Gunnar Kvåle

44

Klimaseilas til København

Publisert: 16. des 2009

Litt om det som Vårt land ikkje skreiv om

Laurdag for ei veke sidan la danskebåten frå kai i Oslo med kurs for København med 1200 klimaaktivistar om bord - aktivistar i alle aldrar, frå engasjerte besteforeldre til livlege barnebarn. Sist mandag vart denne reisa omtala i eit 2-siders oppslag i Vårt land. Men formålet med reisa og det dei reisande ville markera, fekk liten plass i omtalen.

 

Vi som reiste ville visa dei ansvarleg for forhandlingane i København at vi er mange som ynskjer ei rettferdig klimaavtale der det blir teke tilstrekkeleg omsyn til også fattige land sine behov. Gjennom seminar og foredrag var det på turen gode høve til å læra meir om klimakrisa og om korleis vi kan hindra at klimaendringane vil føra til at livet på jorda blir truga.

 

Turen var arrangert av ”Fremtiden i våre hender” og ”Kirkens Nødhjelp” og mange kjende personar deltok, mellom andre dei fleste norske biskopane. På torget i København deltok leder i bispekollegiet, Olav Skjevesland, saman med biskop Desmond Tutu frå Sør-Afrika, i overlevering av meir enn 500 000 underskrifter frå kyrkjesamfunn verda over med krav om ein rettferdig klimaavtale. Målet er at temperaturen ikkje må stiga meir enn 1.5 grader og at CO2 konsentrasjonen blir stabilisert på under 350 ppm (”parts per million”).

 

Problemet

”Intet bidrar mer til trusselen om klimakatastrofe og matmangel for våre barn enn den unødvendige og kunstig oppskrudde industriproduksjonen som drives fram av de rike lands politiske slåsskamp om konkurranseevne og vekst for vekstens egen skyld”…”Dette gjør vi for å sikre en overflod vi verken har reelt behov for eller rett til i en verden av sult og mangler – og vi gjør det på bekostning av jord og livsvilkår for den generasjonen vi har foreldreansvar for”

 

Dette sitatet frå boka ”Pengene eller livet” av Erik Dammann som kom ut for 20 år sidan, er diverre like aktuelt i dag. Auka klimautslepp er ikkje berre eit resultat av alt for mykje reising med fly, bil og båt, men også av vårt overforbruk av varer vi i grunnen ikkje treng. I år er det forventa at vi i Noreg igjen vil setja ny rekord i julehandel. I desember vil vi leggja om lag 12 milliardar kroner meir att i butikkane enn det vi handlar for dei andre månadane i året.  Det meste av dette går til ting vi godt kunne greia oss forutan. Ein stor del av desse varene er produserte i lavkostland som Kina. Denne produksjonen, for å tilfredstilla forbruk i den rike del av verda, er ei viktig årsak til at Kina no stadig byggjer nye kolkraftverk.

 

Pål Prestrud leiar for klimaforskningssenteret ”Cicero”, la fram data som tydeleg viste kor alvorleg situasjonen no er vorten. Om det ikkje raskt blir ein nedgang i utsleppa globalt, er risikoen stor for ei temperaturstigning på 3 til 4 grader. Dette vil få svært alvorlege fylgjer, både for matproduksjon og for tilgang på reint vatn som  saman med havstigninga vil føra til svolt, massemigrasjon av menneske og svært store endringar i det finstemte økosystemet på jorda.

 

Prestrud gav oss også eit innblikk i forhandlingane. Ulike grupper av land kjempar sterkt for sine eigeninteresser: rike mot rike land, rike mot fattige land, og dei aller fattigaste mot land som er på veg ut av fattigdomen (land som Kina, India, Brasil og Sør Afrika). Prestrud var særleg kritisk til at vi i Noreg ikkje gjer meir på heimebane for å redusera våre utslepp. Det må utviklast ei større forståing av at vi alle er i same båt og at vi alle er ansvarlege for å samarbeida om ei rettferdig løysing av miljø- og fattigdomskrisa.

 

Kva den einskilde av oss kan gjera

Det er mykje vi kan gjera sjølve. Vi kan til dømes ta del i 10:10 aksjonen som både internasjonalt og i Noreg får stadig større tilslutning. Aksjonen er ei oppmoding til bedrifter, organisasjonar og einskildpersonar om å setja seg som mål og redusera eigne utslipp og ressursbruk med 10 prosent i 2010. Politikarane gjer ofte ikkje anna enn det dei har ryggdekning for mellom folk flest. Difor er viktig også kva den einskilde av oss gjer, både som privatperson og som tilsett eller leiar i privat eller offentleg verksemd. To tusen norske privatpersonar har alt meldt seg på, i tillegg til nokre organisasjonar og bedrifter, blant andre vekeavisa ”Ny Tid” og det kjende arkitektfirma ”Snøhetta”. På http://www.1010norge.no/ kan ein finna ut meir om aksjonen.

 

Målet med forhandlingane i København

Den offisielle målsetninga for forhandlingane i København er å hindra at temperaturen på jorda stig med meir enn 2 grader. Det er no vist at sjølv ei slik stigning vil få svært alvorlege konsekvensar. Difor er det no ei aukande støtte til eit krav frå ein del fattige land om at vi ikkje kan lata temperaturen på jorda stiga med meir enn 1.5 grader. Uansett kor god avtale ein eventuelt vil koma fram til i København, tyder alt no på at ein bindande avtale ikkje bli god nok til at ein kan nå dette målet. I ein eventuell politisk avtale bør målet for temperaturauken justerast ned til 1.5 grad. Håpet må vera at også politikarane snart skjønar alvoret i situasjonen, og at bindande avtalar som må forhandlast fram etter København, blir radikale nok til at vi kan nå dette målet.

 

Krav om ei rettferdig klimaavtale

Både Fremtiden i våre hender, Kirkens Nødhjelp og biskopane i Den norske kyrkja støttar dei fattige landa i deira krav. Ein rettferdig avtale er ikkje mogleg utan at vi i den rike del av verda er villege til å redusera vårt forbruk av materielle ressursar og støttar opp om ei utvikling som gjer det mogeleg for fattige land å bekjempa fattigdom og utvikla samfunnet etter ein modell som ikkje krev auka bruk av fossilt brensel.

 

Ein representant for Statoil som også var med på båten, prøvde å spreia ein bodskap om at fattige land treng olje og gass frå Noreg for å oppnå materiell vekst og akseptabel levestandard. Men u-landa er sjølve klar over at dei har meir å tena på å gå direkte over til å utvikla eit bærekraftig samfunn med lite bruk av olje. Vi i rike land må støtta dei økonomisk for ei slik utvikling og ikkje for å utvikla ein oljebasert økonomi! For å ha håp om å unngå ei alvorleg miljøkrise kan vi maksimalt bruka berre ein fjerdedel av dei kjende reservane av fossilt brensel som finnest att på jorda. Difor hastar det med at også vi som lever i rike land avviklar vår avhengighet av fossil energi.

 

Ei moralsk utfordring

FN sin forhandlingsleiar, Yvo de Boer, peika på ei hovudårsak til dei krisene verda står overfor i dag. Han sa at både miljøkrisa, fattigdomskrisa og ikkje minst finanskrisa har si årsak i ei moralsk krise. Egoismen i oss alle må overvinnast, og desse krisene kan berre løysast om rike og fattige blir samde om å samarbeida for å skapa ei verd med levelege vilkår for alle. Det betyr at vi må slutta å driva rovdrift på naturen og skapa ei meir rettferdig fordeling ved at vi viser større vilje til å dela, både med fattige som lever i dag og med framtidige generasjonar.

 

Denne moralske utfordinga kom sterkt fram i ei økumenisk gudsteneste i København der representantar for mange kyrkjesamfunn verda over deltok. Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, hadde hovudtalen. Han la vekt på at mangel på kjærleik som viser seg gjennom ei egoistisk og grådig livsførsel, har ført oss dit vi er i dag. Om vi kunne fylgja opp bodet om å elska nesten vår som oss sjølv, ville vi ikkje tillata ein slik skilnad mellom fattig og rik som vi ser på jorda i dag. Vår neste inkluderer alle som lever i dag og også framtidige generasjonar.

 

Eit signal med ein bodskap til alle menneske

Gudstenesta i København vart avslutta med 350 slag i kyrkjeklokka, som ei bøn om at me, gjennom ein felles global dugnad, vil greia å berga skaparverket ved å sørgja for at CO2 konsentrasjonen blir stabilisert på eit nivå under 350 ppm! Denne kyrkjeklokkebøna starta kl. 15.00 lokal tid den 13. desember på øyane Sør i Stillehavet, der dei alt har merka effekten av klimaendringane. Klokkeklangen gjekk så frå land til land, i tidslina frå aust mot vest. Frå kyrkja i København gjekk bodskapen kl. 15.00 vidare vestover, jorda rundt. Ei sterk påminning til oss alle om kva denne saka gjeld!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Nelly Bjerketvedt

60 innlegg  676 kommentarer

RE: Klimaseilas til København

Publisert over 10 år siden
16.12.09 kl. 21:54 skrev Gunnar Kvåle:

Problemet

”Intet bidrar mer til trusselen om klimakatastrofe og matmangel for våre barn enn den unødvendige og kunstig oppskrudde industriproduksjonen som drives fram av de rike lands politiske slåsskamp om konkurranseevne og vekst for vekstens egen skyld”…”Dette gjør vi for å sikre en overflod vi verken har reelt behov for eller rett til i en verden av sult og mangler – og vi gjør det på bekostning av jord og livsvilkår for den generasjonen vi har foreldreansvar for”

 Dette sitatet frå boka ”Pengene eller livet” av Erik Dammann som kom ut for 20 år sidan, er diverre like aktuelt i dag. Auka klimautslepp er ikkje berre eit resultat av alt for mykje reising med fly, bil og båt, men også av vårt overforbruk av varer vi i grunnen ikkje treng. I år er det forventa at vi i Noreg igjen vil setja ny rekord i julehandel. I desember vil vi leggja om lag 12 milliardar kroner meir att i butikkane enn det vi handlar for dei andre månadane i året.  Det meste av dette går til ting vi godt kunne greia oss forutan. Ein stor del av desse varene er produserte i lavkostland som Kina. Denne produksjonen, for å tilfredstilla forbruk i den rike del av verda, er ei viktig årsak til at Kina no stadig byggjer nye kolkraftverk.

Krav om ei rettferdig klimaavtale

Ein rettferdig avtale er ikkje mogleg utan at vi i den rike del av verda er villege til å redusera vårt forbruk av materielle ressursar og støttar opp om ei utvikling som gjer det mogeleg for fattige land å bekjempa fattigdom og utvikla samfunnet etter ein modell som ikkje krev auka bruk av fossilt brensel.

 Ein representant for Statoil som også var med på båten, prøvde å spreia ein bodskap om at fattige land treng olje og gass frå Noreg for å oppnå materiell vekst og akseptabel levestandard. Men u-landa er sjølve klar over at dei har meir å tena på å gå direkte over til å utvikla eit bærekraftig samfunn med lite bruk av olje. Vi i rike land må støtta dei økonomisk for ei slik utvikling og ikkje for å utvikla ein oljebasert økonomi! For å ha håp om å unngå ei alvorleg miljøkrise kan vi maksimalt bruka berre ein fjerdedel av dei kjende reservane av fossilt brensel som finnest att på jorda. Difor hastar det med at også vi som lever i rike land avviklar vår avhengighet av fossil energi.

 

Ei moralsk utfordring

FN sin forhandlingsleiar, Yvo de Boer, peika på ei hovudårsak til dei krisene verda står overfor i dag. Han sa at både miljøkrisa, fattigdomskrisa og ikkje minst finanskrisa har si årsak i ei moralsk krise. Egoismen i oss alle må overvinnast, og desse krisene kan berre løysast om rike og fattige blir samde om å samarbeida for å skapa ei verd med levelege vilkår for alle. Det betyr at vi må slutta å driva rovdrift på naturen og skapa ei meir rettferdig fordeling ved at vi viser større vilje til å dela, både med fattige som lever i dag og med framtidige generasjonar.

 

Denne moralske utfordinga kom sterkt fram i ei økumenisk gudsteneste i København der representantar for mange kyrkjesamfunn verda over deltok. Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, hadde hovudtalen. Han la vekt på at mangel på kjærleik som viser seg gjennom ei egoistisk og grådig livsførsel, har ført oss dit vi er i dag. Om vi kunne fylgja opp bodet om å elska nesten vår som oss sjølv, ville vi ikkje tillata ein slik skilnad mellom fattig og rik som vi ser på jorda i dag. Vår neste inkluderer alle som lever i dag og også framtidige generasjonar. 

 Takk for et godt innlegg.

Jeg tenker ofte at Oljen mer har vært en "forbannelse" enn en "velsignelse" for oss nordmenn. En forbannelse vi har tiltrukket oss selv, med vår kortsiktige og grådige utnyttelse av oljeforekomsene i "våre" havområder.

At Statoil gjør sitt beste for å tjene gode penger på at andre stater gjør seg avhengig av et forurensende og ufornybart drivstoff sier bare alt om hva som er drivkraften deres. Den globale oljeindustriens mektige aktører er vår tids koloniherrer.

Kommentar #3

Nelly Bjerketvedt

60 innlegg  676 kommentarer

RE: klimaseilas

Publisert over 10 år siden
17.12.09 kl. 08:52 skrev Heidi Marie Lindekleiv:

Avisens prioriteringer er selvsagt suverene ovenfor arrangørene av klimaseilasen, men det er å spre løgn å si at formålet med reisen fikk lite omtale i VL. Dette ble behørlig omtalt i papiravisen, i tillegg til vl.no.

alt godt!

HML

 Spre løgn.. Harde ord? Det kan vel tenkes at det var slik vedkommende opplevde VL dekning?

Kommentar #4

Gunnar Kvåle

44 innlegg  10 kommentarer

Klimaseilas

Publisert over 10 år siden

"Å spre løgn" er et sterkt utsagn. I mitt innlegg omtaler jeg ikke dekningen generelt i Vårt land, men bare omtalen i eit bestemt oppslag i sist mandag, sitat: "Sist mandag vart denne reisa omtala i eit 2-siders oppslag i Vårt land. Men formålet med reisa og det dei reisande ville markera, fekk liten plass i omtalen". Jeg mener å ha full dekning for dette utsagnet. Om noen skulle være i tvil om det, anbefafler jeg dem å lese dette oppslaget på sidene 10 og 11 i Vårt land 14. desmber på nytt. Formålet med reisen og det vi ville markere ble nevnt i "faktaboksen" men fikk liten plass i teksten. 

 

Kommentar #6

Nelly Bjerketvedt

60 innlegg  676 kommentarer

RE: RE: Klimaseilas

Publisert over 10 år siden
17.12.09 kl. 12:16 skrev Heidi Marie Lindekleiv:

Beklager at jeg "kverulerer" på dette. Jeg ønsker ikke å starte noen stor diskusjon. Jeg er opptatt av at premissene for debatter skal være korrekte.

Var det korrekt å bruke uttrykket "spre løgn"? Noen ganger kan det være lurt å be om unnskyldning for å ha brukt u-korrekte ord. Ellers kan debatten spore helt av... som her nå..

Kommentar #7

Gunnar Kvåle

44 innlegg  10 kommentarer

Klimaseilas

Publisert over 10 år siden

Heidi Marie Lundekleiv skriver at hun at hun beklager at hun "kverulerer" men at hun, sitat "er opptatt av at premissene for debatter skal være korrekte". Det er vi jo helt enige om! Men det er vel kanskje verken hun eller jeg som helt uhildet kan definere premissene eller har definisjonsretten for disse! Mitt poeng var at det som skjedde i ulike seminarer og diskusjonfora knapt var nevnt i den omtalen i Vårt land vi her diskuterer. Selvsagt er det slik, som hun skriver at: "Avisens prioriteringer er selvsagt suverene ovenfor arrangørene av klimaseilasen". Det er også jurnalisten eget ansvar og valg hvordan hun velger å vinkle en sak, og hva hun velger å omtale. Men det må da være tillatt å peke på at det var andre ting som skjedde på turen som ikke ble nevnt i Vårt land, uten å bli møtt med utsagn av typen "å spre løgn". Jeg hadde kanskje ventet meg en forsiktig beklagelse av akkurat dette.

Ellers fastholder jeg det jeg skrev ovenfor, og synes vi skal avslutte debatten uten å plage verdibloggens leser mer med dette. Om du har mer du vil anføre, er du velkommen til å kontakte meg over mail, gunnar.kvale@cih.uib.no.

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere