Anne Viken

39    32

Når eg arvar gard, skal den bli feriehus.

Takk til elendige bondelønningar og dumpingpris på landbrukseigedomar.

Publisert: 18. mai 2012 / 751 visninger.

Genetisk bondelotteri. Eit vanleg argument du får høyre, er at om du ikkje vil ha garden, må du selge slik at ein ivrig ung entusiast kan få realisere sin bondedraum på din odelsgard. Stadig kan ein lese i avisa om unge, ivrige som ikkje får tak i gardar. Det er ingen gardar til salgs og dei må leite i årevis før dei endeleg får kjøpt eit odelsbruk. Det er eit forferdeleg problem at bondeætta byfolk sit og ruger på gardar ute på landet. Lys i alle hus, er eit slagord. Selg garden din til ein som vil drive den er moralen. Den er i grunn ganske latterleg når ein ser på omstendighetene rundt.

LES OGSÅ MITT INNLEGG: DIFOR BLIR EG IKKJE BONDE

Eg kunne ha hjelpt ein av desse, ein gong i framtida. Kanskje selge dei min odelsgard. Men nei. Det har eg ikkje tenkt å gjere. For i Norge er det prisregulering på landbrukseigedomar. Dette betyr at du må selge til fastsett dumpingpris.

Og kvifor er det dumpingprisregulering? Fordi du tjenar så lite pengar på å drive gard at om du måtte betale mykje for å kjøpe den, kunne du aldri ha gjort det. Garden skal altså selgast til nokon som ønsker seg eit dyrt hobbyprosjekt. Sirkelen er slutta. Den er patetisk.

Likevel er vi rasande på alle desse fæle folka som sit og ruger på gardar dei ikkje driv, men eg forstår dei godt, desse rugarane. Eg har tenkt å bli ein slik sjølv. Korleis ellers skal eg kunne skaffe meg ein slik stor hage med slik utsikt, eit så stort hus på landet som ligg så fredeleg til? Det er ikkje mogeleg å selge garden og kjøpe seg noko tilsvarande grunna prisreguleringa. Og nei, eg har ingen medfølelse med dei som ikkje får kjøpe seg gard, like lite som dei har medfølelse med at eg ikkje har råd til hytte på Sørlandet.

Eg lurer på kva folk hadde sagt om dei ikkje fekk lov å selge kåkane sine i Bergen for meir enn ein million. Kåkar dei har brukt to millionar på å pusse opp og som har vore i familien sidan 1600-talet.

Sel eg garden, har eg på grunn av prisreguleringa verken råd til kåk i Oslo eller hytte på Sørlandet likevel. Eg driv ikkje sosial bistand til folk som vil ha gard. Eg vil ha feriehus som alle andre. Slik tenker mange, og eg forstår dei godt.

Når den norske stat har vore dum nok til å dele ut ein gard til meg i den augneblinken eg vart unnfanga, får dei leve med konsekvensane. Etterpå snakkar dei om «avfolkningsproblematikk på bygda» og at «folk vil ikkje selge gardane sine» medan ein forsvarer prisregulering og odelsrett. Reknestykket går ikkje opp. Så kjem naboane viftande med peikefingeren og moralen sin og snakkar om plikta du har til å produsere mat i ei verd som svelt. Men så lenge eg ikkje får betalt for jobben eg gjer som bonde, har eg inga plikt å produsere mat, sjølv om verda svelt aldri så mykje. Då vil eg heller drikke vin og nyte sola på min nedlagde odelsgard. Eg vil også køyre BMW.

Landet gror igjen. Det er forferdeleg, roper Lars Peder Brekk. Vi vil ha billeg mat, brøler forbrukarane. Ute på min odelsgard høyrer eg ikkje denne støyen. Her har vi hagefest.

Løysinga er enkelt. Den ligg oppe i dagen på opa mark: Opphev odelslova, slepp prisane fri. Å endre odelslova krev vedtak i Stortinget, å sleppe prisane fri krev sunn fornuft.

Så lenge du ikkje tjener ei krone på å vere bonde, blir eg ikkje bonde. Så lenge ein ikkje får selge garden til det den er verdt, sel eg ikkje. Så lenge ingen betaler meg for å rydde skogen, skal den få vekse i fred. Konklusjonen er rasjonell, i tråd med norske lover og reglar. Å kjøpe gard til dumpingpris er ingen menneskerett. Å selge den til slik ein pris, er inga plikt. Eit tåpeleg reglement har gjort dette til ein rasjonell beslutning for mange odelsungar.

Eg oppfordrar alle odelsbønder til å følge mitt eksempel. Legg ned, drikk vin og hald hagefest midt i bushen. Gå på hjortejakt om det passar seg, fisk i elva. Lat låven gjerne ramle ned. Du har intet ansvar for turistanes utsikt vert ødelagd. Ingen kan klage på det. Du har inga plikt å selge, du har inga plikt å drive eller halde kulturlandskapet ope. Du har hatt genetisk flaks og denne flaksen pliktar du å nytte til din fordel. Så lenge gardar er så lågt takserte at ein ikkje kan kjøpe seg verken hus eller leilighet for slagssummen, har det inga hensikt å selge det som genetikken har tildelt deg.

Eg har trekt eit flakslodd i eit grunnlovsfesta genetisk lotteri. Takk, norske stat, for denne fine feriestad. Den norske stat kan på si side takke dei elendige bondeinntektene for at gardar vert lagt ned. Etterpå kan dei takke odelslova og prisreguleringa for at desse nedlagde gardane ikkje vert lagt ut for salg.

Trykt i VG 16.mai

Høyr Dagsnytt 18-debatten mellom underteikna, Lundteigen og ein Frp-kis om denne VG-kronikken.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Lars Randby

159 innlegg  5721 kommentarer

Vel der ligger jo svaret

Publisert rundt 5 år siden
Anne Viken. Gå til den siterte teksten.

Det har eg ikkje tenkt å gjere. For i Norge er det prisregulering på landbrukseigedomar. Dette betyr at du må selge til fastsett dumpingpris.

Du er like opptatt av penger og egen vinning som alle oss andre. Hva får deg til å tro at vi andre som streber etter økte verdier skal sympati for din økonomi og bondevelstand eller bondeuføre som du nok heller vil kalle det.

Som du sier driver du ikke sosial bistand til andre. Kan du forklare meg hvorfor vi andre skulle gjøre det når det kommer til din økonomi. Brett opp ermene og tjen penger på garden din eller gjør den om til feriehus.

Men hva betyr egentlig det? Det som dyrkes i bolighus er som oftest stueplanter og noen ganger ser det ut til noen får ideen om å dyrke dop der. Men mye Krise for matauken av at en bonde slutter med stueplanter blir det neppe.

Mulig du liker veldig stor gressplen utenfor feriehuset ditt, det vet jeg ikke mye om. Men jeg går ut fra at du ønsker dette og ikke å leie ut jordlappene dine til noen som ønskser å drive dem. Hvis det ikke er noen som ønsker å drive dem så stiller vel saken seg annerledes. Da syter du egentlig over at du har rett på å arve et ubrukelig bruk om ikke staten gir deg penger og i mitt hode er jo det sosial bistand som du selv mener er en uting.

Svar
Kommentar #2

Torstein Langesæter

177 innlegg  5570 kommentarer

Publisert rundt 5 år siden
Anne Viken. Gå til den siterte teksten.

Eg har trekt eit flakslodd i eit grunnlovsfesta genetisk lotteri

Du er verkeleg flink å ordleggja deg.

Sitat :

"Legg ned, drikk vin og hald hagefest midt i BUSHen"

Tidene vil forandra seg og ingen med litt gangsyn sel garden sin.

Du gjer rett. Behald han og ha godt samvit.

Ein gard ved sjøen vart nett seld for 4,5 mill her nær Lofthus.

http://www.finn.no/finn/realestate/homes/object?finnkode=34626642

I forhold til eit kott inne i Oslo burde taksten vera 100 millionar.

Jenta mi kjøpte leilighet på 70 Kvm i Bogstadveien til 3,3.

Svar
Kommentar #3

Olav Nisi

145 innlegg  4830 kommentarer

Nå også Hydro- ansatte

Publisert rundt 5 år siden

Nå må det bli slutt på denne subsidieringa.  Jeg er eksempelvis lei av å sponse aviser og de som eier og skriver i dem.    Pressestøtte er noe tøv.  Kan ikke de som leser side opp og side ned om fotball selv betale hva det koster å lese om galskapen sin  ?  Nå skal de forsyne meg støtte arbeidsplasssene i Norsk Hydro også.  Det er noe med energien til produksjon av aluminium som  er blitt for dyr. Så ikke arbeidsplassene forsvinner til Kina.  Og nå som det går så greit å nave og all ting.  Helt unødvendig.  Sveits driver  også med denne idiotiske landbruksstøtten hører jeg,  på høyde med Norge omtrent.  Ja nok penger er ikke det samme nok vett, det har jeg alltid sagt.

Svar
Kommentar #4

Kjellrun Marie Sonefeldt

157 innlegg  1332 kommentarer

Odelsloven.

Publisert rundt 5 år siden

Det er noen år siden jeg fulgte jordbrukspolitikken med tanke på å fremme økologisk drift,som vel de Grønne er mest pådriver for. Men jeg husker da at en Senterpartipolitiker satte store ord på ønsket om å fjerne Odelsloven. Det var vel med tanke på at flere forpaktere av odelsjord skulle få anledning til å kjøpe.   Neste skritt ville kanskje blitt tvangsavståelse av tidligere odelsjord for å gjøre gårdene større.

Svar
Kommentar #5

Elias Per Vågnes

235 innlegg  10902 kommentarer

Heilt einig

Publisert rundt 5 år siden
Anne Viken. Gå til den siterte teksten.

Opphev odelslova, slepp prisane fri.

men set krav om driveplikt. Det viktigaste er ikkje at det er slekta som eig garden, men at den som eig garden tar vare på dei verdiane som ligg i velstelte gardar og bygdekulturen.

Eg gret ikkje over arvingar som meiner dei ikkje får den rikdommen dei fortener. Stort sett har dei arva desse verdiane utan å legge to pinnar i kors.

Også samfunnet har arva desse verdiane, men på ein litt anna måte enn å omsetje eigedom til kontantar.

Svar

Siste innlegg

Ett av flere verktøy
av
Tom Arne Møllerbråten
rundt 7 timer siden / 78 visninger
1 kommentarer
Ingen bestillingsvare
av
Olaug Bollestad
rundt 7 timer siden / 113 visninger
1 kommentarer
Når politikken blir grå
av
Emil André Erstad
rundt 8 timer siden / 130 visninger
1 kommentarer
Snakk om Gud
av
Ingvild Hellenes
rundt 8 timer siden / 102 visninger
1 kommentarer
Tøv om logikk
av
Gunnar Ree
rundt 10 timer siden / 183 visninger
12 kommentarer
Nå har vi det gående...
av
Tore Olsen
rundt 11 timer siden / 137 visninger
2 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Politikk og verdier
rundt 1 time siden / 262 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Dan-Thomas Tveita kommenterte på
Alt vi ikke vet: om Gud og kirkeretten…og om en dåres gudstro
rundt 2 timer siden / 1558 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 3 timer siden / 1163 visninger
Les flere