Leif Halvard Silli

68    589

Integreringsdebatt. Islamdebatt.

Kvifor er ordskiftet om og med islam heilt annleis enn ordskiftet om og med alle andre religionar og trussamfunn? Og kvifor vert «islam» og «innvandrar» gong etter gong gjort til synonym?

Publisert: 3. jul 2012 / 1595 visninger.

Integregreringsdebatten er prega av islam. Lat meg taka en del døme.

Minotenk – eller IslamTenk?

Namnet «MinoTenk» (minoritetspolitisk tenkjetank) gjev inntrykk av at det handlar om brei alianse med problemstillingane til den innvandra folkesetnaden som tema.

Difor, når det til dømes gjeld religion, kunne ein ha venta seg at MinoTenk hadde alle religionar representerte — ikkje minst kristendomen. For som KrF-leiar Knut Arild Hareide sa i valkampen: Dei fleste innvandrarane er kristne.

Men jamvel om den noverande styreleiaren ikkje er muslim, so er dei fleste som har ei eller onnor rolle i MinoTenk anten muslimar. Eller gode «multikulturalistiske» nordmenn:

  • Styret på fire har to muslimar, ein «nordindisk» ikkje-muslim og ein jøde.
  • To av dei tre medarbeidarane til MinoTenk er muslimar. Den tredje er etnisk norsk. 
  • Koordinatoren for det rådgjevande organet er muslim.
  • Og i det rådgjevande organet sit det to muslimar. Resten er norske. Derimellom er det minst fire som kunne gå under merkelappen «islamekspert»: professor Oddbjørn Leirvik, professor Kari Vogt, fyrsteamanuensis Lars Gule og Cecilie Hellestveit.
  • Og når ein ser på det dei skriv om på netstaden si, so ser minst 7 av 10 saker til å relatera seg til saker knytte til islam og muslimar.

Vil ein kristen mann med indisk bakgrunn tykkja at han har noko der å gjera? Ein gresk-ortodoks mann frå Russland? Ein kristen afrikanar? MinoTenk nominerer «Årets Somaliar» — ein muslim. Men kva med «Årets Etiopar», «Årets Eritrear» eller Årets Oromoar» — berrre for å halda meg på Afrikahornet.

Bra blogg!

Journalist Magne D. Antonsen i VG er symptom på fenomenet. Dag etter dag tildeler han, i regi av «Lesernes VG»,  merkelappen «Bra blogg!» på utvalde bloggar, med tilhøyrande bloggreklame nedst på VG.no. Ganske ofte har blogginnlegget ei eller anna tilknyting til islam eller muslimar. I går var det nok ein gong ein muslimsk bloggar som fekk merksemda. Og det er berre å gå gjennom Lesernes VG veke for veke — det byrja i 2010, so finn du det eine innlegget med islam- eller muslim-tilknytt tematikk etter det andre. Eg la merke til ein russar som skreiv noko om ortodoks påskekake her tidlegare i år. Det var eit slags unnatak. Kva VG gjera for å femna breiare?

Aftenposten

Kor mange innlegg er det med islam og muslimar som tema denne veka på Aftenposten.no? Vel. Ei norsk-pakistansk jente skriv om moralpoliti. Ei anna skriv om å sjå mennesket, ikkje hidjaben. Til eit skifte, er det eit innlegg om ulike innvandrarar sine trafikkproblem i Noreg. Minerva-redaktør Nils August Andresen skriv litt breiare om innvandring, men med stor fokus på islam.

For tida var det ingen ingen innlegg av Sara Azmeh Rasmussen. Eller andre, prominente norske muslimar. Heller ikkje har den svært aktive lesarinnleggredaktøren Knut Olav Åmås nokon innlegg om andre av yndlingsmuslimane sine. Åmås har sett si ære i å lyfta fram «nye stemmer». Det som skjer i Aftenposten er difor ikkje tilfeldig.

Tea time

Antirasistisk Senter har med stønad frå staten arrangert tedrikkarlag. For å få ikkje-muslimar (nordmenn?) til å verta kjende med muslimar. Kva med katolsk øldrikking? Ortodoks vodkakveld? Eg veit ikkje kva hinduar, buddhistar eller jødar burde invitera til …

11. september

Ein god del muslimar i Noreg klagar. Dei klagar på merksemda. 11. september førde til utbreidd «det er so synd på oss»-kjensle mellom muslimar. Men er dei dei einaste som dei siste 20 år har kjent seg stigmatiserte — i Noreg — på grunn av hendingar i andre land?

Stortinget

Eg kjenner ikkje alle, men i dag har Noreg ein muslism stortings-visepresident. Og når eit politisk parti skal visa at det tek integrasjon på ålvor, so handlar det ofte om å få ein muslim valt til Stortinget. Difor er det i dag t.d fleire muslimar enn ikkje-protestantiske kristne på Stortinget. Noreg dyrkar si katolske Sigrid Undset — men har ingen katolikkar på Stortinget, so mykje eg veit.

Ikkje eineståande

I alt dette er det sjølvsagt «mykje bra». Det er til dømes snakk om muslimar som tek dette med integrering på stort ålvor. Det er ingenting å kimsa av. Mange, kjekke likandes folk som arbeider seriøst med tilhøvet til det norske samfunnet.

Frå ein annan synsvinkel tenkjer eg som kristen: Ville eg hatt alle denne merksemda? Ting er er ikkje perfekte. Men eg er glad — på mitt eige kyrkjesamfunn sine vegner — for at det ikkje vert utsett for same tilnærmingsmåte — at ikkje alt ved mitt trussamfunn skal henda i det offentlege.

Det er mange viktige debattar å ta. Men bør ikkje debattane gå i dei religiøse samfunna sjølve — istaden for i vanlege aviser for ålmenta? Eg kan lesa muslimske damer sin hidjabdebatt, men kva har eg med den debatten — forutan det som har med dei ting som eg har noko med: Korleis offentlege tenestemenn skal vera kledde og korleis ein skal kle seg og te seg i det offentlege rom og i skulen.

Mange problemstellingar forsvinn i den merksemda som samfunnet gjev til islam og muslimar. Til dømes, då Stortinget for nokre år sidan vedtok ei hastelov for å minska henteekteskap og tvangsgifte, so trødde dei samstundes inn på tærne til Den romersk-katolske kyrkja sitt syn på ekteskapet. Oppsan. Lova står framleis å trampar på Den romersk-katolske kyrkja — og i prinsippet òg på tærne åt Den gresk-ortodokse kyrkja — sine tær. 

Muslimar er heller ikkje den einaste gruppa som vert møtte med ulike slag stigmatiseringar og fordomar. Heller ikkje når det gjeld plagsam merksemd frå PST, slik konvertitten Yousef Assidiq skriv om.

Kanskje er det på tide å gje islam litt mindre merksemd? Til sjuande og sist er det gjerne det som er den beste måten å integrera på — at ein ser på ting som normalt og kjem inn ein meir «normal» integreringsdebatt som femner om meir enn muslimar?

Det er nok å tenkja på ein slik banal ting som påstanden om det liberale, avkristna Noreg. Slik nordmenn aldri er so norske som når dei er i utlandet, er dei heller aldri so sekulære og areligiøse som når dei diskuterer islam. Med eit meir normalt fokus på islam, fær òg etniske nordmenn eit meir normalt syn på seg sjølve.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Olav Nisi

145 innlegg  4830 kommentarer

Publisert rundt 5 år siden

Det er å håpe at redaksjonen finner denne artikkelen verdig til å lesetipses !

Svar
Kommentar #2

Linda Noor

10 innlegg  17 kommentarer

Viktige refleksjoner

Publisert rundt 5 år siden

Hei Leif Halvard.

Takk for et interessant og viktig innlegg. Jeg deler mange av dine tanker.

Skal prøve å få tid til å skrive et svar som forklarer litt hvordan Minotenk tenker rundt disse sakene du tar opp - og hvordan vi definerer oss selv og jobber.

Mvh
Linda Alzaghari

Daglig leder i Minotenk 

Svar
Kommentar #3

Sten André Fagermo

57 innlegg  1300 kommentarer

Oppfriskende innlegg

Publisert rundt 5 år siden

vil bare si at den mest utsatte og sårbare religiøse gruppen i Norge, etter min mening utvilsomt er jødene......selv om mange på venstresiden vil ha oss til å tro det motsatte..

Nå er ikke jeg noen stor-sionist, men jeg synes at det er helt for jæklig at jøder må skjule sin identitet i dagens Norge..

Hvis jeg var jøde, tror jeg ikke jeg hadde turt å ta på kippahen offentlig......ikke BARE pga av noen muslimer, men også pga NORDMENN som tror de gjør palestinerne en tjeneste.....heller en bjørnetjeneste...

 

Svar
Kommentar #4

Leif Halvard Silli

68 innlegg  589 kommentarer

Fleirkulturell tilbakemelding!

Publisert rundt 5 år siden

Takk til alle som har trykt på Bra!-knappen og dei andre positive tilbakemeldingane! Vert nesten redd for å skriva meir … Og eg ser fram til å høyra meir frå deg, Linda Alzaghari. Takk for at du tek opp tråden!

Alzaghari, dersom du ser på profilen min og nokre av innlegga og kommentarane mine, so ser du at eg òg er konvertitt. Kanskje er eg difor kandidat til å vera med i Minotenk? Kanskje er eg difor fleirkulturell? Rett nok har eg vore konvertitt i rundt 15 år lenger enn du. Men likevel? Ja, eg er litt ironisk no. Men eg er i like stor grad ålvorleg!

Kva om eg — per definisjon — er fleirkulturell? Er det sikkert at eg vil vera fleirkulturell? Eg har då konvertert til Den gresk-ortodokse kyrkja — eg har ikkje konvertert til fleirkulturalismen?

Eg har no kome til det punktet der eg må dra inn ateisten og kommunisten Georg Johannesen … GJ sa at det verste som hadde hendt honom var det å få tittelen «diktar». Diktar. Då var det gjort. Då var han ufarleggjort. Då var plassert i skapet. Då var han — som han sjølv sa — gjort om til ei ufarleg tante.

Og eg ser på uttrykket «fleirkulturell» litt på same måte som GJ såg på uttrykket «diktar». «Fleirkulturell» — det er då du — og det du står for — har vorte til ein «ressurs». Dei skarpe kantane er borte. Tilbake står berre rein «etnisitet».  Det integrerlege skalet.

Eg har òg i ein kommentar til eit anna innlegg, uttrykt nokre tankar om det siste innlegget ditt, Alzaghari, i VG — det om kva dersom barnet til ein ikkje-muslimsk nordmann går bort og vert muslim. For det er vel litt relevant at du — som dagleg leiar av ein minoritetstenkjetank — uttalar deg spesielt om konvertering til islam? Det hender då elles òg at etniske nordmenn vert buddhistar, jødar — gjerne hinduar — eller «eksotiske» kristne. Treng deira foreldre òg hjelp? MinoTenk si hjelp? For eigen del ville eg kanskje ikkje hatt slik hjelp …

Yousef Assidiq og mor hans fortel på bloggen hans om kva fylgjer det fekk at han konverterte. Men konverteringa mi òg førde til mange omleggingar i livsstilen. Det førde diskusjonar i heimen. Og til at eg framleis plagar mine kjære foreldre med at eg ikkje vil eta kjøt i den sokalla «norske» jolehøgtida, når mange av oss ortodokse kristne har faste. Ja, eg gjer meg stundom vanskeleg òg på ein del andre måtar.

Eg er ikkje åleine konvertitt til Den gresk-ortodokse kyrkja som har det på denne og liknande måtar. Og kommersialiseringa av adventstida dei siste — tja — 30 år, der adventsfasten har vorte til jolebordstid, har  ikkje gjort «integreringa» lettare. Eller sagt på anna vis: Det å vera norsk har vorte til noko anna enn det ein gong var. Og påstaden om at vanlege, norske kristne er so lite religiøse, vert berre sannare og sannare …  Eg hugsar og den russiske jenta som fortalde meg at ho gjerne skulle gift seg med ein nordmann. Og han trong ikkje vera ortodoks. Men han måtte ha litt skjøn for det ho stod for …

Men eg har aldri skrive lesarinnlegg om dette — før. (Vonar eg ikkje tek munnen for full der …) Eller gjort mi, personlege tru om til eit moment i ein debatt om fleirkulturalitet. Kristendom står ikkje so høgt i kurs. Men kanskje kan eg få plusspoeng likevel, dersom eg presenterer det som «fleirkultur»? Eller kanskje er det eg bør gjera (og då spør eg meg sjølv): byrja å skriva lesarbrev? Beint fram læra litt av Arnfinn Haram, som ikkje kvidde seg for å tala til alle kristne — av alle denominasjonar?

Eg treng ikkje berre kritisera muslimane i t.d. MinoTenk. Eg kan for so vidt òg kritisera ein og annan gresk-ortodoks medkristen. Det er sume som eg har oppfatta som litt for opptekne av å dra å halda føredrag — til «inspirasjon» — for ikkje-gresk-ortodokse kristne. Det er som eins eiga tru berre er ein ressurs — for andre. Me er berre noko eksotisk. Til inspirasjon. Fargeklattar … Og det er nesten verst når medkristne sjølve tek på seg ei slik rolle …

Til slutt eit ord til Sten Andre Fagermo: Eg skjønar godt at du vil trekkja inn norske jødar som utsette. For eigen del tenkte eg på serbarar i Noreg. Det var knalltøft for serbiske innvandrarar å bu i Noreg då Noreg førde krig mot Jugoslavia. Eg har kjenningar frå den tid, som tykte det var ein lette berre å koma til Sverige — bort frå trykket i Noreg.

Svar
Kommentar #5

Sten André Fagermo

57 innlegg  1300 kommentarer

Jeg husker Kosovo-krigen godt

Publisert rundt 5 år siden

for å ta den......jeg var 15 år og faktisk MOT bombinga......samme år (1999) var jeg i Russland, og flørtet litt med kommunismen på den tiden...ung og dum kanskje :)...

Det kom jo kosovoalbanske flyktninger hit til Tromsø også, og de var hyggelige folk...arbeidet med noen av dem noen år senere.....så jeg lærte da at både serbere og albanere var, ja vanlige folk, og ingen krigshissere..

 

Svar
Kommentar #6

Olav Nisi

145 innlegg  4830 kommentarer

Råd til Silli

Publisert rundt 5 år siden

Jeg vil hermed gi et råd til trådstarter:  Du bør ikke poste slike innlegg som dette når du  ser at andre viktige  debatt-tema er på dagsorden.  Nå for eksempel har vi fått grundige analyser av heksebrenning i middelalderen og utover, samt eksempel på enkeltmenneskers  uvitenhet og forskjellige oppfatninger når det gjelder dette særdeles viktige og høyaktuelle tema. Som selvfølgelig parkerer det meste av annet stoff i skyggenes dal.

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Tore Olsen kommenterte på
Godt og blandet
25 minutter siden / 253 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 1 time siden / 772 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Jesus er større enn norsk politikk
rundt 2 timer siden / 412 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 2 timer siden / 5222 visninger
Dagfinn Gaarde kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 2 timer siden / 5222 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Jesus er større enn norsk politikk
rundt 2 timer siden / 412 visninger
Marianne Solli kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 3 timer siden / 5222 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Å finne seg selv
rundt 3 timer siden / 1139 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Evolusjonslære, kreasjonisme og vitenskap
rundt 3 timer siden / 1815 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Å finne seg selv
rundt 3 timer siden / 1139 visninger
Les flere