Per Steinar Runde

196    2205

Magnus Carlsen, "trollmannen" frå Riga og det kliniske skjønn

Kva er det kliniske skjønn og kvifor er dette vanskeleg å formidle med ord.

Publisert: 23. jun 2012 / 1579 visninger.

Eitt av ankemåla mot den rettspsykiatriske rapporten til Husby og Sørheim var dette: Det såg ut som om dei først hadde bestemt seg for diagnosen og deretter funne fram argumenta som talde for konklusjonen sin. Denne påstanden inneheld kanskje meir enn ein kime av sanning, men på ein annan måte enn kritikarane er klar over.

Siste halvanna veke har eg høyrt vitnemåla frå dei psykiatrisk sakkunnige i rettsaka mot Breivik samstundes med at eg har sett på Mikhail Tals minneturnering i Moska og innimellom vore utandørs og spikra opp nye bord på ein gammal le-vegg. Reiskapane mine der har vore tommestokk, sirkelsag, vinkel, blyant og hammar. Men det hadde gått tregt og blitt eit dårleg resultat viss eg ikkje hadde litt trening i snikkararbeid frå før.

Blant dei mange diagnosane som har vore lanserte av fagfolk i saka mot Breivik, er også Aspergers syndrom. Litt humoristisk var det då ein som kommenterte at dette var meir a la Magnus Carlsen. Asperger blir rekna som ein lettare variant av autisme, og typisk er at ein då ofte er einsidig opptatt av og kan bli ganske dyktig på eit snevert område. Sjølvsagt har ikkje Magnus Carlsen noko slikt syndrom, men han har siste par åra vore den beste sjakkspelaren i verda, så slik sett er han svært spesiell og flink på sitt felt (som i sjakk-samanheng faktisk er 8x8, dvs 64 felt eller ruter). Sjansen for at ein kar frå vesle Noreg skulle få denne posisjonen, var statistisk sett svært liten med tanke på kva status sjakk har i folkerike nasjonar som Kina, India, USA, Russland, heile Aust-Europa, Tyskland og England. Og no har vi også fått ein av verdas største massemordarar; utan samanlikning elles. Men kvifor har Magnus blitt så god?

I sjakk blir det ofte skilt mellom kalkulasjon og intuisjon. I kalkulasjon er det ingen som slår ein rask datamaskin. Lyrikaren André Bjerke hadde ikkje stor tru på at datamaskinar kunne meistre eit så komplisert spel, og via eit heilt kapittel, "Kan en robot spille Evansgambit?", til temaet i si sjakkbiografiske bok "Spillet i mitt liv". Men så var heller ikkje computerane så avanserte på Bjerke si tid, men sjølv datamaskinar er gagnlause til sjakk viss dei ikkje er programmerte av framifrå sjakkspelarar. Og det finst mange av dei blant informatikarane. For å bli best i verda i sjakk må ein nok meistre både kalkulasjon og det som feilaktig blir kalla "intuisjon". Både Carlsen og latviaren Tal blir likevel rekna til dei intuitive sjakkspelarane, dei som har ein følelse for kor brikkane bør stå og kva trekk som er verdt å rekne på, for inga menneskehjerne kan tenkje gjennom alle titusenvis av variantar. Dei som har denne evna, er naturleg nok særleg gode i lynsjakk, der tenkjetida for heile partiet er på under fem minutt. Carlsen vart verdsmeister i denne disiplinen i 2009, og Tal tenkte tilsynelatande så raskt og presist og kom seg så godt ut av kompliserte og vanskelege stillingar at han fekk tilnamnet "Trollmannen frå Riga". Men sjølvsagt var det ikkje trolldom med i spelet og ikkje mystisk intuisjon heller. Det handlar i staden om skjønn, om å forstå ein situasjon på brettet. Og då nærmar vi oss det som blir kalla "det medisinske skjønn". Viss Tal eller Carlsen skulle forklare si innsikt i sjakk til andre, trur eg dei ville fått problem. For det er ikkje alt som kan formidlast med ord. Eg tenkjer stundom på dette dei få gongene eg er innom vinspalta i ei avis. Eg tvilar ikkje det minste på at gode ganar kan skilje mellom god og mindre god vin og kjenne smakar som eg ikkje ville leggje merke til. Men når dette skal formidlast i ord, synest eg det minner om tungetale. Kanskje kan andre vinsmakarar forstå kva dei meiner, men iallfall gjer ikkje eg det. 

Kva er så skjønnet og kva skaper god vurderingsevne? Det har truleg minst to komponentar, talent og erfaring. Vi har ulike anlegg for ting i utgangspunktet. Somme er musikalske, andre flinke med tal; nokre er praktiske, andre teoretisk anlagt. Også når det gjeld evne til å forstå andre menneske, er vi ulike. Vi er ikkje like sosiale. Kvinner er nok jamtover meir váre for kroppsspråk, såkalla non-verbal kommunikasjon, enn menn er, men dei personlege variasjonane er store.

Dessutan kan evner øvast opp. Lang trening er avgjerande på dei fleste felt for å nå eit høgt nivå. Slik er det sjølvsagt også i den kliniske kvardag. Til fleire pasientar ein har møtt med ein bestemt sjukdom, til lettare kjenner ein tilstanden att i dei mange variantar han kan ha. Og ein kan lære av tidlegare feil. Etter kvart får ein den rette "feeling", som idrettsfolk stundom snakkar om. 

Eg starta med å nemne arbeidsreiskap. Også psykologar/psykiaterar har slike, som spørjeskjema og kliniske testar av ulikt slag. Og ein må sjå spesielt etter dei kriteria som ekspertkomitéar i har sett opp for ulike tilstandar. Det er sjølvsagt viktig å ha ei slik felles referanseramme, men diagnostikken startar ikkje med det. Han tek til med samtalen og observasjonen undervegs, der det kliniske skjønnet er avgjerande. Det som media og ufaglærte forståsegpå'arar har oppfatta som å bestemme seg først og deretter få det til å passe med dei formelle kriteria, er prosessen der det kliniske skjønn skal prøvast mot og forklarast ved hjelp av kriteria. Om ein er aldri så intelligent, sogar postdoktor i teologi eller filosofi, treng ein ikkje skjøne bæra av dette. For skjønn er vanskeleg å formidle. Det er ein innsikt éin person har og dei fleste andre manglar, iallfall på bestemte område eller i ei spesiell sak.

Når det gjeld forståing av Breivik, så blir då spørsmålet kvifor andre som har hatt nærkontakt med han, ikkje har sett det same. Eg har gitt nokre mulige svar i ein kommentar til eit innlegg av Bjørn Are Davidsen, som i stor grad byggjer på artikkelen til Atle Søvik i fredagsnummeret av Vårt Land. Det kan ha med intervjusituasjonen å gjere, både tidspunktet, føremålet og omstenda rundt. Tidspunktet er avgjerande for kor "ferske" spora er, men også for om ein kom til før Breivik fekk tilgang til media og såleis fekk høve til å endre forklaring og veremåte for å framstå som mest muleg tilrekneleg. For han er utan tvil både intelligent og verbal. Vi som berre har sett rettssaka på fjernsyn har ikkje fått høyre så mykje av han, men vi har kunna observere kroppsspråket og reaksjonane hans. Og berre ut frå det er det lett å sjå at "han er ikkje sann", som vi seier her på Sunnmøre. Slik er iallfall mitt skjønn.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Robin Tande

12 innlegg  3333 kommentarer

Så sikker på det?

Publisert rundt 5 år siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.

Sjølvsagt har ikkje Magnus Carlsen noko slikt syndrom,

Kanskje noe beslektet?

Hva skal vi si når en person som ikke klarer å addere to ensifrede tall, svarer korrekt, uten å nøle, på spørsmål om hvilken dag en angitt dato flere hundre år fram i tiden, faller på? Så et program på BBC for noen år siden. Men den evnen (så lite matnyttig) er også demonstrert av andre. Juks? Men den formidable presentasjonen laget av BBC? Det var tre sterkt uviklingshemmede personer med spesialevner. Den ene i musikk - hinsides det tenkelige. Den andre i å tegne gatepartier etter en rask kjøretur gjennom London. Og den tredeje altså dette med dag og dato.

Joda, vi er lettlurt. Men Magnus Carlsen lurer oss ikke; ekstremt selektive evner er et faktum. Det blir ikke lettere å forstå med et navn, som intuisjon.

Men poenget her er altså at når vi har ekstreme positive avvik, så er kanskje ikke de negative så uforståelig?

Svar
Kommentar #2

Robin Tande

12 innlegg  3333 kommentarer

Tillegg

Publisert rundt 5 år siden

Det var ikke dette trådstarter ville poengtere ved å introdusere Magnus Carlsen. Men jeg gjør det altså. Det ble så beleilig da jeg la merke til tråden.

Svar

Siste innlegg

Boken er alltid bedre
av
Joanna Bjerga
rundt 7 timer siden / 59 visninger
0 kommentarer
Vondt fordi det virker
av
Håvard Nyhus
rundt 11 timer siden / 369 visninger
1 kommentarer
Vekk med promillekjøringen
av
Odvar Omland
rundt 11 timer siden / 53 visninger
0 kommentarer
Sverdet
av
Fredrik Evjen
rundt 14 timer siden / 185 visninger
4 kommentarer
Vad är, "den andra döden"?
av
Anders Ekström
rundt 15 timer siden / 130 visninger
1 kommentarer
Politikk og verdier
av
Knut Arild Hareide
rundt 17 timer siden / 119 visninger
0 kommentarer
Farvel, kontantstøtte
av
Sondre Hansmark Persen
rundt 18 timer siden / 459 visninger
4 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Boken er alltid bedre
av
Joanna Bjerga
rundt 7 timer siden / 59 visninger
0 kommentarer
Vondt fordi det virker
av
Håvard Nyhus
rundt 11 timer siden / 369 visninger
1 kommentarer
Vekk med promillekjøringen
av
Odvar Omland
rundt 11 timer siden / 53 visninger
0 kommentarer
Sverdet
av
Fredrik Evjen
rundt 14 timer siden / 185 visninger
4 kommentarer
Vad är, "den andra döden"?
av
Anders Ekström
rundt 15 timer siden / 130 visninger
1 kommentarer
Politikk og verdier
av
Knut Arild Hareide
rundt 17 timer siden / 119 visninger
0 kommentarer
Farvel, kontantstøtte
av
Sondre Hansmark Persen
rundt 18 timer siden / 459 visninger
4 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Kjetil Mæhle kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 5 timer siden / 804 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 7 timer siden / 804 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Er Gud urettferdig - tier Gud i dag - skjuler Gud seg?
rundt 7 timer siden / 78 visninger
Kjetil Mæhle kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 8 timer siden / 804 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Hvorfor kirken må forkynne hele Guds Ord
rundt 8 timer siden / 4222 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Farvel, kontantstøtte
rundt 8 timer siden / 459 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Farvel, kontantstøtte
rundt 8 timer siden / 459 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Hvorfor kirken må forkynne hele Guds Ord
rundt 8 timer siden / 4222 visninger
Torry Unsgaard kommenterte på
Farvel, kontantstøtte
rundt 9 timer siden / 459 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 9 timer siden / 834 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Vondt fordi det virker
rundt 10 timer siden / 369 visninger
Randi TunIi kommenterte på
Vad är, "den andra döden"?
rundt 13 timer siden / 130 visninger
Les flere