Verdidebatt

Ekteskap og samliv i lovverket

Det er ikkje lett å læra av historia. All PR er ikkje god PR. Det er kort oppsummering etter framlegginga frå programkomiteen i KrF av første utkast til neste stortingsprogram. Men godt vi har ein partileiar som hurtig evna å rydda opp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Programkomiteen i KrF fekk sanneleg merksemd om sitt første utkast til neste stortingsprogram. Men det er eigentleg utruleg korleis ein kan rota det til både for seg sjølv og for andre. Men la det vera sagt: Vi skal syna respekt for komiteen sin intensjon om å finna løysingar på vanskelege dilemma omkring ektskapslovgjevinga.  Likevel må vi få lov å seia at resultatet var ikkje det største politiske handverket. Som tillitsvald i partiet får eg vera med å gje til kjenne mine vurderingar på fleire plassar i prosessen. Difor har eg venta litt også med å kommentera saka offentleg for mykje. Men eg tillet meg nå å leggja fram nokre av mine tankar. Dei er ikkje nye. Eg kommenterte på liknande måte før partnarskapslova blei vedteken.

Eg ønskjer at lovverket skal stadfesta den juridiske relasjonen mellom ei kvinne og ein mann med nemninga ekteskap, og dei følgjene det så må ha i lovverket på relaterte område. Både prinsipielle grunnar og tusenårig historie med ulike kulturar, tru og livssyn gjev gode grunnar for det. Difor er det ein prinsipiell skilnad mellom dette synet på ekteskapet og den kjønnsnøytrale lova vi har idag. Eg skal ikkje her ta med vurderingar om kva kulturpolitiske konsekvensar den nye lova vil få for generasjonar som kjem. Eg skulle ønskja at fleire politiske parti ville snu.

Ekteskapet er ei samfunnordning og ikkje ei kyrkjeordning. Vi lærde også i skulen (då eg var barn) at dette ekteskapet er grunncella i samfunnet. At ekteskapet må definerast i samfunnet og ikkje berre er ei trussamfunnssak, tør også vera klart. For KrF som kristeleg verdiparti, ville jo noko anna også vera sjølvutslettande. Eg håpar ingen finn på å rokka ved dette i partiet. Skulle folkemeininga vera annleis, bør ingen tru at oppheinga av ekteskapet mellom kvinne og mann blir valmagnet for KrF.

Staten må også finna ordningar i lovverket for to som vil leva annleis - sambuarar eller i lesbisk eller homofilt samliv. Her har ein diverre korkje i kyrkje og bedehus eller i deler av partiet tala like klokt alltid. Det vil ikkje skada å gå gjennom argumentasjon og premisser som har vore brukt gjennom åra. Vi kan ikkje overføra talen i det kyrkjelege rom - om kva som er kristeleg etisk rett - til statens lovordning. Då endar vi i det eg vil kalla kristeleg sharia-tenking. Både av omsyn til partnarane og born i forholdet er det viktig at staten har ryddig lovverk. I samfunnet skal vi alle leva i respekt for kvarandre utan diskriminering.

Norsk lovverk gjev trus- og livssynssamfunn rett til å føreta vigsel. Det er mange diskusjonar om det etter at landet fekk den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Det er ein premiss ved innføringa av den lova som mange nå synest å gløyma: Fleire parti som utgjorde fleirtal for den nye lova, understreka den gong trussamfunns rett til å halda på sin to-kjønna vigselsliturgi. Etter mi vurdering er difor denne ordninga del av det norske vigselslovverket. Her håpar eg at fleire parti vil gå med KrF i kampen for å verna om denne retten utan å driva politisk press for å få endring.

Som sagt er dette vesentlege poeng i mine vurderingar om korleis kristen politisk tenking kan legga løpet for ekteskap og samliv i lovverket. Eg håpar at det endelege stortingsprogrammet endar opp med eit offensivt opplegg som klokt inkluderer alle.

Karl Johan Hallaråker, teolog og leiar i Bergen KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt