Verdidebatt

Etter grunnlovsendringane: Ingen statsreligion, men framleis statskyrkje

Den 21. mai vedtok Stortinget viktige endringar i Grunnlova når det gjeld relasjonen mellom stat og religion i Noreg. Sju av paragrafane vart endra, og dette er den største grunnlovsendringa sidan 1814.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Stortingsvedtaket inneber at staten har vorte konfesjonsfri. Det finst ingen statsreligion lenger. Den evangelisk-lutherske religion har ikkje status som ”Statens offentlige Religion”, slik det var uttrykt i den opphavlege § 2 i Grunnlova. Den norske kyrkja har fått større fridom i høve til staten, mellom anna inneber det retten til å utnemne eigne leiarar. Prostar og biskopar skal ikkje lenger utnemnast av kongen i statsråd (regjeringa), men av kyrkjelege organ.

Grunnlovsendringane følgjer opp det tverrpolitiske forliket frå våren 2008, underskrive av alle dei politiske partia på Stortinget. Statskyrkjeforliket er på si side eit kompromiss mellom to utval som har arbeidd med spørsmålet. Det kyrkjeleg oppnemnde Bakkevigutvalet la fram innstillinga si for ti år sidan og deretter det statlege Gjønnes-utvalet som vart sett ned i 2003 og la fram innstilling tre år seinare. Fleirtalet i begge utvala konkluderte med eit skilje mellom stat og kyrkje.

Men om staten ikkje lenger har ein religion, så har den eit verdigrunnlag: ”Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv”, heiter det i den nye § 2 – i tillegg til ei formulering om at demokratiet, rettsstaten og menneskerettane skal sikrast. Dette er uttrykk for ei modernisering av Grunnlova, meir i takt med det moderne norske samfunnet. Gjennom opphevinga av statsreligionen er det teke høgde for dei religiøse og kulturelle endringane i samfunnet. I eit fleirreligiøst samfunn er det problematisk at staten skal stå for ei bestemt religionsform. Staten må vere for alle – utan omsyn til religiøs og livssynsmessig tilhøyring. Dette freistar grunnlovsreforma å ta konsekvensen av ved å gjere den norske staten konfesjonsfri. I tillegg til endringa i § 2 er det grunn til å streke under prinsippet om lik handsaming av trus- og livssynssamfunn. Dei skal ”understøttes paa lige Linje” med Den norske kyrkja.

Grunnlovsendringane inneber at Den norske kyrkja får større fridom i høve til staten. Klårt kjem dette til uttrykk gjennom tilsetjinga av prostar og biskopar. Samstundes blir vesentlege sider ved statskyrkjeordninga ført vidare. Den norske kyrkja vil framleis ha ei særstilling. Tydeleg er dette gjennom ei særleg forankring i Grunnlova: ”Den norske Kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten” (§ 16.) På det økonomiske området er bindinga aller tydelegast. Her vil mykje vere som før. Kyrkja vil framleis bli finansiert over offentlege budsjett. Staten skal halde fram med å lønne biskopar, prostar, prestar og andre kyrkjelege stillingar tilsett av regionale og sentrale kyrkjeorgan – og desse vil òg i framtida vere statstenestepersonar. Og den regionale og sentrale kyrkjelege administrasjonen skal vere del av statsforvaltinga. Endeleg skal kyrkja si organisering og verksemd vere regulert av ei eiga kyrkjelov – som Stortinget vil vedta.

Stortingets vedtak inneber ikkje ei avvikling av statskyrkja. Viktige sider ved statskyrkjeordninga er framleis intakt. Rett nok blir ikkje Den norske kyrkja lenger definert som ei statskyrkje. I staden har Stortinget vedteke at ho skal vere ei folkekyrkje. Mange har meint at det har ho vore lenge – sjølv om det ikkje har vore sagt i noko lovverk. Ei folkekyrkje for alle som vil tilhøyre ho. Framleis er det i overkant av åtti prosent. No har vi det svart på kvitt – i sjølvaste Grunnlova, lova over alle lover: Den norske kyrkje er ”Norges Folkekirke”, støtta av staten. Noreg har ikkje lenger ein statsreligion, men har i staden fått ei folkekyrkje (som i mangt held fram med å vere statskyrkje). Kva er eigentleg skilnaden? Bryt det ikkje med det som skulle vere intensjonen med endringa i § 2: å avskaffe statsreligionen og gjere staten konfesjonsfri? Og bryt det ikkje med prinsippet om lik handsaming av trussamfunn?

Slik er det ofte med kompromiss: Det kan gå ut over klarleiken. Men slik må ein gjere for å få alle med, noko som var eit viktig premiss for kyrkjeforliket. Alle må få noko. Ingen kan få alt. Grunnlovsendringane syner at Stortingspolitikarane ønskjer at staten skal ha ein religions- og livssynspolitikk. Politikarane kunne valt ein annan strategi. Dei kunne ha sagt at religion er noko staten må halde seg borte frå, at religion er ei privatsak. I dette ligg eit medvit om at religion og livssyn er noko som har med samfunnet og det offentlege rommet å gjere, og ikkje berre er ei sak for privatsfæren. Om eit halvt års til vil det regjeringsoppnemnde trus- og livssynsutvalet, det såkalla Stålsett-utvalet, leggje fram innstillinga si. I dette arbeidet vil ein måtte ta konsekvensane av dei vedtekne endringane i Grunnlova.

Der er grunn til å streke under den prinsipielle endringa som ligg i at Noreg ikkje lenger har ein statsreligion. Dette inneber ei vesentleg modernisering og tilpassing av Grunnlova til den faktiske religiøse og kulturelle situasjonen i dagens norske samfunn.

Hallgeir Elstad

Professor dr.theol., Universitetet i Oslo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt