Verdidebatt

Dåp og folkekyrkje

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Vikarprest Nils Beite har berre tatt Guds ord på alvor. Det er ein trussel mot den nye folkekyrkjeideologien. Derfor er det veldig verdifullt at hans eigen biskop har gitt han full ryggdekning. I forlenginga av det som skjedde, treng kyrkja å vekke liv i to svært viktige debattar om eiga tru og forvaltning. Den første handlar om oppgjer med den billege nådeforståinga som har fått oss til å tenke at dåpen er utan føresetnader. Den andre handlar om konsekvensane av at vaksne menneske med vitande og vilje sørger for å sette til verda juridisk farlause barn.
Kristen dåp er ikkje til allmenn utdeling som ein religiøs service i eit samfunn. Dåpen er porten til eit liv i tru og etterfølging. Ved dåp av barn betyr dette at kyrkja til alle tider har sett krav til foreldre og oppseding. Då sambuarskapet etter kvart tok over som normal inngang til ekteskapet i samfunnet vårt, blei det naturlegvis ein stor trussel mot sjølve folkekyrkjeideologien, fordi det utfordra samanhengen mellom den gåva og forpliktinga som Gud gir i dåpen. Bohoeffers åtvaring mot billege sakrament  utan kall til etterfølging har måtte vike, ikkje fordi han er ubibelsk men fordi det blir for krevande for kyrkja å halde på posisjonen sin som godt likt religiøs serviceorgan. Kven orkar å vere prest med risiko for å bli uthengt for å ta konsekvensane av at småbarnsforeldre gjer valg som inneber at dei ikkje kan oppdra barnet i kristen forsaking og tru?
Så strammar den offentlege radbrekkinga av ekteskapet til skruen. Ei kyrkje i strid med seg sjølv, utstyrt med valgfri lære i spørsmålet om rett og galt når det gjeld homoseksuelt samliv, får nye utfordringar. Og spørsmålet er stort, ikkje berre fordi det bryt mot Guds ord om seksualitet og samlivsform, men fordi vaksnes rett til å velge seg farlause barn bryt med dei mest grunnleggande menneskerettane: barns rett til far og mor. Etter kvart kjem fedrar heim frå utlandet med morlause barn, fødd av surrogatmødrer. Det er ennå ulovleg etter norsk lov. Dei vil kreve dei samme servicerettane i folkekyrkja som alle andre. Kva vil kyrkja svare på desse krava?
Kanskje vinn ei slapp kyrkje folk, media og politikarar for ei tid, men det er ei støtte som fører til  politisk kontroll, medieforakt og folkeleg likesæle. Ei kyrkje som gir opp seg sjølv og ser bort frå evangeliets dyre nåde for å tekkast opinionen, er dømt til å tape misjonalt. Den omfattar mange men vinn få. Jesu bodskap var at vi må rekne med å vere få, men at han gjennom desse og ved sin Ande kan nå dei mange. Elles hadde han neppe gitt dei elleve misjonsbodet til alle folkeslag. For evangeliets og misjonens sak treng vi eit oppgjer med folkekyrkjeideologien  - om folkekyrkja skal kunne bergast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt