Verdidebatt

Kvifor har "Jeremiadane " stilna?

Profeten Jeremia er særleg kjend for sine klagesongar over tilstanden i Israel. Det er merkverdig kor lite dei som hyller Israel tek opp dei moralske sakene Jeremia og dei andre profetane brende for!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Me som vaks opp med bibelsoga og kartet over Jødeland på veggen, vart vel glade i jødefolket.

Men me tenkte vel ikkje so mykje over forkynningi til profetane.

Men rektor på "Statens Lærerskoleklasser i Bergen", teologen og musikaren Ivar  Benum, med sine grundige stensilar om forkynningi til profetane gjorde eit varande inntrykk på meg. Han la mykje vekt på deira alvorlege moralske forkynning,- tru og moral høyrer ihop.

Seinare møtte eg noko av det same  i førelesingane til den framståande professor Arvid S. Kapelrud  om profeten Amos,- ogso gjennom hans "Central Ideas in Amos".

Desse sterke impulsane kom til å prega mitt syn på Israel som "Guds folk".

Eg har etterlyst kvifor dei som hyller Israel nokso einsidig, so å seia hoppar over profertane og jeremiadane  mot det moralske forfallet i Israel!

Eg kan nemna organ som Norge Idag og Dagen, KRF- leiarar som Karl Johan Hallaråker , og organisasjonar som MIFF.-

Når me stendig kan lesa om rettsaker mot israelske leiarar, abortpresset i IDF, og moralske tilstandar i ymse miljø i Israel,- kan me undrast på kva Jeremia og Amos && vilde ha forkynt idag!

Meiner dei at Israel har fått landet av Gud, er dei forplikta på profetordet og!

Mine små "jeremiadar" provoserer ymse grupper.  Men dei er resultat av at "de som vakt burde være" teier eller snakkar bort alvoret, sett i lys av den profetiske arven!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt