Leif Halvard Silli

68    589

Tørrissen/Aspaas si låste tolking påverka Breivik

Rettspsykiatriatisk kommisjon gav Tørrissen/Aspaas riper i lakken. Men jamvel utan dette, hadde dei riper. Aspaas/Tørrissen ser Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstrem.

Publisert: 4. jun 2012 / 753 visninger.

Påverking av Breivik

Avhøyrar Geir Egil Løken fortalde i vitnemålet sitt at dei merka ei stor endring hjå Breivik frå og med 1. mars og 8. mars. Før den tid, var Breivik sers glad i å leggja ut om Knights Templar. Men f.o.m. i mars, merka dei at han var endra. Løken nytta uttrykket «ein annan person» — so sterkt oppfatta dei det.

Psykiater Sørheim ville gjerne vita om Løken hadde nokon teoriar om kvifor. Då kom det fram at Tørrissen/Aspaas mellom 17. februar og 1. mars hadde fem «førebuande» samtaler med Breivik.

Før dette kom fram, hadde Løken fortald retten om korleis politi-avhøyrarane nytta moderne avhøyrsteknikkar, der dei la vekt å verta kjend med den tiltala og på å ikkje påverka honom. Løken skildra i vitnemålet sitt at dei var utruleg vare på om dei — på noko vis, t.d. med hjelp av leiande spørsmål — uforvarande kunne påverka den tiltala. Dei prøvde alt dei kunne å unngå slike ting.

So sterk var denne anti-påverknads-haldninga at Løken sjølv let seg påverka av Breivik. Dette kom fram då Husby spurde Løken kvifor han nytta ordet «pragmatisk» om måten Breivik omtala udådane på Utøya på. Då laut Løken vedgå at «pragmatisk» kunne vera eit ord han hadde plukka opp ifrå Breivik.

• Det må då vera vera ein utruleg blunder at det var psykiatrar, Tørrissen/Aspaas — av alle — som påverka Breivik til å verta «ein annan person»?

Då den døger-kontinuerlege observasjonsen byrja i mars, hadde Brevik med andre ord snappa opp at dei nye psykiatrane hadde eit ynskje om at Breivik skulle te seg meir «fornuftig» — at han ikkje skulle bruka ord og talemåtar som fekk han til å framstå som «pompøs». Dermed har Tørrissen/Aspaas — gjerne utan å vera klåre over det sjølve — fyrst manipulert Breivik.

Tendensen til ein del ser ut til å vera at det Rettspsykiatrisk Kommisjon som har rota det til for Tørrisen/Aspaas.

• Men er det nokon som, etter det som kom fram i samband med vitnemålet til Løken, lenger undrar kvifor Rettspsykiatrisk Kommisjon spurde om dei kunne ha late seg manipulera av Breivik?

Låst tolking

Aspaas/Tørrissen ser på Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstremist. Jamvel høgreekstremisme-ekspertane — Emberland, Bjørgo og Strømmen — var meir opne for denne kombinasjonen enn Aspaas/Tørrissen.

Ikkje minst på NRK, t.d. under direktesendinga av vitnemåla til ovannemnde ekspertvitne, vart det kringkasta mange kommentarar som gjekk ut på at ekspertvitna gjorde Husby/Sørheim til lått og skamme.

For eit litt onnor vurdering av styrken i desse vitnemåla, råder eg til å lesa den smått underfundige kommentaren til Aftenpostens Inge D Hansen: «Forsvarerne kunne bare lene seg tilbake og sanke poeng til prosedyren.» Eller den direkte humoristiske kommentaren «Dosentenes dag» av Document.no-journalist Christian Skaug: «Analysene tok ikke utgangspunkt i personen på tiltalebenken, men i ferdige kategorier man etter beste evne dyttet tiltalte inn i.»

Skaug sine karakteristikkar er diverre på sin plass. Samstundes er Skaug — og gjerne òg Hansen — litt blinde for at ekspertvitna òg kom med utsegner som hadde opning for at Husby/Sørheim-rapporten har rett.

For i røynda viste ekspertvitna opning for kombinasjonen — at Breivik både kunne vera utilrekneleg og «ekstrem». Og det var akkurat når ekspertane hadde pressa Breivik alt dei kunne inn i kategoriane sine, at biletet sprakk — at ein kunne skimta koss Breivik ikkje «berre» er ekstremist. Og det som fyrst og fremst sprengjer biletet, er udådane på Utøya.

Bjørgo fekk t.d. fram at mange ekstremistar er dumme — dei gjer dumme ting, og nyttar dumme og verknadslause metodar. Dette er altso noko som Breivik deler med mange andre … at han er dum, med ein vonlaus strategi. Toskeskap er med andre ord ikkje i seg sjølv eit teikn på ansvarsuførleik.

Men Bjørgo var likevel open for at det i Breiviks tilfelle kunne vera noko meir enn berre ekstremisme som var ute og gjekk. Og då var det serleg det som hendte på Utøya som var problemet — det passa ikkje inn i biletet av ein høgreekstremist.

Mest tydeleg var denne opninga likevel hjå det siste ekspertvitnet, Øyvind Strømmen. Alt i Dagblad-kronikken frå same dag han vitna i retten, heiter det i siste avsnitt:

•‹Breivik kan godt være utilregnelig. [ … ] Som det heter i den første sakkyndigrapporten, som konkluderte med at Breivik er utilregnelig: «Det vil jo også si at hans sitater og konklusjoner deles av et antall personer både i Norge og i Europa for øvrig».›

Her viser Strømmen to ting.

1.For det fyrste seier han at jamvel om han ikkje vil gje slepp på at Breivik reflekterar ekstremistiske tankar i tida, kan han likevel godt vera ansvarsufør (utilrekneleg).

2.For det andre viser han at Husby/Sørheim ikkje er so langt ute på viddene når det gjeld kunnskap og kjennskap til ekstremisme, som det har vore hevda.

Endeleg sa Strømmen, på spørsmål frå Husby, at han ikkje trudde det var fare for at høgreekstremistar kom til å repetera det Breivik gjorde på Utøya. Strømmen gav ikkje mykje direkte grunngjeving for dette, men det var ganske opplagd: Det som skjedde på Utøya, er so meingingslaust og poenglaust at det best samsvarar med ein person som er ansvarsufør — det har ikkje meining eingong i eit høgreekstremistisk univers.

Den kategoriske haldninga til Tørrissen/Aspaas viser seg i rein uvilje mot å tolka ting i favør av psykose. Viljen er i staden tilsvarande stor når det gjeld å tolka ting til å vera «normalt for ein ekstremist» — anten det gjeld Utøya eller det gjeld lingvistikk. Jamfør, når det gjeld det siste, debatten om Breivik sine nyord er psykotisk lalling eller — som Tørrissen/Aspaas hevda — språkleg kreativitet av typen «smørkrise» og «oskefast».

Tørrissen/Aspaas har sjølv indirekte sagt, gjenom eit spørsmål til Breivik den fyrste veka, at dei ikkje er ekspertar på ekstremisme. Og dei er neppe heller ekspertar på lingvistikk. Men det er til sjuande og sist Tørrissen/Aspaas’ sterke vilje til å tolka Breivik og hans univers som indre meiningsfyllt og samanhengande som, i kombinasjon med ein vilje til få ting til å passa i hop med ting dei ikkje kan so mykje om (les: ekstremisme og lingvistikk) som gjer at dei endar opp med å påverka Breivik til å — nettopp — endra på ordbruken sin.

Og då er det ikkje berre det at han sluttar å vera «pompøs»: Eg tolkar Breivik sin bisarre kommentar om at han ikkje banna medan han var på Utøya til å vera i eit slags samsvar med Tørrissen/Aspaas si interesse for normaliteten i Breiviks ordbruk.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Morten Andreas Horn

75 innlegg  2827 kommentarer

Enig

Publisert rundt 5 år siden
Leif Halvard Silli. Gå til den siterte teksten.

Og det som fyrst og fremst sprengjer biletet, er udådane på Utøya.

Helt enig, og det er nettopp dette poenget som, merkelig og dessverre, ikke har fått nok forståelse blant "ekspertene" i Breiviksaken. Det er mange som deler Breiviks analyser mtp. innvandring og "trusselen fra islam". Men ingen - så langt, og forhåpentligvis aldri - har gått til slike skritt som Breivik gjorde. Sammenklipte trusselbrev og hat-grafitti, javel. Noen skudd fra en forbipasserende bil, en bombe i postkassa, javel. Banke opp, kanskje drepe, en farget gutt på en høstmørk gate, javel. Kanskje til og med en ekte bombe som skader folk, eller et attentat mot en framtredende politiker på et folkemøte. Det er slikt en rasende høyreekstremist kunne finne på. Men det å gå reise ut til Utøya i fredstid, uten en eneste konkret trussel mot egen person, gå målbevisst rundt på øya gjennom flere timer og skyte vergeløs ungdom i hodet, til og med med "oppfølgingsskudd" - slik gjør ikke friske høyreekstremister. Om det gjør Breivik utilgregnelig i rettslig forstand vet jeg ikke, det er ikke mitt fag. Men det gjør ham sterkt, sterkt avvikende, og skiller ham fra de (iflg. Lars Gule) tusenvis av innvandringskritiske i Norge som deler Breiviks politiske ståsted.

Svar
Kommentar #2

Tove S. J Magnussen

478 innlegg  1913 kommentarer

Beregnende personlighetsforstyrrelse

Publisert rundt 5 år siden

A Be Br lyver lystelig om sitt liv og sine kunnskaper. Han er spenningstrigger og manipulerende. Han har en stort, kaldblodig ego.

Når han bevisst bygger seg opp for å finne "styrke" i doping, kan det ikke betengens som annet enn svært, overlagte handlinger.

At han kom i nærheten av de psykiatriske diagnosene, på sin vei mot tilitetgjørelsen av "seg selv" og mange andre, er ikke merkelig. Han ble betegnet som lett ruset på seg selv og de stoffene han fortærte underveis 22. juli. Med de pompøse visjonene for verden og hans person, kan noen og enhver miste forstanden (bakkekontakten) for en periode.

Godt planlagt vennskap, med den hvite garden på nettet, ble pleiet.

Gamle fordommer og svake, formelle kunnskaper blandes i en suppe av den usårbare alfahannen i rustning.

Svake, kvinner, muslimer, homofile, alle skal vekk.

Den kriminelle siden er lite diskutert. Det sies at den avtar med alderen. Vaner er vonde å vende.

De samarbeider ikke, de er besserwissere, primitivt opptatt av å dyrke frem seg selv i kloninger.

Jeg tenker at begge psykiatri-lag har mange, gode poenger. De har sett ham i hver sin fase av den tunge perioden etter 22. juli.

Alle kan vise sympati for andre, også venner, i vinningens øyemed, uten at det kan beskrives som empati.

 

 

Svar
Kommentar #3

Leif Halvard Silli

68 innlegg  589 kommentarer

Til Tove Magnussen.

Publisert rundt 5 år siden

Me har alle ansvar for vår eiga helse — òg den mentale. 

Men når det gjeld dopinga hans, so var eksperten frå Folkehelsa tydeleg på at han ikkje trudde Breivik kunne vera serleg sterkt påverka, korkje i rus eller agressjon, av dei stoffa han hadde teke.

Elles — når du snakkar om «den hvite garden på netter», «svake, formelle kunnskaper», «alfahannen» osb, so tykkjer eg du berre pøsar på med innhaldslause klisjear.  Det med kunnskapsporet har eg dessutan delvis har kommentert andre stader — eg har ikkje tru på det, det er for rasjonelt. Når det gjeld synet hans på kvinner: Kvifor vitna då eks-kjærasten til ein av venene hans om at han var so kjekk å snakka med?

Du ser ut til å meina at det berre er tilfeldig at Anders Behring Breivik endra seg då han hadde vore gjenom fem intervju med Tørrissen/Aspaas. Men mange andre av dei som ytrar seg til fordel for at Breivik er tilrekneleg, poengterar hyppig at Breivik er flink til å ta signal og til retta seg etter ting han vert fortald, og tolkar dette som teikn på at han er tilrekneleg.

Eg tvilar på det er slik at det at Breivik tek signal er noko teikn på at han er frisk. Men same kva: Ein kan ikkje få i både pose og sekk. Anten er Breivik ein som let seg påverka — og då må me tru at han like gjerne vert påverka av psykiatrar som av andre. Eller so er han den prinsippfaste karen han sjølv prøver å få det til.

Breivik prøver elles å framstå som unik og eineståande. Og eg trur ikkje at nokon gong har presentert ein slik «teori» som han har sett fram i «kompendiet» sitt. So klårt finn ein spor av mange haldningar der — ikkje minst frå høgreekstreme. Men at vitne og kommentatorar òg finn spor av revolusjonen på Cuba og Al-Qaeda, er for meg teikn på kor oppkonstruert det heile er.

Tak ein kik på VG-intervjuet med Vigrid-Tvedt: Tvedt påstår at Breivik er den valdelege kopien hans … men legg til:

«- Han er frimurer, det hater jeg. Han er kristen, det hater jeg. Han er sionist, det hater jeg. Han hater Hitler, jeg hyller Hitler. Han hyller Israels eksistens og mener det er kjernen i vår motstandskamp. Jeg mener Israels eksistens er en av de siste spikerne i vårt folks kiste.»

Tvedt har tydelegvis lese kompendiet grundig, og greier ganske godt å få fram kor paradoksal Breivik sin «teori» er. Verd å merka seg er det òg at Tvedt heller ikkje skriv under på Breivik sin vald.

Ekspertane må gjerne meina at høgreekstremisme alltid er usamanhangande. Men dei kan ikkje operera med eit syn som går ut på at alle sprø politiske aktørar er høgreekstremistar. Slik at for mitt vedkomande er det slik at Breivik heller ikkje i den «teorien» han presenterer er nokon typisk høgreekstremist.

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Njål Kristiansen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 5 timer siden / 1174 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 5 timer siden / 155 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 6 timer siden / 1174 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Randi TunIi kommenterte på
Er Gud urettferdig - tier Gud i dag - skjuler Gud seg?
rundt 6 timer siden / 183 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Asbjørn E. Lund kommenterte på
Intelligent Design kontra darwinisme
rundt 7 timer siden / 6188 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 7 timer siden / 1174 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 7 timer siden / 1174 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 8 timer siden / 1174 visninger
Les flere