Rolf Kjøde

33    69

Nødvendig endring

Endringa av Grunnlovas § 2 er nødvendig. Den konfesjonsbundne staten var mulig i eit kulturelt eintydig samfunn. I det liberale, mangfaldige demokratiet måtte ein finne ein annan måte å uttrykke statens verdiforankring på. Etter mitt skjønn har forliket i Stortinget treft godt.

Publisert: 21. mai 2012 / 1121 visninger.

Den gamle paragrafen kunne forståast både som ei særskilt binding mellom staten og eitt trussamfunn og som ei verdiforankring i ei spesifikk kristen lære. Ingen av forståingane har likevel hatt noko å seie for lovgjevinga. Dommen mot Børre Knudsen legg som premiss at den gamle § 2 andre ledd ikkje var bindande for Stortinget i lovgjevinga men gjaldt det forvaltingsmessige forholdet til staten over kyrkja. I tillegg slo Høgsterett fast at det kan settast tvil om den private retten til å ta livet av barnet i mors liv ikkje var i strid med evangelisk luthersk lære. Den nye formuleringa er viktig ved at den avset statens ukvalifiserte instansar når det gjeld spørsmålet om kristen lære.

Samtidig held den nye paragrafen fast ved ei nasjonal sjølvforståing som knyter oss til dei kristne og humanistiske verdiane slik vi har fått dei overlevert i vår historie. Her velger Stortinget ein mykje tydelegare veg enn EU som i årevis har stridd internt i spørsmålet om å vedkjenne seg Europas sterkaste kulturelle kraft i snart 2000 år. Samanstillinga av kristen og humanistisk fordrar også ei open forståing av humanistisk med røter tilbake til gresk/romersk arv og til 1400-talets renessanse i det det kristne Europa. Det peikar mot ein lengre og breiare straum enn den nyare sekulære humanismen. Denne lange historiske linja blir også klart med ordbruken “arv”. Med tanke på den sterke sekulariseringskrafta i media og politikk i landet vårt, er dette etter mitt skjønn eit svært godt resultat av den politiske prosessen. Bandet mellom statsmakt og kyrkjemakt blir løsna, med dei modifikasjonane som kjem i § 16. Samtidig vedkjenner statens seg å vere del av ein historisk og verdimessig arv som § 2 forpliktar styresmaktene på å vere seg bevisst også når vi no er over i det liberalt mangfaldige demokratiet.

Grunnlova er til for staten, ikkje for kyrkja eller for evangeliet. Kritikk frå nokre kristne grupper om at Jesus blir tatt ut av Grunnlova, er verken truverdig eller ryddig. For det første er ikkje Jesus nemnt i den paragrafen som no går inn. Dernest, og viktigast, må velmeinande kristne gi på båten det gamle konstantinske mønsteret med staten som krykke for kyrkja og evangeliet. Kristne menneske skal vise respekt for styresmakta, fordi ho har si teneste frå Gud. Men kristne menneske skal ikkje forvente noko eller krevje noko frå statsmakta i evangeliets teneste. Til det har Gud sendt oss sin Ande og skapt seg eit folk ved trua.Han har gitt oss Guds ord, bønnene, fellesskapet og nattverden. Det er nok.

Om eg er trygg på endringa av § 2, er eg meir usikker på § 16. Vi får ved § 2 ein stat fristilt frå eit bestemt trussamfunn – men kopla til berande verdiar i den jødisk/kristne og den gresk/romerske arven. Det er godt. Men eg spør om vi ved § 16 får ei kyrkje like bunden til staten som no. Vi høyrer tydeleg og framleis det politiske maktspråket som pukkar på statens demokratikrav til kyrkja og set trugsmål bak talen sin. Kyrkja får fridommen sin frå staten og på statens premiss. Dette er ikkje bra ut frå prinsipiell vurdering.

Det ganske moderne uttrykket “folkekyrkje” skal no inn i Grunnlova. Det er eit risikoprosjekt i eit dokument som skal ha generasjonar som horisont i formuleringane sine. Ein kyrkjeleg og fagleg leiande sosiolog som Knut Lundby slår fast ei folkekyrkja berre er til stades i den grad ho har ein trygg majoritet av folket bak seg. I England er dette ikkje lengre situasjonen for Church of England. I Sverige mister Svenska Kyrkan medlemmer i ein rytme som fører raskt nedover i tilslutning. Den norske kyrkja opplever allereie at under halvparten av ekteskapa i landet blir inngått der og ein konfirmasjonsprosent som no er rundt 65. I hovudstaden blir langt under halvparten av borna døypte. Har lovgjevarane tenkt gjennom kva som skjer når det ikkje er grunnlag for omgrepet “folkekyrkje” lengre?

Truleg er koplinga av §§ 2 og 16 så langt ein kunne kome no om vi tenker realpolitikk. Det er likevel grunn til å peike på den maktviljen og politiske kyrkjeideologien som framleis kjem til uttrykk ved politikarane sin måte å innføre folkekyrkja som ein ny skapnad i Grunnlova. Og det vitnar om for lite oppbrot frå konstantinsk tenking at Den norske kyrkja ikkje er meir kritisk til desse politiske premissa.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Per Traasdahl

67 innlegg  1534 kommentarer

Så spørs det da

Publisert rundt 5 år siden

om det var staten som ble kvitt kirka, eller kirka som ble kvitt staten.........

Svar
Kommentar #2

Odd Haugerud

11 innlegg  32 kommentarer

Enig

Publisert rundt 5 år siden

Jeg er helt enig i det Rolf Kjøde skriver.

Svar

Siste innlegg

Ett av flere verktøy
av
Tom Arne Møllerbråten
rundt 7 timer siden / 78 visninger
1 kommentarer
Ingen bestillingsvare
av
Olaug Bollestad
rundt 7 timer siden / 113 visninger
1 kommentarer
Når politikken blir grå
av
Emil André Erstad
rundt 8 timer siden / 130 visninger
1 kommentarer
Snakk om Gud
av
Ingvild Hellenes
rundt 9 timer siden / 102 visninger
1 kommentarer
Tøv om logikk
av
Gunnar Ree
rundt 10 timer siden / 183 visninger
12 kommentarer
Nå har vi det gående...
av
Tore Olsen
rundt 11 timer siden / 137 visninger
2 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Politikk og verdier
rundt 2 timer siden / 262 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Dan-Thomas Tveita kommenterte på
Alt vi ikke vet: om Gud og kirkeretten…og om en dåres gudstro
rundt 2 timer siden / 1558 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 3 timer siden / 1163 visninger
Les flere