Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Byråden som har vaska seg

Byråden for kultur og næring i Oslo, Hallstein Bjercke, sel Oslo Kino og vaskar hendene som Pilatus.

Publisert: 15. jun 2012 / 1922 visninger.

Denne veka gjekk Oslo bystyre, med kultur- og næringsbyråd Hallstein Bjercke (V) i spissen, inn for å selje Oslo Kino A/S. Det borgarlege byrådet (Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti) fekk sjølvsagt den nødvendige støtta til privatisering frå Framstegspartiet. Dermed kan Oslo Kino hamne i hendene på aktørar som er langt meir kommersielle enn den grå og kjedelege kommunen.

Bystyremedlem Carl I. Hagen oppfattar allereie Oslo Kino som ein kommersiell aktør, ei underhaldningsbedrift som det ikkje kan vere ei kommunal kjerneoppgåve å eige. Det finst også kulturfolk som meiner det, blant anna den frittalande eks-kinosjefen Ingeborg Moræus Hanssen. Når kommunen uansett ikkje tek sitt kulturpolitiske ansvar, kan dei like godt selje kinoen, ifølgje Moræus Hanssen. Det kan verke som om Oslo bystyre tenkjer noko av det same.

Lucky Luke-taktikk. Måten denne saka er handsama på, minner om ein viss teikneseriehelt frå Ville Vesten – bystyret har så å seie trekt raskare enn sin eigen skugge. Forslaget vart lagt fram same dag som norske filmjournalistar var på veg til filmfestivalen i Cannes, 15. mai. Onsdag vart det banka igjennom i ein middagspause. Der Lucky Luke står på dei godes side i kampen mot Dalton-brørne og andre bandittar, kan ein lure på kva motivasjonen er med denne typen hastesal av det kommunale kinomørket. Har Oslo bystyre fått utreidd konsekvensane?

Alle er einige om at omsynet til sjuke og gamle er viktigare enn den nyaste filmen til Martin Scorsese eller Sara Johnsen. Likevel er det dramatisk når kommunen gir slepp på eit kinosystem som av mange er blitt omtalt som verdas beste. Kultur- og næringsbyråd Hallstein Bjercke har brukt mykje tid denne månaden på å understreke at byrådet vil selje til nokon som kan drive og utvikle Oslo Kino på ein god måte. Det verkar likevel naivt dersom han for alvor trur at ein privat aktør vil setje kunsten og mangfaldet i høgsetet, og ikkje profitt. Når Bjercke viser til styring gjennom konsesjon, minner det mistenkeleg om handvaskinga til Pontius Pilatus. Kanskje klarer Bjercke å lure både seg sjølv og resten av bystyret, men realiteten er at Oslo Kino er dømd til ei høgst usikker framtid.

Håp om oppstode. Mange går no og håper på ei kunstnarleg oppstode i form av ein «arthousekino», ein eigen kino for framsyning av kunstnarisk høgverdig film. Her kan filmane som dannar ei forsøksvis motvekt til Hollywood, samlast i ein pen og pynteleg pakke. SF Kino, som er eigd av den svenske mediegiganten Bonnier, har allereie planar for ein slik kunstfilmkino. Det er det mange som ser optimistisk på.

Likevel er det fare for at ein enkelt kunstfilmkino i Oslo blir sukkeret på ein bitter nasjonal pille. Dersom SF Kino skulle få tilslaget på Oslo Kino, vil den nasjonale marknadsdelen deira bli 40 prosent. Skulle selskapet dessutan kjøpe seg inn i Bergen Kino, som også er lagt på salsdisken, vil dei rå over halve Kino-Noreg. I praksis ville SF Kino dermed bestemme kva slags filmar vi får sjå her til lands. Filmar dei ikkje tek inn, blir for dyre for dei andre kinoane å importere åleine.

Utanlandske aktørar. Marknadsdelen til Oslo Kino i dag er på 26 prosent. Eg veddar på at SF Kino gjerne bygger både ein og to arthousekinoar i Oslo for å skaffe seg kontroll over 40 prosent, for ikkje å seie 50 prosent, av den samla norske kinomarknaden. Skulle vi heller håpe at Oslo kommune sel til Nordisk Film? Dei sterkaste kandidatane ser uansett ut til å vere utanlandske. For kven har tru på at eigedomskongen Olav Thon skal vere kvalitetsfilmens redningsmann?

Det er alltid vanskeleg å seie noko om framtida, og ein kan sjølvsagt håpe at ein privat aktør både vil investere i og utvikle Oslo Kino på ein betre måte enn det Oslo kommune har gjort til no. Men hastverket og argumentasjonen i denne saka gir god grunn til å frykte at «verdas beste kinosystem» snart er ein saga blott. Bjercke seier dessutan at det ikkje er Oslo kommunes jobb å sikre det nasjonale filmtilbodet – endå eit uttrykk for handvask og ansvarsfråskriving.

Er det mest kynisk eller mest naivt? Ved salet av Oslo Kino står Hallstein Bjercke og Oslo bystyre med reine hender, men med mørke flekkar på det kulturpolitiske lerretet.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Siste innlegg

TRO
av
Hege Anita Aarvold Flottorp
rundt 3 timer siden / 71 visninger
0 kommentarer
Hev stemmen
av
Tove S. J Magnussen
rundt 5 timer siden / 91 visninger
1 kommentarer
KIRKENS UNGE
av
Øystein Magelssen
rundt 6 timer siden / 74 visninger
1 kommentarer
Hvorfor Kvekerne?
av
Hans Morten Haugen
rundt 7 timer siden / 80 visninger
0 kommentarer
Konfliktsky fredsbyggere
av
Ingrid Vik
rundt 10 timer siden / 266 visninger
0 kommentarer
Blågrønn trospolitikk
av
Vårt Land
rundt 10 timer siden / 112 visninger
0 kommentarer
Drikkeukulturen
av
Erling Rimehaug
rundt 19 timer siden / 334 visninger
3 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

TRO
av
Hege Anita Aarvold Flottorp
rundt 3 timer siden / 71 visninger
0 kommentarer
Hev stemmen
av
Tove S. J Magnussen
rundt 5 timer siden / 91 visninger
1 kommentarer
KIRKENS UNGE
av
Øystein Magelssen
rundt 6 timer siden / 74 visninger
1 kommentarer
Hvorfor Kvekerne?
av
Hans Morten Haugen
rundt 7 timer siden / 80 visninger
0 kommentarer
Konfliktsky fredsbyggere
av
Ingrid Vik
rundt 10 timer siden / 266 visninger
0 kommentarer
Blågrønn trospolitikk
av
Vårt Land
rundt 10 timer siden / 112 visninger
0 kommentarer
Drikkeukulturen
av
Erling Rimehaug
rundt 19 timer siden / 334 visninger
3 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Jostein Sandsmark kommenterte på
MØRKRET, DØDEN OG DET VONDE - GUD, LJOSET OG LIVET
11 minutter siden / 2171 visninger
Geir Wigdel kommenterte på
Viktige Venstre-gjennomslag i ruspolitikken
rundt 1 time siden / 209 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
MØRKRET, DØDEN OG DET VONDE - GUD, LJOSET OG LIVET
rundt 1 time siden / 2171 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ole Hallesbys radiotale i 1953
rundt 1 time siden / 390 visninger
Tor Albertsen kommenterte på
Aulen, Augustin og forsoningslæren
rundt 2 timer siden / 324 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Presidentens kulisser
rundt 2 timer siden / 1080 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Vantro.
rundt 2 timer siden / 1215 visninger
Carl Wilhelm Leo kommenterte på
Presidentens kulisser
rundt 3 timer siden / 1080 visninger
Hege Anita Aarvold Flottorp kommenterte på
Dere kastet meg til nett-trollene, Vårt Land!
rundt 3 timer siden / 1996 visninger
Hege Anita Aarvold Flottorp kommenterte på
"Rett" til å dø?
rundt 3 timer siden / 515 visninger
Oddvar Tveito kommenterte på
Dere kastet meg til nett-trollene, Vårt Land!
rundt 3 timer siden / 1996 visninger
Hege Anita Aarvold Flottorp kommenterte på
Drikkeukulturen
rundt 3 timer siden / 334 visninger
Les flere