Verdidebatt

Ei kyrkje utan meining

Statskyrkja måtte bort fordi staten ynskjer å handsama alle trussamfunna likt. Kvifor greidde ikkje politikarane å skilja seg frå statskyrkja på modernitetens grunn?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ei ordning med statskyrkje krenkjer i prinsippet den individuelle retten til å leva i eit sekulært samfunn der religion er ei privatsak. Òg åndsfridomen i samfunnet lid under at statsmakta blandar seg i religiøse saker. Det temmer og dresserer kyrkja, som toler nærleiken til staten like dårleg som pressa eller litteraturen.

Kunne vi tenkja oss journalistar som statstenestemenn? Eller litteraturval der fleir­talet avgjorde kven som skulle få skriva bøker i den neste fireårsperioden? Nei, men kvifor kan vi då tenkja oss prestar og biskopar som statstenestemenn og innsette etter demokratiske val? Berre av vane. Uvane.

Individuelle rettar . Når no statskyrkjeordninga vert oppløyst, er det vel for å tryggja individuelle rettar og åndeleg fridom? Kyrkja vert vel løyst frå staten som ein forseinka del av modernitetsprosessen? Gjennom sekulariseringa vert religions­vesenet trengt bort frå staten, som i staden for å vera instrument for religiøst formynderi vert eit apparat til å tryggja individuell fridom, i alle fall etter ideala.

Då den amerikanske konstitusjonen i 1789 etablerte ein sekulær stat, var eitt av motiva å verna dei einskilde innbyggjarane frå statleg religionstvang. Oppløysinga av den norske statskyrkja skulle venteleg òg vera motivert av ideala om individuell fridom for kvart einskilt menneske til å tenkja og tru etter eige hovud og hjarta og såleis vera eit av dei siste stega i sekulariseringa av samfunnet.

Fleirkultur og statskyrkje . Men slik er det ikkje. «Noreg har endra seg mykje i den seinaste tida», seier kyrkjestatsråden Rigmor Aasrud som ei grunngjeving for utskiljinga av kyrkja frå staten. Det er altså ikkje slik at det er noko prinsipielt gale med statskyrkjeordninga. Det har berre skjedd noko den seinaste tida.

Amerikanarar, franskmenn og tyrkarar var altfor tidleg ute med det sekulære statsvesenet sitt. Det er fyrst no at slikt har vorte naudsynt. Etter statsråden er årsaka til skiljet mellom stat og kyrkje at Noreg har vorte eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn, og at det difor ikkje er naturleg at staten har éin religion.

Resakralisering . Skiljet kjem altså ikkje for den individuelle fridomen si skuld og ikkje som ein lekk i sekulariseringa. Statskyrkjeordninga vert skrota for religionane si skuld, det vil seia på grunn av innvandringa, som har gjort samfunnet fleirreligiøst.

Det er dette fleirreligiøse som skal ha tvinga fram reforma, som med ei slik årsaksforklaring vert lekk i ei resakralisering av landet. Statskyrkja måtte bort fordi staten ønskjer å handsama alle trussamfunna likt, særleg dei nyaste, og ikkje fordi religion i det statlege rommet innskrenkar den individuelle fridomen.

Denne grunngjevinga ber vatn til dei møllene som mel på alle trugsmåla mot «den norske kulturen». No har dei framande teke statskyrkja frå oss òg. Fleirreligiøse skal vi vera, anten vi vil eller ikkje. Kvifor kunne vi ikkje få vera oss sjølve? Kunne det ikkje ha fått vera ei reform for den einskilde si skuld, same kva han eller ho trur på? Greidde ikkje politikarane å skilja seg frå statskyrkja på modernitetens grunn?

Retorisk skilje . Forresten stemmer det ikkje at kyrkja no faktisk vert skild frå staten. Det ein gjer, er å endra litt på ordlyden i Grunnlova, slik at staten ikkje lenger får vera direkte truande. Men prestane skal framleis vera statstenestemenn og lønte av den vantru staten. Heile den kyrkjelege administrasjonen skal framleis vera ein del av statsadministrasjonen. Gjennom den nye valordninga, og ei eiga kyrkjelov som enno ikkje er ferdig, vil staten halda på den kontrollen over kyrkja han er vorten van med gjennom snart åtti års sosialdemokrati.

Van med kontroll . Og slik som staten er vorten van med å kontrollera kyrkja, er kyrkja vorten van med å verta kontrollert av staten. Når ein les innsetjingspreika til preses Helga Haugland Byfuglien frå Nidarosdomen i fjor, skjønar ein at staten ikkje treng å frykta noko frå den vesle formelle fridomen kyrkja no får.

Den nye preses i Den norske kyrkja presenterte seg for ålmenta med ei preike som var kjemisk reinsa for kvar ei utsegn som ikkje heile regjeringa og alle medlemene i alle dei tre regjeringspartia kunne ha skrive under på.

Utan meiningar. Den nye kyrkjeleiaren er imot mobbing og for ei «fargerik kyrkje»; ho er òg imot slankehysteri og at vi er altfor sterkt opptekne av pengar og ting og slikt; ho har medkjensle for dei svake og nedstemde og meiner at folk ikkje må plaga seg med for høge krav til seg sjølve. Når det gjeld det religiøse, slår ho til med denne kraftsatsen: «Fuglesangen er en lovsang til Gud som har skapt alt.»

Nærare provokasjonen kjem ho ikkje. Heile den kringkasta preika er utan meiningar og vitnar om ei kyrkje utan meining. Med slike biskopar kan kyrkjestatsråden trygt oppheva embetet sitt.

INNLEGGET, SOM FØRST BLEI TRYKT I DAG OG TID, ER I DAG OGSÅ PUBLISERT I PAPIRUTGÅVA AV VÅRT LAND

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt