting kan erstatte det å være i nærleiken av Jesus og høyre hans ord.

Sjølv den viktigaste teneste og dei beste gjerningar kan leie oss vekk frå den livsviktige nærleiken hos Meistaren. Ikkje minst vi prestar kan ha godt av å bli minna om det. Kva hjelper det å arbeide for Herren, dersom vi ikkje er saman med han og lytter til hans ord? Slik er det med oss alle, at når kontakten med livsens kjelde vert svekka, då tørker sjølve livet ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt