Verdidebatt

Ny framvekst av jødehat

Rapporten «Antisemittisme i Norge» etablerer ein samanheng mellom antisemittisme og Israel-kritikk. Dette har vorte underkommunisert i ordskiftet etterpå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rapporten om «Antisemittisme i Norge»er eit varsku om at det norske samfunnet kan oppleva ei antisemittisk atterkome gjennom haldningar til Midtausten-konflikten og staten Israel. Men fordi forskarane ikkje berre legg fram hovudfunna sine, og gjev meir enn berre éi tolking av dei, kan dei som vil, nytta den akademiske varsemda til forskargruppa til å sjå bort frå dei alvorlege varsla og sova vidare på reservasjonane deira.

Ein ny antisemittisme?
Bakgrunnen for åtvaringa er den direkte årsakssamanhengen mellom rasistisk jødehat og det industrielle massedrapet til nazistane, som i etterkrigstida førde til at antisemittismen vart diskreditert. Framvoksteren av ny antisemittisme i Europa vert av mange forskarar sedd i ljos av denne delegitimeringa av antisemittiske haldningar.
Perspektivet har flytt seg frå holocaust til Israel, eller som dei tyske forskarane Werner Bergmann og Juliane Wetzel seier: «[D]en historiske antisemittiske tradisjon med å demonisere jødene overføres på Israel.» I samfunn der det gamle jødehatet har vorte tabu, søkjer antisemittismen seg utlaup på anna vis. Her siterer rapporten den svenske idéhistorikaren Henrik Bachner: «Israel fungerer som ein katalysator for antisemittiske haldning­ar i ein kultur der jødehatet har vorte tabu.»

Kva er antisemittisme?
Men om antisemittismen vert definert så vidt at han råkar all kritikk av Israel, vert omgrepet til eit moralsk frikort for israelske styresmakter; om det vert definert så smalt at det berre råkar jødeutryddingane til nazistane, misser det relevans for samtida. Dette «viser nødvendigheten av å kunne skille legitim kritikk av Israels politikk fra en demonisering med antisemittisk fundament», heiter det i rapporten.
Det er minst to måtar å fastsetja eit slikt skilje på. Ein kan nærare definera når ein legitim Israel-kritikk passerer ei grense og vert illegitim. Ein annan måte er å definera og måla antisemittismen som eit meir «tidlaust» kompleks av fordomar, kjenslemessig uvilje og sosial avgrensing mot jødar, før ein i neste omgang kartlegg haldningar til Israel og Midtausten-konflikten og til sist ser etter mogelege samanhengar mellom antisemittisme og Israel-haldningar. Det er denne siste måten ein vel i den norske rapporten.

Vart omtolka
Forskarane går altså fram i tre steg. Dei funna dei gjer av upolitisk, «tid- og stadlaus» antisemittisme på det fyrste nivået av forskingsprosessen, er reiskapar som skal nyttast på det tredje nivået for å få fram det ein eigenleg ser etter, nemleg eventuelt samanfall av antisemittisme og ymse haldningar til Midtausten-konflikten.
Overser ein dette, kan ein koma til å oppfatta reiskapen som resultatet. Men då skifter rapporten karakter. Han vert upolitisk og misser det alarmerande preget sitt.
Det ligg klårt innanfor kapasiteten til rapporten å utfordra umedvitet i det offentlege rommet. Men denne kapasiteten vert ikkje utnytta når rapporten vert innsnevra til spørsmål om det finst nokon private skåp der ein kan finna merkelege eksistensar som helst ikkje vil ha jødar inn til seg. 
Forskarane finn nokre slike løynde skåp: 12,5 prosent av den norske majoritetsbefolkninga (berre éin muslim har svara) har utprega fordomar mot jødar, kjenner motvilje mot dei og vil helst ikkje ha nokon sosial omgang med dei. Men dette funnet er mest reiskap til å koma vidare. I den norske ålmenta vart det til endestasjonen.

Framandredsle
Forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfunn seier at førekomsten på 12,5 prosent antisemittisme var mindre enn han hadde frykta. Andre har peika på at dette talet er lågt jamført med mange andre land i Europa og på nivå med land som Storbritannia, Nederland, Danmark og Sverige. 
Tanken ligg nær at litt over ti prosent skrullingar må ein både rekna og leva med. Endå nærare kjem ein slik tanke når ein les at rapporten òg syner at den antisemittismen ein finn på det fyrste steget av forskingsprosessen, i høg grad er knytt til alminneleg framandredsle. 
Til dømes er det ikkje jødane som nordmennene er mest skeptiske til, men romfolket eller sigøynarane, som 39 prosent av oss ikkje har nokon trong til å ha omgang med. Også folk frå Somalia, og muslimar generelt, er lite populære i selskapslivet, og dei arme pinsevenene har dobbelt så mange dislikes som jødane.

Lausrivne haldningar
Men straks rapporten forlèt fyrste steg og går til andre steg, som handlar om nordmenns hald­ning­­ar til Israel og Midtausten-konflikten, stig temperaturen. Synspunkta vert krassare, scoringa høgare. Men samanhengen mellom tala for antisemittisme, som kanskje ikkje var så høge, og tala for negative haldningar til Israel, som er oppsiktsvekkjande høge, gjekk tapt for avislesarane.
Eg tek derfor opp att: Meininga med å undersøkja hald­ning­ane våre til jødane fyrst, og så haldningane våre til Israel, er for at ein i tredje omgang eventuelt skal kunna sjå ein samanheng mellom antisemittisme og Israel-haldningar. 
I massemedia vart denne samanhengen utydeleg. Leiar­artikkelen i Dagbladet kommenterte berre funnet på 12,5 prosent og avvisinga av andre minoritetsgrupper, men nemnde ikkje Midtausten-konflikten. I Klassekampen vart dei høge tala når det gjeld anti-israelske hald­ning­ar nemnde, men ikkje gjort noko ut av.

Funn og reservasjon
Grunnen til dette kan vera den vitskaplege praksisen i rapporten med å kommentera funna med reservasjonar. Det beste dømet på dette er presentasjonen av hovudfunnet i samandraget. Forskarane skriv at det er «en klar sammenheng mellom antisemittisme og oppfatninger om Midtausten-konflikten: De som viser antisemittiske holdninger, støtter hyppigere anti-israelske og er uenige i pro-israelske påstandar». 
I same andedrag reserverer dei seg mot ei forenkla slutning om at «alle som støtter sterkt anti-israelske påstandar, er motivert av antisemittisme», og seier at «halvparten av dem som gir full støtte til slike radikale posisjoner, overhodet ikke viser antisemittiske holdninger», og at dette i endå høgare mon gjeld dei som stør ein meir moderat pro-palestinsk posisjon, der «75 prosent (viser) ingen antisemittiske holdninger og 15 prosent bare moderate».
Her vert brannfakkelen levert ut saman med brannsløkkjingsapparatet. Ein som straks nytta dette apparatet, var inkluderingsminister Inga Marte Torkildsen, som på Dagsrevyen vart spurd om ho trudde tonen i den norske Israel-debatten kunne vera mellom årsakene til den norske antisemittismen, og svara: «Det vonar eg ikkje, og det er heldigvis også positive funn i denne rapporten som viser at svært mange av dei som er kritiske til staten Israels politikk, dei har ikkje antisemittiske haldningar, det gjeld eit fleirtal.»
Dei «positive funna» Torkildsen her talar om, er at 50 prosent av dei med sterk anti-israelsk og 25 prosent av dei med moderat pro-palestinsk posisjon, òg har antisemittiske haldningar. Dette skandaløse funnet av at antisemittismen stig i takt med negativiteten til Israel, vert snudd på hovudet og gjort til ei avvising av slik samanheng. 
Men rapporten går endå leng­­er. I samband med spørsmålet om kva som kjem fyrst, negative oppfatningar av jødar eller ei kritisk haldning til Israels politikk, seier ein rett nok at dette er vanskeleg å seia sikkert, men peikar på «momenter som taler for at holdningen til konflikten spiller en viktig rolle i å påvirke respondentenes oppfatninger om jøder». Det er altså nett den samanhengen mellom antisemittisme og Israel-kritikk som Torkildsen avviser, som vert etablert i rapporten.

Kvar går skiljet?
Denne samanhengen ville vorte mykje sterkare om ein hadde gått rett på Israel-kritikken og sett opp nokre kriterium for når grensa vert passert og kritikken får eit antisemittisk preg.
På dette punktet er dei fleste samde i at Israel-kritikken vert antisemittisk om han impliserer ein «jødisk» kollektivkarakter med grunnleggjande negative trekk, medrekna knippet av førestellingar kring ideen om ein jødisk verdskonspirasjon. 
Idéhistorikaren Håkon Harket seier i boka Jødehat (2009) at ein i tillegg må vera på vakt når israelske krigshandlingar ikkje vert sette inn i historisk og militær kontekst, men skildra som «meiningslaus vald» eller som uttrykk for ein særleg vondskap hos «jødane». 
Historikaren Robert Wistrich reknar òg mellom anna kriminalisering av Israel ved å framstilla landet som nazistisk, som eit kjenneteikn på antisemittisk Israel-kritikk. Ein antisemittisme som vert definert slik, har ikkje alltid nokon målbar basis i ein «tidlaus» antisemittisme med medvitne fordomar om jødar.

Kva er legitim kritikk?
Det som her vert definert som antisemittisk, femner ikkje om konkret kritikk av til dømes okkupasjon etter seksdagarskrigen i 1967 eller busetjingsrørsla på Vestbredda. Såleis kan den sterke Israel-kritikken til Kåre Willoch, eller dei harde utfalla mot den israelske høgreregjeringa frå Bernt Hagtvet her i avisa, heller ikkje etter desse strengare kriteria kallast antisemittisk. 
Derimot vert fleire av utsegnene til Jostein Gaarder i den famøse artikkelen «Guds utvalgte folk» (2006) i Aftenposten, problematiske. Det gjeld særleg koplinga mellom israelsk politikk og jødisk religion, skildringa av israelske soldatar som særleg grufulle, og den retoriske profetien om fordriving av heile det israelske folket frå Israel. Gaarder har seinare orsaka denne artikkelen. 
Også teikninga til Finn Graff i Dagbladet frå 2006, av den israelske statsministeren Ehud Olmert som nazistisk konsentrasjonsleir-sadist, ville etter desse kriteria vorte definert som over grensa. Det syntest òg Israels ambassadør i Noreg, som melde karikaturen til PFU. Men her vart Graff frikjend.
Ein kan òg nemna oppfordringa til professor Johan Galtung om å lesa Sions vises protokollar med nye augo, saman med opprekninga hans av kor mange jødar som sit i redaktørstolane til verdspressa. Det seier seg sjølv at dette mana fram det gamle biletet om ein jødisk verdskonspirasjon. Då vart saka så attkjenneleg at den norske ålmenta reagerte. 
Men når det norske rockebandet Honningbarna under lanseringa i Tyskland må ta ut ein anti-israelsk song som gjev Israel rolla til nazistane og knyter saman jødisk religion med etnisk reinsing, opplever bandet det som «et sjokk», og norsk presse kallar det «sensur».

Nazi-Tyskland og Israel
Den norske ålmenta set såleis vidare grenser for Israel-kritikken enn ein jødisk historikar og ein israelsk ambassadør gjer. Det ser ein kanskje resultatet av i nokre av funna i rapporten om antisemittisme i Noreg. For når det gjeld anti-israelske hald­ning­ar til Midtausten-konflikten, scorar det norske folket mykje høgare enn når det gjeld «tidlaus» antisemittisme. 
Ein fjerdedel av dei spurde seier at «jøder i dag utnytter minnet om holocaust til egen fordel». Berre 25 prosent av oss meiner at jødane på grunn av holocaust har rett til ein eigen stat der dei kan søkja vern om dei vert forfylgde, og 19 prosent meiner at jødar i dag talar for mykje om holocaust. To tredjedelar er «skuffet over måten Israel, med sin spesielle historie, behandler palestinerne». Her vert, som forskarane skriv, holocaust brukt mot jødane. 
Men det funnet som har vekt størst oppsikt og uro, er at 38 prosent av oss meiner at Israels handsaming av palestinarane kan sidestillast med handsaminga av jødane under den andre verdskrigen.
Ein treng ikkje vera jødisk historikar for å rekna slik identifikasjon av Israel med Nazi-Tyskland som antisemittisk. Når kritikken av Israel vert ahistorisk, kontekstlaus og hatefull, treng han ikkje ha kjenneteikna til det «tidlause» jødehatet for å kvalifisera seg som antisemittisme. Og på dette spørsmålet kvalifiserer nesten halve det norske folket seg.

Grenseflyttinga
Vi skal kanskje vera glade for at rapporten om «Antisemittisme i Norge» definerte antisemittismen så avgrensa at dei ekstreme haldningane til Israel ikkje kom med på det fyrste nivået. Med ein breiare, politisk definisjon ville talet på 12,5 prosent ha gjort eit hopp oppover. Det ville neppe ha skjedd om ikkje så mange hadde gått føre og flytt grensene for kva for middel som er legitime i kampen mot politikken til staten Israel. 
Få vil vel meina at Israel fører ein klok og god politikk på Vestbredda. Men det må vera mogeleg å kritisera denne politikken utan å gjera etterkomarane etter dei som flykta frå og overlevde jødeforfylgjingane, til sadistar, nazistar eller løynde verdsherskarar.
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt