Verdidebatt

Tørrissen/Aspaas si låste tolking påverka Breivik

Rettspsykiatriatisk kommisjon gav Tørrissen/Aspaas riper i lakken. Men jamvel utan dette, hadde dei riper. Aspaas/Tørrissen ser Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstrem.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Påverking av Breivik

Avhøyrar Geir Egil Løken fortalde i vitnemålet sitt at dei merka ei stor endring hjå Breivik frå og med 1. mars og 8. mars. Før den tid, var Breivik sers glad i å leggja ut om Knights Templar. Men f.o.m. i mars, merka dei at han var endra. Løken nytta uttrykket «ein annan person» — so sterkt oppfatta dei det.

Psykiater Sørheim ville gjerne vita om Løken hadde nokon teoriar om kvifor. Då kom det fram at Tørrissen/Aspaas mellom 17. februar og 1. mars hadde fem «førebuande» samtaler med Breivik.

Før dette kom fram, hadde Løken fortald retten om korleis politi-avhøyrarane nytta moderne avhøyrsteknikkar, der dei la vekt å verta kjend med den tiltala og på å ikkje påverka honom. Løken skildra i vitnemålet sitt at dei var utruleg vare på om dei — på noko vis, t.d. med hjelp av leiande spørsmål — uforvarande kunne påverka den tiltala. Dei prøvde alt dei kunne å unngå slike ting.

So sterk var denne anti-påverknads-haldninga at Løken sjølv let seg påverka av Breivik. Dette kom fram då Husby spurde Løken kvifor han nytta ordet «pragmatisk» om måten Breivik omtala udådane på Utøya på. Då laut Løken vedgå at «pragmatisk» kunne vera eit ord han hadde plukka opp ifrå Breivik.

• Det må då vera vera ein utruleg blunder at det var psykiatrar, Tørrissen/Aspaas — av alle — som påverka Breivik til å verta «ein annan person»?

Då den døger-kontinuerlege observasjonsen byrja i mars, hadde Brevik med andre ord snappa opp at dei nye psykiatrane hadde eit ynskje om at Breivik skulle te seg meir «fornuftig» — at han ikkje skulle bruka ord og talemåtar som fekk han til å framstå som «pompøs». Dermed har Tørrissen/Aspaas — gjerne utan å vera klåre over det sjølve — fyrst manipulert Breivik.

Tendensen til ein del ser ut til å vera at det Rettspsykiatrisk Kommisjon som har rota det til for Tørrisen/Aspaas.

• Men er det nokon som, etter det som kom fram i samband med vitnemålet til Løken, lenger undrar kvifor Rettspsykiatrisk Kommisjon spurde om dei kunne ha late seg manipulera av Breivik?

Låst tolking

Aspaas/Tørrissen ser på Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstremist. Jamvel høgreekstremisme-ekspertane — Emberland, Bjørgo og Strømmen — var meir opne for denne kombinasjonen enn Aspaas/Tørrissen.

Ikkje minst på NRK, t.d. under direktesendinga av vitnemåla til ovannemnde ekspertvitne, vart det kringkasta mange kommentarar som gjekk ut på at ekspertvitna gjorde Husby/Sørheim til lått og skamme.

For eit litt onnor vurdering av styrken i desse vitnemåla, råder eg til å lesa den smått underfundige kommentaren til Aftenpostens Inge D Hansen: «Forsvarerne kunne bare lene seg tilbake og sanke poeng til prosedyren.» Eller den direkte humoristiske kommentaren «Dosentenes dag» av Document.no-journalist Christian Skaug: «Analysene tok ikke utgangspunkt i personen på tiltalebenken, men i ferdige kategorier man etter beste evne dyttet tiltalte inn i.»

Skaug sine karakteristikkar er diverre på sin plass. Samstundes er Skaug — og gjerne òg Hansen — litt blinde for at ekspertvitna òg kom med utsegner som hadde opning for at Husby/Sørheim-rapporten har rett.

For i røynda viste ekspertvitna opning for kombinasjonen — at Breivik både kunne vera utilrekneleg og «ekstrem». Og det var akkurat når ekspertane hadde pressa Breivik alt dei kunne inn i kategoriane sine, at biletet sprakk — at ein kunne skimta koss Breivik ikkje «berre» er ekstremist. Og det som fyrst og fremst sprengjer biletet, er udådane på Utøya.

Bjørgo fekk t.d. fram at mange ekstremistar er dumme — dei gjer dumme ting, og nyttar dumme og verknadslause metodar. Dette er altso noko som Breivik deler med mange andre … at han er dum, med ein vonlaus strategi. Toskeskap er med andre ord ikkje i seg sjølv eit teikn på ansvarsuførleik.

Men Bjørgo var likevel open for at det i Breiviks tilfelle kunne vera noko meir enn berre ekstremisme som var ute og gjekk. Og då var det serleg det som hendte på Utøya som var problemet — det passa ikkje inn i biletet av ein høgreekstremist.

Mest tydeleg var denne opninga likevel hjå det siste ekspertvitnet, Øyvind Strømmen. Alt i Dagblad-kronikken frå same dag han vitna i retten, heiter det i siste avsnitt:

•‹Breivik kan godt være utilregnelig. [ … ] Som det heter i den første sakkyndigrapporten, som konkluderte med at Breivik er utilregnelig: «Det vil jo også si at hans sitater og konklusjoner deles av et antall personer både i Norge og i Europa for øvrig».›

Her viser Strømmen to ting.

1.For det fyrste seier han at jamvel om han ikkje vil gje slepp på at Breivik reflekterar ekstremistiske tankar i tida, kan han likevel godt vera ansvarsufør (utilrekneleg).

2.For det andre viser han at Husby/Sørheim ikkje er so langt ute på viddene når det gjeld kunnskap og kjennskap til ekstremisme, som det har vore hevda.

Endeleg sa Strømmen, på spørsmål frå Husby, at han ikkje trudde det var fare for at høgreekstremistar kom til å repetera det Breivik gjorde på Utøya. Strømmen gav ikkje mykje direkte grunngjeving for dette, men det var ganske opplagd: Det som skjedde på Utøya, er so meingingslaust og poenglaust at det best samsvarar med ein person som er ansvarsufør — det har ikkje meining eingong i eit høgreekstremistisk univers.

Den kategoriske haldninga til Tørrissen/Aspaas viser seg i rein uvilje mot å tolka ting i favør av psykose. Viljen er i staden tilsvarande stor når det gjeld å tolka ting til å vera «normalt for ein ekstremist» — anten det gjeld Utøya eller det gjeld lingvistikk. Jamfør, når det gjeld det siste, debatten om Breivik sine nyord er psykotisk lalling eller — som Tørrissen/Aspaas hevda — språkleg kreativitet av typen «smørkrise» og «oskefast».

Tørrissen/Aspaas har sjølv indirekte sagt, gjenom eit spørsmål til Breivik den fyrste veka, at dei ikkje er ekspertar på ekstremisme. Og dei er neppe heller ekspertar på lingvistikk. Men det er til sjuande og sist Tørrissen/Aspaas' sterke vilje til å tolka Breivik og hans univers som indre meiningsfyllt og samanhengande som, i kombinasjon med ein vilje til få ting til å passa i hop med ting dei ikkje kan so mykje om (les: ekstremisme og lingvistikk) som gjer at dei endar opp med å påverka Breivik til å — nettopp — endra på ordbruken sin.

Og då er det ikkje berre det at han sluttar å vera «pompøs»: Eg tolkar Breivik sin bisarre kommentar om at han ikkje banna medan han var på Utøya til å vera i eit slags samsvar med Tørrissen/Aspaas si interesse for normaliteten i Breiviks ordbruk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt