Palestinarane i Israel har det nok tolleg bra med arbeid og bustader, og rettstryggleik.
Kan henda Jo Benkow skulde tenkja litt på palestinarane utanfor Israel!
Til dømes kunde han stå nokre svært tidlege morgontimar ved Kalandia og observera og meditera litevetta?
Dei som skal reisa frå Gardermoen må møta fram nokre timar tidlegare i desse streiketider, sidan berre 10 av 13 slusar er opne, og køane vert lange.
Dei fleste reiser vel sjeldan. Det er vel fåe som reiser kvar dag!
På Kanlandia checkpoint er berre 4 av 12 slusar opne, og der må palestinarane stå , -eller som eg såg teikn etter, liggja på papir og kartongar,- i fleire timar kvar einaste dag for å koma seg på arbeid!
Og arbeidsløysa er stor, m.a. for di Apartheidmuren/gjerdet stengjer dei ute frå olivenlundar og jordbruksland, og frå arbeid i Israel.
(I forteljingane frå Tantura i mai 1948 fortalde sjokkerte israelarar til og med at dei i nokre tilfelle endåtil kjende att noko av "teknikken" frå utryddingsleirane!)