Verdidebatt

Integreringsdebatt. Islamdebatt.

Kvifor er ordskiftet om og med islam heilt annleis enn ordskiftet om og med alle andre religionar og trussamfunn? Og kvifor vert «islam» og «innvandrar» gong etter gong gjort til synonym?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Integregreringsdebatten er prega av islam. Lat meg taka en del døme.

Minotenk – eller IslamTenk?

Namnet «MinoTenk» (minoritetspolitisk tenkjetank) gjev inntrykk av at det handlar om brei alianse med problemstillingane til den innvandra folkesetnaden som tema.

Difor, når det til dømes gjeld religion, kunne ein ha venta seg at MinoTenk hadde alle religionar representerte — ikkje minst kristendomen. For som KrF-leiar Knut Arild Hareide sa i valkampen: Dei fleste innvandrarane er kristne.

Men jamvel om den noverande styreleiaren ikkje er muslim, so er dei fleste som har ei eller onnor rolle i MinoTenk anten muslimar. Eller gode «multikulturalistiske» nordmenn:

  • Styret på fire har to muslimar, ein «nordindisk» ikkje-muslim og ein jøde.
  • To av dei tre medarbeidarane til MinoTenk er muslimar. Den tredje er etnisk norsk.
  • Koordinatoren for det rådgjevande organet er muslim.
  • Og i det rådgjevande organet sit det to muslimar. Resten er norske. Derimellom er det minst fire som kunne gå under merkelappen «islamekspert»: professor Oddbjørn Leirvik, professor Kari Vogt, fyrsteamanuensis Lars Gule og Cecilie Hellestveit.
  • Og når ein ser på det dei skriv om på netstaden si, so ser minst 7 av 10 saker til å relatera seg til saker knytte til islam og muslimar.

Vil ein kristen mann med indisk bakgrunn tykkja at han har noko der å gjera? Ein gresk-ortodoks mann frå Russland? Ein kristen afrikanar? MinoTenk nominerer «Årets Somaliar» — ein muslim. Men kva med «Årets Etiopar», «Årets Eritrear» eller Årets Oromoar» — berrre for å halda meg på Afrikahornet.

Bra blogg!

Journalist Magne D. Antonsen i VG er symptom på fenomenet. Dag etter dag tildeler han, i regi av «Lesernes VG»,  merkelappen «Bra blogg!» på utvalde bloggar, med tilhøyrande bloggreklame nedst på VG.no. Ganske ofte har blogginnlegget ei eller anna tilknyting til islam eller muslimar. I går var det nok ein gong ein muslimsk bloggar som fekk merksemda. Og det er berre å gå gjennom Lesernes VG veke for veke — det byrja i 2010, so finn du det eine innlegget med islam- eller muslim-tilknytt tematikk etter det andre. Eg la merke til ein russar som skreiv noko om ortodoks påskekake her tidlegare i år. Det var eit slags unnatak. Kva VG gjera for å femna breiare?

Aftenposten

Kor mange innlegg er det med islam og muslimar som tema denne veka på Aftenposten.no? Vel. Ei norsk-pakistansk jente skriv om moralpoliti. Ei anna skriv om å sjå mennesket, ikkje hidjaben. Til eit skifte, er det eit innlegg om ulike innvandrarar sine trafikkproblem i Noreg. Minerva-redaktør Nils August Andresen skriv litt breiare om innvandring, men med stor fokus på islam.

For tida var det ingen ingen innlegg av Sara Azmeh Rasmussen. Eller andre, prominente norske muslimar. Heller ikkje har den svært aktive lesarinnleggredaktøren Knut Olav Åmås nokon innlegg om andre av yndlingsmuslimane sine. Åmås har sett si ære i å lyfta fram «nye stemmer». Det som skjer i Aftenposten er difor ikkje tilfeldig.

Tea time

Antirasistisk Senter har med stønad frå staten arrangert tedrikkarlag. For å få ikkje-muslimar (nordmenn?) til å verta kjende med muslimar. Kva med katolsk øldrikking? Ortodoks vodkakveld? Eg veit ikkje kva hinduar, buddhistar eller jødar burde invitera til …

11. september

Ein god del muslimar i Noreg klagar. Dei klagar på merksemda. 11. september førde til utbreidd «det er so synd på oss»-kjensle mellom muslimar. Men er dei dei einaste som dei siste 20 år har kjent seg stigmatiserte — i Noreg — på grunn av hendingar i andre land?

Stortinget

Eg kjenner ikkje alle, men i dag har Noreg ein muslism stortings-visepresident. Og når eit politisk parti skal visa at det tek integrasjon på ålvor, so handlar det ofte om å få ein muslim valt til Stortinget. Difor er det i dag t.d fleire muslimar enn ikkje-protestantiske kristne på Stortinget. Noreg dyrkar si katolske Sigrid Undset — men har ingen katolikkar på Stortinget, so mykje eg veit.

Ikkje eineståande

I alt dette er det sjølvsagt «mykje bra». Det er til dømes snakk om muslimar som tek dette med integrering på stort ålvor. Det er ingenting å kimsa av. Mange, kjekke likandes folk som arbeider seriøst med tilhøvet til det norske samfunnet.

Frå ein annan synsvinkel tenkjer eg som kristen: Ville eg hatt alle denne merksemda? Ting er er ikkje perfekte. Men eg er glad — på mitt eige kyrkjesamfunn sine vegner — for at det ikkje vert utsett for same tilnærmingsmåte — at ikkje alt ved mitt trussamfunn skal henda i det offentlege.

Det er mange viktige debattar å ta. Men bør ikkje debattane gå i dei religiøse samfunna sjølve — istaden for i vanlege aviser for ålmenta? Eg kan lesa muslimske damer sin hidjabdebatt, men kva har eg med den debatten — forutan det som har med dei ting som eg har noko med: Korleis offentlege tenestemenn skal vera kledde og korleis ein skal kle seg og te seg i det offentlege rom og i skulen.

Mange problemstellingar forsvinn i den merksemda som samfunnet gjev til islam og muslimar. Til dømes, då Stortinget for nokre år sidan vedtok ei hastelov for å minska henteekteskap og tvangsgifte, so trødde dei samstundes inn på tærne til Den romersk-katolske kyrkja sitt syn på ekteskapet. Oppsan. Lova står framleis å trampar på Den romersk-katolske kyrkja — og i prinsippet òg på tærne åt Den gresk-ortodokse kyrkja — sine tær.

Muslimar er heller ikkje den einaste gruppa som vert møtte med ulike slag stigmatiseringar og fordomar. Heller ikkje når det gjeld plagsam merksemd frå PST, slik konvertitten Yousef Assidiq skriv om.

Kanskje er det på tide å gje islam litt mindre merksemd? Til sjuande og sist er det gjerne det som er den beste måten å integrera på — at ein ser på ting som normalt og kjem inn ein meir «normal» integreringsdebatt som femner om meir enn muslimar?

Det er nok å tenkja på ein slik banal ting som påstanden om det liberale, avkristna Noreg. Slik nordmenn aldri er so norske som når dei er i utlandet, er dei heller aldri so sekulære og areligiøse som når dei diskuterer islam. Med eit meir normalt fokus på islam, fær òg etniske nordmenn eit meir normalt syn på seg sjølve.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt