Verdidebatt

Må vi forby alt vi mislikar?

Når ein norsk politikar for ein gongs skuld tek til orde for å tillate noko, ikkje forby endå meir, blir ein fort stempla som «ekstrem liberalist». Det seier det meste om norsk politisk debatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

27. juni presenterte eg ei 21-punktsliste i Dagens Næringsliv, som ein reaksjon på ein lang vår med forslag om å forby alt frå kartongvin til kinderegg. Lista inneheldt 21 forslag til ting vi kan legalisere i Noreg. Alt frå rimeleg kurante forslag som å la asylsøkjarar jobbe, til vanskelege etiske spørsmål som surrogati og aktiv dødshjelp.

Eirik Lunde, leiar i Oslo KrF, skriv på verdidebatt at «Sveinung Rotevatn er liberal. Eller en liberalist. Eller en ekstrem liberalist, vil noen kanskje si». Det seier mykje om norsk politisk debatt, eller moglegvis mest om Oslo KrF, at forslag som alle har blitt legalisert andre stadar – mange i våre næraste naboland – blir stempla som «ekstreme».

LES ERIK LUNDES OPPFØLGER: Om friheten og Rotevatns liberalisme

Å skade andre

Lunde skriv at eg «vil ha» happy hour, at eg «ikke vil ha» skjenkestopp klokka tre osb. For det første trur eg det er sunt for debatten at vi som politikarar lærer oss å skilje mellom å «ville ha» noko og å «ikkje ville forby» noko. For det er faktisk to svært ulike ting. Det er mange ting eg ikkje «vil ha», herunder utruskap, banning, løgn og kommunisme, utan at av den grunn vil nedlegge statleg forbod mot det. Eller som vi brukar å seie i Venstre: Vi må skilje mellom det vi mislikar, og det vi vil forby.

Det betyr ikkje at eg avviser alle statlege forbod. Openbart. Men eg forsøker å avgrense bruken av forbod til dei tilfella der vi skadar andre menneske – noko som etter mitt syn er kjerneområdet av kva staten legitimt kan bruke valdsmonopolet sitt til å gripe inn mot. Eksempelvis er eg for forbod mot menneskehandel, tvang og påtrengande oppførsel. Men eg er for eit forbod mot tigging som sådan. Med andre ord er mitt prinsipielle utgangspunkt heilt i tråd med synet til John Stuart Mill, som mellom anna var ein kraftig motstandar av alkoholforbod. Erik Lunde, derimot, ser ut til å lese Mill på ein svært kreativ måte.

Har eg tenkt over konsekvensane?

Eg vil i tillegg få lufte ein aldri så liten frustrasjon eg har tenkt på ei stund. Det er nemleg slik at vi som inntek progressive standpunkt i det offentlege ofte blir møtt ei haldning frå konservative meiningsmotstandarar som irriterer meg. Nemleg at vi «umogleg kan ha tenkt over konsekvensane».

Eg kan betrygge både Lunde og andre med at jo, det har eg. Eg har tenkt nøye over konsekvensane av å legalisere cannabis. Og av å legalisere aktiv dødshjelp. Og av å la folk kunne ta seg eit glas vin i parken. Og kva meir er: Eg forstår motargumenta. Ja, somme av dei meiner eg til og med bør vege svært tungt.

Men eg har også satt meg inn i argumenta som talar for legalisering. Og i mange tilfelle har eg latt meg overbevise. 21 av dei tilfella har eg lista opp i Dagens Næringsliv. For det er ikkje slik at berre fordi det finst motargument mot eit standpunkt, ja, til og med gode motargument, så skal ein ikkje våge å konkludere på det ein er overbevist om er det mest riktige svaret. Det svaret som har mest for seg. Det svaret som samla sett vil føre til eit litt betre samfunn, med litt meir fridom for det enkelte lokalsamfunn, den enkelte familie og det enkelte menneske.

Om aktiv dødshjelp

Eksempelvis forstår eg godt motargumenta mot aktiv dødshjelp. Eg forstår at dette for mange er eit «drap», på same måte som ein kan argumentere for at abort er eit «drap». Eg forstår at mange er redde for at å opne opp for dette kan føre til eit utilbørleg press på somme menneske - ei frykt som nok er overdriven, men neppe urealistisk. Og eg forstår frykta for at somme vil kunne ta «feil» val – utan nokon form for angrerett.

Men samstundes forstår eg alle dei menneska som er redde – redde for å gå ei pinefull livsavslutning i møte utan moglegheit til å ta kontroll. Eg forstår dei som er redde for å miste sjølvråderetten over eigen kropp, og som ikkje ønskjer det dei sjølv meiner er ein uverdig utgang på livet. Og eg forstår at mange som er i terminalfasen diverre vel å gjere slutt på livet sjølve, i mangel på meir verdige alternativ.

Difor har eg vald å konkludere med at vi bør legalisere ein praksis som allereie eksisterer i dag, men som på grunn av forbodet må foregå i mørket – utan gode kontrollrutinar eller skikkeleg verdigheit. Det betyr som sagt ikkje at eg ikkje anerkjenner motargumenta. Det betyr at eg har vald å konkludere med det eg meiner er den beste løysinga, alt tatt i betraktning.

Kva vil KrF legalisere?

Konklusjonen er ikkje det viktige – heller ikkje rundt mine andre 20 punkt – det viktige er at fleire politikarar av og til burde stille seg sjølve nokre grunnleggjande spørsmål. Og ta dei vanskelege debattane. Det er fristande å utfordre Lunde og Oslo KrF til å kome med si liste over statlege forbod dei ønskjer å fjerne. Eg mistenkjer at den vil bli skuffande kort.

For av alt det som tidlegare var forbode, det vere seg skateboard, homofili, blasfemi eller pornografi, var det sjeldan KrF som gjekk i front for å ta dei vanskelege men nødvendige debattane. Det ser dei ikkje ut til å ville gjere denne gongen heller.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt