Per Einar Sønnesyn

352    1671

Jo Benkov og palestinarane, Gardermoen og Kalandia!

Jo Benkow har skrive om palestinarane i Israel, visstnok utan å nemna palestinarane i Palestina. Ei samanlkning mellom køane på Gardermoen og på Kanlandia checkpoint kan vera nyttig apropos her!

Publisert: 4. jun 2012 / 618 visninger.

Palestinarane i Israel har det nok tolleg bra med arbeid og bustader, og rettstryggleik.

Kan henda Jo Benkow skulde tenkja litt på palestinarane utanfor Israel!

Til dømes kunde han stå nokre svært tidlege morgontimar ved Kalandia og observera og  meditera litevetta?

Dei som skal reisa frå Gardermoen må møta fram nokre timar tidlegare i desse streiketider, sidan berre 10 av 13 slusar er opne, og køane vert lange.

Dei fleste reiser vel sjeldan. Det er vel fåe som reiser kvar dag!

På Kanlandia checkpoint er berre 4 av 12 slusar opne, og der må palestinarane stå , -eller som eg såg teikn etter, liggja på papir og kartongar,- i fleire timar kvar einaste dag for å koma seg på arbeid!

Og arbeidsløysa er stor, m.a. for di Apartheidmuren/gjerdet stengjer dei ute frå olivenlundar og jordbruksland, og frå arbeid i Israel.

(I forteljingane frå Tantura i mai 1948 fortalde sjokkerte israelarar til og med at dei i nokre tilfelle endåtil kjende att noko av "teknikken" frå utryddingsleirane!)

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Arnt Thyve

17 innlegg  1299 kommentarer

Alltid?

Publisert rundt 5 år siden

Er det alltid bare 4 av 12 sluser som er åpne, eller var det akkurat den dagen du var der?

Når det gjelder denne sikkerhetskontrollen sier du aldri noe om grunnen til den. Med det ekstreme antallet mennesker som er/var villig til å sprenge seg selv og uskyldige i luften på busser og kaféer i Israel må man ha det så strengt. Det er trist for de som er uskyldige, men israelerne har erfart hvordan det er uten kontroller, og må dessverre ha det slik. 

Forresten så er det muslimske fanatikere som har skylden for både grensekontrollene i Israel og kontrollene på våre flyplasser.

Svar
Kommentar #2

Per Einar Sønnesyn

352 innlegg  1671 kommentarer

Køen er oftast uhyggeleg lang,-det er Apartheid mot palestinarane!!

Publisert rundt 5 år siden
Arnt Thyve. Gå til den siterte teksten.

Er det alltid bare 4 av 12 sluser som er åpne, eller var det akkurat den dagen du var der?

Eg har vore fleire gonger ved Kalandia, både i 2003, 2005 og i 2009 , men Reigo sin report "Checkpoint 300" var skriven 15. mai 2012! Sjå "Eyewitness Reports" (EA Blogs), der det har vore mange reports om sjekkpunkt gjennom 10 år! Om du les spansk , står "Infierno en Qalandia" frå 3.5.2011.

Presten Asshraf Tannous fortalde 15.9.2010 at han  kunde aldri vita om det tek tre timar eller tre minutt når 1500-2000 ventar, og mange kan verta "detained, humiliated or abused" av soldatane.

Her har eg ikkje teke opp spørsmål om sjølve kontrollsystemet, men om kor krenkjande kontrollane vert gjennomførde!

Me slepp lett gjennom, palestinarane vert plaga.

Dette er apartheid i praksis!

Svar
Kommentar #3

Arnt Thyve

17 innlegg  1299 kommentarer

Sunn fornuft

Publisert rundt 5 år siden
Per Einar Sønnesyn. Gå til den siterte teksten.

Me slepp lett gjennom, palestinarane vert plaga.

Dette er apartheid i praksis!

Dette er ikke apartheid, men sunn fornuft. Det er ikke nordmenn som prøver å sprenge seg selv i luften i Israel, men palestinere. Det er derfor ingen grunn til å sjekke norske turister like strengt som palestinerne. 

Svar
Kommentar #4

Per Einar Sønnesyn

352 innlegg  1671 kommentarer

Dette er tankelaust, a la APARTHEID!

Publisert rundt 5 år siden
Arnt Thyve. Gå til den siterte teksten.

Dette er ikke apartheid, men sunn fornuft.

Meiner AT at det hjelper på tryggleiken å plaga palestinarane mest mogleg?

Eg har framleis ikkje drøfta sjølve kontrollane, men kritisert at arbeidsfolk so ofta må stå/liggja i kø for å koma på arbeid, dag etter dag, år etter år!

Meiner AT at det hjelper på tryggleiken å plaga folket slik?

Då må han koma med ei intelligent utgreiing!

Eg  sjølv venta ved port 25 i Jayyous so mange timar saman med bønder, kvinner og menn, unge og gamle, so mange dagar. Stundom opna dei porten ein time eller fleire for seint, morgon og kveld, eller dei kom ikkje!

 Ved South gate venta skuleelevar likeeins ved porten for å koma seg på skulen, eller heimatt, likeeins.

Eg sa det til offiserane: "Bøndene heime stelte finare med buskapen ved grindane enn de steller med palestinarane her". Eitt svar var: "What is trouble for you, is convenient for us!"

Eg har før publisert på EAPPI nett "Når ventetidi vert for lang", som syner på dramatisk måte korleis  eit ungt menneske kan reagera på  slik svivyrdsleg plaging:

" Når ventetidi vert for lang

(Jayyous oktober 2003)
Ein morgon ventar eg ved Nordporten saman med bonden Rizhek og ei av småjentene hans, femåringen Suhjud. Me er svært gode vener. No skal me på olivenplukking nær ei busetjing.

Suhjud har sprunge og leika litt, og site roleg på fanget mitt ein times tid. Tolmodig som so mange av dei vaksne.

Endeleg kjem jeepane, og ritualet kan ta til. Soldatane tek sine plassar ved porten. I bilane sit sume på vakt. Sjefen ropar ordrar til palestinarane. Identitetskort vert innsamla. Etter kvart kjem alle igjennom. Me kan setja oss i eselkjerra og dra opp til olivenlunden. 

Suhjud likar seg. Ho hjelper til, og leikar. Dagen går. Bortimot klokka fem er me attende ved porten. Me ventar. Solnedgangen er vakker. Kvelden er fin, og mørkret sig på. Klokka vert seks, og halv sju. Suhjud har site endå ein time på fanget mitt og kvilt seg, leika og tøysa. Ho sit med andletet vendt mot meg, smilande og blid. 

Brått smell det. Suhjud slær!

Med begge hender deisar ho meg med harde slag, på begge kinn.

Eg kjenner det svir. Forfjamsa seier eg ingenting.

Suhjud seier ikkje eitt ord, men ser på meg med mørke augo.

I mørket har visst ingen andre sett noko.

Eg går eit lite stykke unna. Eg må roa meg litt. 

Kanskje vart det berre for mykje for eit barnesinn og ein barnekropp?

Eit sinne måtte ut!

Bestevenen hennar var der, og kunde ta imot.

Det synest som Sharon og israelarane ikkje skjønar at det kan verte for mykje og for lenge for unge sinn. Då kan mørket inni verta for tungt og stort.

Slikt kan slå ut i harde slag, av ymse slag, i mange leier.

Då skal det meir til enn piggtråd, mur og jarngrinder for å stogga dei harde fortvilings slag. "

Svar
Kommentar #5

Arnt Thyve

17 innlegg  1299 kommentarer

Sikkerhetsbarrieren hjelper

Publisert rundt 5 år siden
Per Einar Sønnesyn. Gå til den siterte teksten.

Meiner AT at det hjelper på tryggleiken å plaga palestinarane mest mogleg?

Det hjelper definitivt på tryggheten med grundige sikkerhetssjekker. I 2002 nådde selvmordsbombingene toppen med 238 drepte. Da var grensen nådd for hva israelerne tålte, og de begynte å bygge sikkerhetsbarrieren. I 2007 var det 3 drepte, i 2008 bare 1 drept i selvmordsaksjoner. Dermed er sikkerhetsbarrieren en suksess når det gjelder tryggheten til Israels innbyggere. Målet med dette er altså ikke å plage palestinerne, men å ta konsekvensene av at de har en uhyggelig høy prosent med blodtørstige terrorister i blant seg. Et hvert land vil gjøre det de kan for å beskytte sine innbyggere mot slike terrorister. 

Det hjalp i alle fall ikke å gi palestinerne kontroll over Gaza. I stedet for å begynne muligheten til å bygge seg opp et samfunn, valgte de heller å sende raketter enda lengre inn i Israel. Dette er veldig frekt med tanke på at konseptet var "land for fred". De raserte også drivhus for millioner som de kunne ha dyrket mye mat i. Men det var vel ikke nødvendig for den eneste folkegruppen som har sin egen flyktningeorganisasjon i FN. (Som har over 29 000 ansatte, noe som er pussig når UNHCR som hjelper alle andre flyktninger i verden har 7 700 ansatte. Noe må være feil et sted...)

Palestinerne kan klage så mye de vil, men det er deres valg av terror som virkemiddel som nå slår tilbake på dem. Ingen land hadde tolerert et par hundre terroristdrepte i året uten å reagere. For å få et normalt liv må palestinerne først vise at de har noen menneskelige sider ved f.eks. ikke å hylle disse selvmordsbomberne med plakater og gatenavn, og så kan de fortsette med å droppe jødehatet i skolebøker og TV-program. Det kan også være en fordel om de slutter å sende raketter inn over Israel i hytt og pine. Inntil da kan de sitte der ved sikkerhetssjekken og sutre, men det er ikke særlig synd på dem. Dette har de gjort seg fortjent til helt selv. 

Svar
Kommentar #6

Per Einar Sønnesyn

352 innlegg  1671 kommentarer

Korleis les Thyve?

Publisert rundt 5 år siden
Arnt Thyve. Gå til den siterte teksten.

Palestinerne kan klage så mye de vil, men det er deres valg av terror som virkemiddel som nå slår tilbake på dem.

Eg har gong etter gong skrive om måten Israel gjennomfører kontrollane på. Eg har skrive om korleis dei gjer det, med kømobbing av arbeidsfolk på veg til arbeidet! Likevel tek Thyve oppatt sine påstandar!

På machsomwatch kan alle lesa om kva israelske kvinner, mest bestemødre, fleire etterkomarar av dei som stod i brodden i 1948, dokumenterer og kritiserer kontrollpraksisen på Qalandyia og andre stader.

"Ingen er meir blind enn den som ikkjke vil sjå!" heiter det.

Eg undrast på om Thyve har sett desse checkpoints, og om han meiner at han veit betre enn desse truverdige kvinnene??

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Tore Olsen kommenterte på
Godt og blandet
37 minutter siden / 272 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 1 time siden / 775 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Jesus er større enn norsk politikk
rundt 2 timer siden / 420 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 2 timer siden / 5234 visninger
Dagfinn Gaarde kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 2 timer siden / 5234 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Jesus er større enn norsk politikk
rundt 2 timer siden / 420 visninger
Marianne Solli kommenterte på
Å praktisere egne formaninger
rundt 3 timer siden / 5234 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Å finne seg selv
rundt 3 timer siden / 1141 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Evolusjonslære, kreasjonisme og vitenskap
rundt 3 timer siden / 1817 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Å finne seg selv
rundt 3 timer siden / 1141 visninger
Les flere